styremøte

Vil senda universitets­søknad til hausten

Høgskulen på Vestlandet manglar berre eitt mål før det kan søkja om å verta universitet, ifølgje arbeidsgruppa som har jobba med søknaden.

At høgskulen skal verta universitet, var noko som var viktig for rektor Gunnar Yttri allereie då han søkte rektorstillinga.

— Eg veit at me kjem til å verta universitet, sa Gunnar Yttri, rektor ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) til Khrono våren 2022.

Den gongen sa han at høgskulen sikta inn mot å senda søknad om universitetsstatus i løpet av 2023.

No ser det ut til at dette går i boks. I ei sak høgskulestyret får til orientering i styremøtet 15. juni, heiter det at arbeidsgruppa vurderer at alle krav er nådd — med unntak av eitt. Ein må ha hatt 15 godkjende disputasar i løpet av tre år på to av dei fire doktorgradsprogramma det per no er krav om.

— Prognosane seier at dette vil vera på plass i slutten av 2023 eller første halvdel i 2024, heiter det i saksframstillinga.

Styremøtet ser du direkte her frå klokka 8.30.

Klare i oktober

Dersom talet på disputasar vert høgt nok i år, skal søknadsteksten vera klar til innsending til Nokut i slutten av oktober.

Så er spørsmålet kor lang tid det vil ta før ein får svar. Som Khrono har skrive, har Høgskolen i Innlandet allereie fått «nei» ein gong. Dei leverte ny søknad før jul, og kan ikkje venta svar før hausten 2024, på grunn av kø hos Nokut.

— Me er klare når søknaden er sendt, skriv rektor Yttri i ein sms til Khrono.

Storfakultet med fem institutt

Styret skal òg tilsetja dekan for det nye storfakultetet. I førre styremøte vart det vedteke å slå saman Fakultet for ingeniør- og naturvitskap og Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap. Til saman vert dei Fakultet for teknologiske, naturvitskapelege og samfunnsvitskapelege fag. Det melde seg sju søkjarar, mellom anna to av dei som sit i leiinga ved dei to gamle fakulteta. 

No ligg det på bordet eit forslag om at det nye fakultetet skal få fem institutt. Kva dei skal heita skal ein ifølgje saksutgreiinga koma tilbake til. Men per i dag er planen slik: Institutt for datateknologi, elektroteknologi og realfag, Institutt for sikkerheit, kjemi- og bioingeniørfag, Institutt for byggfag/Institutt for miljø- og naturvitskap, Institutt for maskin- og marinfag/Institutt for maritime studium og Institutt for økonomi og administrasjon/ Institutt for samfunnsvitskap.

Det nye fakultetet skal òg innehalda to senter og ein fagskule.

Lyser ut stilling som prorektor

HVL treng ein ny prorektor for forsking. Gro Anita Fonnes Flaten har fått ny jobb som dagleg leiar i verksemda Rådgivende biologer, og sa opp stillinga si ved HVL før åremålet hennar gjekk ut. No skal styret vedta utlysingstekst for ei fireårig åremålsstilling frå 1. januar 2024. Planen er søknadsfrist i august og at styret skal tilsetja ny prorektor i styremøtet i slutten av september.

Heile sakskartet til styremøtet finn du her.

Powered by Labrador CMS