sosial mobilitet

Vil ha meir om utjamning av sosiale skilnader inn i lærar­utdanninga

Barn av foreldre med låg utdanning har eit dårlegare utgangspunkt enn andre barn, og dei sosiale skilnadene aukar utover i utdanningsløpet, viser ny rapport.

Ein klarar ikkje å gjera noko med den sosiale mobiliteten gjennom eit utdanningsløp, skilnadane aukar faktisk utover i utdanningsløpet, seier Katrine Vellesen Løken, professor i samfunnsøkonomi.

«Barn av foreldre med lav utdanning har i gjennomsnitt svakere selvregulering, arbeidsminne og ordforråd, vansker med å tilpasse seg pedagogiske aktiviteter, og høyere forekomst av adferdsproblemer. Forskjellene kan man se allerede i barnehagen, og forskjellene er der i alle faglige tester i utdanningsløpet». 

Fakta

Sosial mobilitet

  • Sosial mobilitet er endring i den sosiale statusen til ein person, anten i forhold til foreldra (intergenerasjonell mobilitet) eller gjennom ein person sin yrkeskarriere (intragenerasjonell mobilitet). 
  • Ein skil ofte mellom absolutt og relativ mobilitet. Absolutt mobilitet er gjerne knytt til den delen som klarar seg betre enn foreldra sine, som oppnår høgare realinntekt eller høgare utdanningsnivå.
  • Barn og unge som har foreldre med kort skulegang, låg inntekt og svak tilknyting til arbeidslivet har oftare svakare skuleprestasjonar enn andre, og det er mindre sannsynleg at dei gjennomfører eit utdanningløp.

Kjelde: Rapporten Et jevnere utdanningsløp

Teksten er frå innleiinga til den ferske rapporten «Et jevnere utdanningsløp». Hovudkonklusjonen er at både barnehage, skule og SFO kan og bør jobba meir systematisk med å bidra til å jamna ut sosiale skilnader.

Men korleis kan ein gjera dette?

Katrine Vellesen Løken, som er professor i samfunnsøkonomi ved Noregs handelshøgskole (NHH), leia ekspertgruppa som skreiv rapporten. Ho peikar på dei tilsette og kompetansen deira.

Fleire på jobb?

— For barnehagane snakkar me ikkje først og fremst om auka bemanningsnorm. Norma er ganske god, men me ser at det delar av dagen er for få vaksne på jobb, noko som gjer at det vert for få timar der kvaliteten vert god. Me ønskjer oss ei profesjonsheving av dei tilsette, i første omgang i form av etterutdanning, med fokus på relasjonar, seier Løken.

Ekspertgruppa peikar på overgangen mellom barnehage og skule, og vidare på at det er viktig å øva på sosioemosjonelle ferdigheiter i skulen.

— Dette er noko skulen allereie jobbar med, men me ser at det bør skje meir systematisk. I første omgang handlar det om å heva nivået på korleis dagens lærarar lærer bort sosiale ferdigheiter, men fokus på slike ferdigheiter er òg noko ein må ha inn i lærarutdanninga, seier Løken.

Sjølv om ekspertgruppa ikkje først og fremst ropar på ekstra ressursar, kjem ho med forslag til nokre tiltak som vil kosta. I rapporten vert det peika på at meir gruppedeling kan vera eit godt tiltak for å sjå alle elevane. Dette vil krevja ekstra ressursar, understrekar Løken.

Ønskjer meir mangfald

Talet på søkjarar til både grunnskulelærarutdanninga og barnehagelærarutdanninga har gått ned dei siste åra.

— Korleis skal ein få nok lærar til å følgja opp alle barna?

— Det er ekstremt viktig med gode lærarar, og ein må ha på plass tiltak for å sikra god rekruttering. Då handlar det både om innhald i utdanninga og om løn, seier Løken.

Det handlar om både løn og arbeidsvilkår, men det handlar òg om fleksible utdanningar, meiner Bodil Kjebo Risøy. Ho er førstelektor ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) og studieprogramansvarleg for grunnskulelærarutdanningane.

— Me ønskjer eit mangfald inn i alle lærarutdanningane. Me vil ha ungdom med innvandrarbakgrunn, og me ønskjer oss fleire mannlege lærarstudentar. Jenter skårar betre enn gutar på skulen, og noko av årsaka kan vera at jenter har betre rollemodellar i kvinnelege lærar i barneskulen, seier Risøy.

