Siste fra forsiden:
Siste fra forsiden:
- Siste
- Mest lest
Det odontologiske fakultet
Tapte pasientinntekter og kutt i tilskot forverrer den allereie anstrengte økonomien ved Det odontologiske fakultet.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Det odontologiske fakultet (OD) ved Universitetet i Oslo har lenge vore i økonomisk uføre.
Ved utgangen av 2019 vart det etter prognosene varsla om eit underskot på 22 millionar kroner.
Koronapandemien har gjort vondt til verre. Stengte tannklinikkar gir anslagsvis eit tap på over 18 millionar kroner i pasientinntekter i år, opplyste dekan Pål Barkvoll tidlegare denne månaden.
— Bortfallet av pasientinntekter på grunn av koronasituasjonen har ført til at fakultetet er i ein alvorleg økonomisk situasjon, sa Barkvoll til Khrono.
Dette har ført til at underskotet, eller meirforbruket som det også blir kalla, vil gå opp. 54 millionar kroner er talet som vert brukt for 2020, ifølgje verksemdrapporten for dei fire første månadane i år. Den skal opp på UiO-styremøtet tysdag.
Det var Uniforum som først omtalte saka.
Det økonomiske uføret gjer at styret tysdag blir bedne om å vedta eit forslag om at universitetsdirektør Arne Benjaminsen skal setje i verk strakstiltak for å følgje opp den økonomiske situasjonen ved OD.
Dekan Barkvoll stadfestar at underskotet kan hamne på 54 millionar kroner.
– Ja, viss vi ikkje gjer noko no, så kan vi nå opp i det talet. Difor ser eg fram til at vi no skal samarbeide med universitetsleiinga for å få ned underskotet, seier Barkvoll til Uniforum.
Dei tapte pasientinntektene er ein av årsakene til det store underskotet. I tillegg har koronapandemien gjort det naudsynt å byggje om klinikkane for at dei skal kunne følgje smittevernreglane.
Ei anna viktig årsak, er at OD får redusert tilskotet frå Helsedirektoratetet til spesialistutdanninga med to millionar kroner per år frå 2020.
Dette var eit av punkta universitets- og fakultetsleiinga sette opp som tiltak for å betre den økonomiske situasjonen i fjor - nemleg å forhindre kutt i dette tilskotet.
Dekan Barkvoll trur det blir vanskeleg å få inntektene på rett kjøl att, dersom koronatiltaka held fram.
– No håpar eg at situasjonen normaliserer seg, slik at vi kan få studentane tilbake fysisk. Då kan me også få inn pasientinntekter, ja, kanskje til og med auke behandlingstilbodet, for å få tatt inn etterslepet, seier Barkvoll til Uniforum.
Ifølgje sakspapira er universitetsleiinga, med direktør Arne Benjaminsen i spissen, i ferd med å forfatte eit eige brev til Kunnskapsdepartementet om den økonomiske situasjonen til Det odontologiske fakultet og Kunsthistorisk- og naturhistorisk museum.
Benjaminsen anslår at dei samla ekstrautgiftene som Universitetet i Oslo har hatt som følgje av koronapandemien, vil ligge mellom 90 og 280 millionar kroner i 2020.
Verksemdrapporten er berre ein av fleire saker som skal opp på universitetsstyremøtet tysdag. Det går føre seg digitalt på Zoom mellom kl. 10-16.
Nylige artikler
Har mottatt 56 klager etter Israel-uttalelsen som skapte mediestorm
OsloMet inngår forlik etter ulovlig printeravtale
Polarisering, sikkerhetstiltak og økende kontroll truer akademisk frihet
Fridtjof Nansens Institutt lander avtaler med Utenriksdepartementet
90 prosent av studentene slipper. Nå kan flere måtte betale studieavgift
Mest leste artikler
Disse studiene ble ikke valgt av noen – derfor står studieplassene tomme
Vi forbereder studentene på en verden som ikke eksisterer
Disse studiene har bare kvinner satt øverst på listen
Epstein hjalp diplomatsønn med å søke studieplass på universitet
Vil endre reglar for opprykk og rekruttering av forskarar