ytringsfridom

Vil undersøkja om forskarar vert utsette for press

UiO-rektor Svein Stølen meiner debattklimaet er tøffare enn før. Han vil ha ei undersøking blant forskarar for å finna ut kor mykje press dei vert utsett for.

Med sosiale media får fleire forskarar direkte, og til dels krasse tilbakemeldingar. UiO-rektor Svein Stølen vil kartlegga korleis det eigentleg er å vera forskar i 2021.

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Klima, ME, lakselus, og no i det siste: Covid-19. Når nokre forskingstema vert løfta fram, veit forskarane bak at det vil koma reaksjonar.

No ønskjer Svein Stølen, rektor ved Universitetet i Oslo (UiO), å få på plass ei undersøking som seier noko om i kor stor grad forskarar vert utsett for press, både frå samarbeidspartnarar og frå interessegrupperingar og andre.

— Forskarane våre skal ytra seg offentleg om forskinga si. Men me ser at det er meir debatt enn før. Det er bra, men fleire får tøff medfart. Debatten vert oftare polarisert og politisert, og det kan òg føra til at forskarar hoppar av og skiftar forskingsemne, seier Stølen.

Peikar på sosiale media

Nyleg var Stølen i innspelsmøte med Ytringsfridomskommisjonen. Kommisjonen sitt arbeid skal enda i ei norsk, offentleg utgreiing (NOU) i 2022. I mandatet heiter det mellom anna at «journalister, politikere, akademikere, ledere i organisasjoner og andre samfunnsdebattanter utsettes i økende grad for trusler, vold og trakassering, og særlig på nettet».

Stølen er oppteken av både press frå oppdragsgivarar og samarbeidspartnarar, og press frå enkeltpersonar eller grupper som ikkje er samde i den forskinga som vert offentleggjort.

— Me ser mellom anna at nokre kjem med mange krav om innsyn i dokument. Andre påstår at forskinga er prega av dårleg etikk, seier Stølen.

— Det skal me sjølvsagt møta seriøst, men me ser tilfelle der det vert gjort i stor grad og nesten systematisk.

Han ønskjer ei kartlegging av kor stort presset er, gjennom ei undersøking, der det òg må forskast på resultata.

— Me må vita meir om kva forskarane tenkjer om forskarkvardagen. Ein skal tola at det er andre meiningar, skriv eg til dømes om klima i Aftenposten, veit eg at det renn inn med tilbakemeldingar. Det er fint, men dei må vera saklege, seier Stølen.

— Du har ei stilling, du er professor, du er vaksen mann. Er det enklare for deg å ytra deg enn til dømes ein yngre, kvinneleg forskar?

— For nokre kan det vera svært krevjande å stå i, og dette er nok noko som har kome særleg med sosiale media, seier Stølen.

Fleire klagar på uærleg forsking

Khrono har skrive om lakselusforskarane som fekk forskinga si dregen inn for retten: Sinte lakseoppdrettarar kom med krav om erstatning - og tapte. I Stavanger har det vore høg temperatur knytt til fersk forsking om Alexander Kielland-ulukka. Ikkje brot på etiske retningslinjer, konkluderte Universitetet i Stavanger, etter at ein oljeingeniør klaga saka inn.

Det kjem fleire påstandar om ureieleg forsking, seier Helene Ingierd.

Det er ein klar tendens at saker som kjem til Dei nasjonale forskingsetiske komiteane med spørsmål om brot på forskingsetiske normer handlar om ei eller anna form for konflikt. Det fortel direktør Helene Ingierd til Khrono.

— Dette er ei utvikling me har sett dei siste fem åra. Krav om openheit i forsking, som i utgangspunktet er positivt, kan òg ha nokre uheldige slagsider i form av at det kjem fleire påstandar om ureieleg eller uærleg forsking, som ikkje alltid er rettmessige, seier ho.

Ingierd fortel at fleire av klagene kjem frå interesseorganisasjonar.

Armlengdes avstand

Dei forskingsetiske komiteane er òg opptekne av ei sak som også engasjerer Stølen: Press frå oppdragsgivarar eller samarbeidspartnarar.

— Det kan til dømes vera sterke politiske forventningar eller næringsinteresse knytt til forskingsresultat. Også offentleg sektor må skjøna at ein må halda seg på armlengdes avstand, seier Stølen.

Han peikar på koronakommisjonen sitt arbeid, og forholdet der mellom direktorat, forskarar og politikarar. Han nemner òg Katerini Storeng si sak.

Til bladet Forskingsetikk fortalde Storeng, som er førsteamanuensis ved Universitetet i Oslo, om då ho og nokre kollegar i Storbritannia skulle evaluera eit bistandsprosjekt. To ikkje-statlege organisajsonar som var evaluerte, var òg definerte som partnarar, og hadde rett til å verta involverte. Til slutt prøvde dei å setja ein stoppar for publisering.

— Press frå oppdragsgivar eller i samarbeidsprosjekt er også noko me er opptekne av. Dette er noko forskarane og andre involverte må ta omsyn til at kan skje, når ein får fleire aktørar inn i forskinga, seier Ingierd.

Utval om akademisk fridom

Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim varsla i mars at det skal setjast ned eit eige utval som skal «utrede lovreguleringen av akademisk frihet og ansvar». Ein jobbar no med å setja ned dette utvalet, opplyser Kunnskapsdepartementet i ein epost til Khrono.

— Me ser at i ein del land er fridomen og det å vera uavhengig som universitet og høgskule under press. Me er heldigvis ikkje der i Noreg, men me ser døme på saker der forskarar møter både sjikane og truslar på grunn av forskinga si, sa Asheim i mars.

Rollemodellar

«Samfunnet er i det lange løp best tjent med en kunnskapsutvikling som er fri, basert på vitenskapelige prinsipper og utviklet med en armlengdes avstand til stat og makthavere. Dette er selve motivasjonen for universitetets lovfestede autonomi, og for den akademiske friheten til våre forskere og lærere. Disse prinsippene er ikke motivert av bekvemmelighet for den enkelte forsker, men er et vern av fri kunnskapsutvikling til samfunnets beste», skriv Stølen i eit debattinnlegg i Khrono.

Han er oppteken av at forskarar skal vera gode rollemodellar i den offentlege debatten. Dette skriv han òg om på bloggen sin: Forskarar må opptre utan å «fordumme samtalen», skriv Stølen der.

— Saman må me syta føre ei god og kunnskapsbasert debattform. Eg ser at det vert nokre personfokuserte saker i sosiale media, seier Stølen, utan å ville koma med konkrete døme.

Powered by Labrador CMS