— Men korleis skal de få unge, både innvandrarungdom og andre, til å velja lærarutdanning?

— Eg trur ein må sjå på breiare måtar å få søkjarar inn på. I dag hindrar firarkravet noko. For oss som skal utdanna lærarar, handlar det om at me må gi studentane den kompetansen dei treng, slik at dei kjem ut med vitnemål. Eg meiner at å rekruttera ufaglærte som allereie jobbar med barn og unge er noko av det me kan gjera.

Fryktar pulverisering av ansvar

Det er altså slik at dersom foreldre ikkje har fullført vidaregåande skule, er det sjanse for at ungane deira følgjer i det same sporet. Og utan fullført utdanning kan vegen til både uføretrygd og utanforskap vera kort. Tal frå Nav, frå 2022, viser at 24 prosent av alle i alderen 18—67 år som har grunnskule som høgaste fullførte utdanning, var uføretrygda.

Talet på unge uføre aukar òg, Nav rapporterer at nær 60 prosent av 18-19-åringane som fekk innvilga arbeidsavklaringspengar i 2012, var uføretrygda ti år seinare.

— Dersom ein klarar å hjelpa fleire av barna, vil liva deira verta betre. No ser ein at ein ikkje klarar å gjera noko med den sosiale mobiliteten gjennom eit utdanningsløp, skilnadane aukar faktisk utover i utdanningsløpet, seier Løken.

— Bør ein få fleire yrkesgrupper inn i skulen, eit lag rundt barnet?

— Det er jo eit mykje brukt omgrep, dette med å bygga eit lag. Eg er redd for at det kan føra til ei ansvarspulverisering. Ein må ha nok folk til å gjera dei oppgåvene som trengst, og det er sjølvsagt at ein til dømes skal ha helsesjukepleiarar i skulen, men då må ein ha definert kva oppgåver dei har ansvar for.

For nokre elevar er den vanlege skulekvardagen ekstra krevjande. NRK viste nyleg dokumentarfilmen Guttas Campus, eit undervisningsopplegg for gutar på 10. trinn. I starten av filmen seier fleire av gutane at dei ikkje har tenkt at vidaregåande skule er noko for dei.

Fakta

Forslaga frå ekspertgruppa

  • Auka kvaliteten i barnehagar gjennom systematisk og jamnleg profesjonsutvikling av tilsette i barnehagen og systematisk rettleia leik, supplert med auka bemanning
  • Ein ytterlegare auke i barnehagedekkinga, gjennom løpande opptak, og at aktørar rundt barnefamilien hjelper dei som treng det å søka barnehageplass
  • Betre overgang mellom barnehage og skule gjennom meir pedagogisk samarbeid mellom barnehage og skule/SFO i form av rettleia leik
  • Auka kvaliteten i SFO gjennom meir rettleia leik, hjelp til skulearbeid i SFO og systematisk profesjonsutvikling av SFO-tilsette
  • Systematisk og målretta trening på sosioemosjonelle ferdigheiter i skulen. Bruk av målretta tiltak og mentorprogram for barn som treng det
  • Auka bruk av mellombels inndeling i små grupper der undervisninga vert tilrettelagt elevane sitt faglege nivå

Men det er meir forventa i dag at alle har ei form for utdanning, seier førstelektor Risøy, som sjølv har jobba mange år i grunnskulen.

— Korleis kan de utdanna lærarar som kan hjelpa dei elevane som slit ekstra mykje?

— Me tilbyr spesialpedagogikk, det er eit viktig fag. I tillegg har me som ein av få lærarutdannarar faget utdanningsval. Dette er eit viktig fag, der ein hjelper ungdommen til å finna sin veg, seier Risøy, og legg til at lærarstudentane må vera medvitne om kva fag dei vel, for det er ikkje plass til alt i den femårige utdanninga.

Redd for å ikkje testa

Sosial mobilitet i akademia har vorte debattert dei siste åra og var mellom anna tema på eit seminar i Kif-komiteen før jul. Fleire professorar, som Svenn-Erik Mamelund og Terje Lohndal, har òg fortalt om si klassereise.

— Løken, kvifor er det meir fokus på sosial mobilitet no enn før?

— Tidlegare har me ikkje hatt data å visa til, og ein har nok tenkt at me i Noreg har ein einheitsskule, der det er små skilnader. Men no har me betre kunnskap, mellom anna har me tal frå nasjonale prøvar over tid.

Med ujamne mellomrom blussar debatten om testing av skuleelevar opp. Professor Løken er tydeleg.

