Debatt ● Per Eilif Thorvaldsen

Utan ingeniørar, inga danning

Til hausten skal eg undervisa ingeniørstudentane mine i eit ex.phil.-emne dei meiner er fullstendig irrelevant og bortkasta. Er det det?

Kronikkforfattaren held Helmer Dahl-boka si i eit fast grep: — At ungdom ikkje skjønar at dei berre er ein del av ein historisk prosess som dei burde læra meir om, kan eg kanskje forstå, skriv han. — Men at lærarane bakkar dei opp ved å utføra den mest kjende øvinga i akademia, omkamp, gjer meg fortvila.
Publisert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Eg elskar å snakka med dei daude. Særleg når dei får meg til å tenkja. 

Eg sit i sola på ein benk i Marbella og har ferie. Vel, eg sit og les Helmer Dahl si bok Teknikk, kultur, samfunn. Kven var Helmer Dahl? Kort fortalt var det han som bygde landet etter siste verdskrig. Under krigen var han radarforskar og seinare pådrivar for radiolinjesamband og fjernsyn i Noreg. Han var særskilt opptatt av teknologien si rolle for framvekst av kultur og samfunn. Kort sagt: utan teknologi er verken samfunn eller kultur mogleg.

Til hausten skal eg undervisa i «ex.phil. light» for ingeniørstudentane mine, eit nytt innføringsemne i akademisk danning, og treng åndeleg påfyll og ammunisjon frå Helmer Dahl. Studentane meiner at emnet er fullstendig irrelevant og bortkasta. 

Er det det?

Dahl byrjar forteljinga med den eurasiske oldtidskulturen. Grunnlaget for den er vatningsanlegga. Utan kunstig vatning kunne ein ikkje ha produsert mat i overflod. Med overflod kjem samfunnsutvikling med overklassa som kan leva utan å arbeida og sysla med kultur i staden for. Dei kan bruka tida til å byggja monument over seg sjølve. Pyramidane er det synlege bevis på velstand som teknikken har brakt fram.

Så er det dei gamle grekarane. Kva har dei bidrege med? Dei snakka ned teknikk og handverk. Aristoteles skreiv i Politika (IV, 3) at han ikkje anerkjende handverkaren i den ideale statet. Dei var sosialt mindreverdige. Aristoteles vart slik far til dei to kulturar, humaniora versus naturvitskap, som me framleis slit med den dag i dag. C.P. Snow sa i si kjende førelesing om dei to kulturane i 1959 at det var like viktig å kunne termodynamikkens andre lov som å lesa Shakespeares sonettar. 

Heller ikkje studentane mine er særskilt interessert i teknologisk historie sjølv om dei skal verta teknologar. Kanskje dei umedvitne har akseptert Aristoteles dom?

Per Eilif Thorvaldsen

Seksti år etter ser det ut som om Aristoteles ideal framleis er det rådane.

Eg sit fjetra og les om korleis teknologi opp gjennom historia har vore pådrivar for samfunnsutviklinga. Velstand, økonomisk vekst og fråvær av svolt og naud hadde ikkje vore mogleg utan teknologi. 

Helmer Dahl viser til ein rekkje små steg i utviklinga som har fått stor verknad. Stigbøyelen, til dømes, sytte for at mongolane kunne skyta frå hesteryggen med stor presisjon og slik invadera Europa. Gutenberg sine presisjonsstøypte typar saman med spesialutvikla sverte gjorde det mogleg å trykka og spreia kunnskap til heile Europa. Dampmaskina fekk meir energi til produksjon enn det dyr og menneske kunne gjeva. I tillegg kunne ein med vass- og jarnvegar plassera maskinene der dei trengde dei uavhengig kvar drivstoffet kom frå.

Så er det det faktum at teknologien ikkje kan verta vedteken eller styrt. Han berre skjer. Atombomba, datamaskina, internett og kunstig intelligens er gode døme på det. Teknikken er sjølvkontrollerande i motsetning til humaniora og naturvitskap. Me diskuterer framleis Platon sin filosofi sjølv om han er fullstendig avleggs og brukar Newtons gravitasjonslov sjølv om Einstein si er betre. Teknikken derimot vert nådelaust dømt her og no. Anten verkar han eller så verkar han ikkje. Av den grunn vert teknologien sjølvsagd og difor «usynleg» for oss.

Kvifor vert teknologien si rolle for historia si utvikling ikkje påpeika og framheva? Ifylgje Dahl av den enkle grunnen at historikarar ikkje er interesserte i eller forstår teknologi. Det finst bibliotek fylt til randa med litteratur om Napoleon medan datamaskina sin far Claude Shannon er det knapt nokon som veit kven er. 

Når det gjeld teknologi vert det mest enkel kronologi og biografi. Ingen, med unntak av Dahl, fortel oss den sosiokulturelle rolla til teknologi. Heller ikkje studentane mine er særskilt interessert i teknologisk historie sjølv om dei skal verta teknologar. Kanskje dei umedvitne har akseptert Aristoteles dom om ikkje å få sleppa inn i den ideelle staten og heller spela rolla som slavar og samfunnets dosarar?

Så vert eg forstyrra av eit push-varsel. Eg opnar telefonen. Dette mirakelet som inneheld hundre og femti års teknologihistorie pakka saman på ein slik måte at ingen lenger forstår korleis han verkar. 

Eg les Khrono-artikkelen Frykter akademisering av ingeniørstudiene. Der er studentane mine redde for at 2,8 prosent av utdanninga deira brukt på ex.phil. light kan øydeleggja utdanninga deira. Dei vil ikkje utvida sitt eige perspektiv. 

At ungdom ikkje skjønar at dei berre er ein del av ein historisk prosess som dei burde læra meir om, kan eg kanskje forstå, men at lærarane bakkar dei opp ved å utføra den mest kjende øvinga i akademia, omkamp, gjer meg fortvila.

Heldigvis har eg med ein anna bok. Eg opnar Shakespeare sine sonettar. På eine sida originalteksten og på andre sida omsett til nynorsk basert på 1912-reforma. Ved å samanlikna dei to tekstane klarar eg å dechiffrera sonettane og eg føler meg som eit heilt menneske.

Powered by Labrador CMS