— Eg er uroa over å ikkje testa barn, innanfor dagens avgrensa rammer, seier ho, og viser til at internasjonalt er Noreg eit av dei landa som brukar minst tid til testing i utdanningsløpet.

— For å kunne testa ut tiltak og kunne følgja opp skular må me vita noko til tilstanden.

I november 2023 kom det nye PISA-tal. Ikkje veldig gledeleg når det mellom anna kjem til kompetanse i lesing, verken for norske eller andre europeiske barn. Dei nyaste tala viser i tillegg at Noreg no er nærare andre land når det gjeld avstanden mellom elevar med høg og låg sosial bakgrunn.

— Når ein ser på grunnskulepoeng, finn ein at det er meir enn ti skulepoeng skilnad mellom elevar som har foreldre med høgare utdanning og elevar som har foreldre som ikkje har fullført vidaregåande skule. Det er meir enn ein karakter i alle fag, seier Løken.

Barnehageassistent Simen Byremo saman med barn i Bislettbekken barnehage i Oslo. Rapporten frå ekspertgruppa peikar på at bemanningsnorma i barnehagen er god nok, men at det er for få timar i løpet av ein barnehagedag der det er mange nok tilsette på jobb.

Å måla det som ikkje kan målast

— Barnehagane skal løysa samfunnet sine problem. Ein skal både førebu og reparera. Det er eit kjempemandat!

Det seier Elin Eriksen Ødegaard, forskingsleiar for BARNkunne — Senter for barnehageforsking, og professor ved HVL.

Ødegaard understrekar at ho ikkje har fått finlese den ferske rapporten. Men ho har nokre kommentarar:

— Det sosioemosjonelle meiner eg er godt dekka i barnehagelærarutdanninga, det er noko som er lagt stor vekt på. Likevel veit me at undervisninga framleis kan styrkast. Men når eg les i rapporten skulle eg ønska at tiltaka ein føreslår ikkje er så bastante. Det er ikkje ei enkel hovudforklaring på kvifor det er skilnader mellom barna, og heller inga enkel løysing, seier ho.

Ødegaard meiner difor at opninga for å kunne gjera eksperimentstudiar er god og godt kan verta framheva. Ho meiner ein treng tiltak som styrkar fleire sider ved barnet og innhaldet i barnehagen.

Professoren peikar på at sosial ulikskap både kan handla om kultur og om by-land. Ein må difor passa på å sjå verdiar og ressursar hos dei ein tek sikte på å nå med tiltaka, seier ho.

— Kunnskapsgrunnlaget ein byggjer på i denne rapporten er evidensbasert, og det betyr at ein målar det ein kan måla. Men det er mykje som ikkje kan målast, og eg saknar nok litt det heilskaplege, pedagogiske blikket.

Ødegaard seier at når forskarane intervjuar unge som har valt barnehagelærarutdanning, er ikkje løn noko dei snakkar om. Dei er idealistiske menneske og ønskjer å gjera ein skilnad, og dei ønskjer å jobba med menneske.

Spørsmålet er om dei er mange nok. Ødegaard støttar ekspertgruppa sitt punkt om å få fleire vaksne inn i barnehagen heile dagen, og meiner at full bemanning i heile barnehagen si opningstid er det enkelttiltaket som kan verka best, saman med framleis bygging av kompetansetiltak og etter- og vidareutdanning.

— Dei er ikkje mange nok. Dei me som forskar på barnehage snakkar me, fortel at dei er utmatta, og at noko av det som manglar er tid til observasjon og felles refleksjon. Personalet vil alltid prioritera barna, og kuttar heller møtetid når sjukemeldingane renn inn, seier ho.

— Men når søkjartala går ned, korleis kan ein då finna mange nok vaksne til å auka bemanninga?

— Det er svært mykje positivt å finna i barnehagesektoren om ein kikkar forbi avisoverskriftene, og dei forteljingane må ein fortelja. Slik stoda er no, spreier rykte seg. Kven av ungdommane vil jobba i barnehage når ein høyrer om kor få dei er og kor slitne dei er? Eg trur at å ha betre bemanning gjennom heile opningstida og at kunnskapsbygginga held ram på ein måte som inkluderer eksperiment og pedagogisk innovasjon, vil kunne gjera noko med rekrutteringa. Slik kan me få litt positiv energi inn i sektoren, sier  Elin Eriksen Ødegaard.

Powered by Labrador CMS