Universitetet i Stavanger

Vurderer nedlegging av studium, sponsing og meir marknadstenking.
— Kontroversielt

Eg minner organisasjonen om at no må vi bruke ressursane der dei kastar mest av seg, seier rektor Klaus Mohn.

UiS-rektor Klaus Mohn fekk mykje peppar då han gratulerte Cecilie Hellestveit som Årets navn i akademia i fjor, fortel han.
Publisert Oppdatert

Stavanger (Khrono): Rektor Klaus Mohn og leiinga ved Universitetet i Stavanger tar signala frå statsråd Ola Borten Moe, langtidsplanen for høgare utdanning og forsking og årets statsbudsjett på høgste alvor. No er dei midt inne i ein kritisk gjennomgang av studieporteføljen, harde prioriteringar i høve neste års budsjett og vurdering av fleire kontroversielle tiltak for å få inn pengar som ikkje kjem ifrå staten. Pengar som kan gje dei handlingsrom også i åra som kjem.

Ventar på finansiering

— Vi ventar sjølvsagt i spenning på ein ny finansieringsmodell, men i mellomtida må vi gå inn og gjere hardare prioriteringar. Vi må også sjå ut over 2023 og sjå til at vi har styringsrom og strategisk fleksibilitet sjølv om ressursane bli stramme. Vi ser no på korleis vi kan auke inntektspotensialet og kutte kostnadar også på mellomlang sikt. Viss ikkje vi gjer det, så risikerer vi å bli handlingslamma, seier rektor Mohn til Khrono.

For signala frå styresmaktene er ikkje til å ta feil av: Det vil ikkje komme meir pengar. Universitet og høgskular må omprioritere, tenke smartare, bruke pengane klokare, få inn meir pengar ifrå andre enn staten og høyre meir på marknaden og behova i arbeidsliv og næringsliv lokalt. Arbeidsrelevans i praksis, og meir til.

Leiar i Forskerforbundet, Guro Elisabeth Lind, skreiv i eit innlegg i Khrono nyleg at ho frykta meir marknadsretta høgare utdanning framover.

— Du er økonom, Klaus Mohn, desse signala forstår du?

— Eg skjønner rasjonale og kriteria og at det må gjerast prioriteringar. Men å gjennomføre desse prioriteringane i praksis er like krevjande for meg som for alle andre.

Vi tar signala

Og ifølge rektoren er dei alt i gang med den vanskelege jobben.

— Vi har tatt signala innover oss. Eg minner organisasjonen om at no må vi bruke ressursane der dei kastar mest av seg. Det betyr dei som har gode resultatindikatorar. Viss det er studieprogram som slit med fråfall og studieprogresjon så kan vi ikkje fortsette å halde dei ved lag for ein kvar pris. Vi må føre ressursar frå dei og over til dei programma som gir oss inntekter.

— For å seie det i reine ord så kjem du til å legge ned nokre studium?

— Eg kan ikkje seie med sikkerheit at vi kjem til å gjere det, men eg kan heller ikkje utelukka at det blir nedleggingar. Fleire kjem til å kjenne på at det vil bety noko korleis det går på dei einskilde studia.

— Og då vil det gå verst ut over språkfag og humaniora, kanskje?

— Det vil eg ikkje signalisere her og no. Vi går inn i ein prosess som skal gi oss eit budsjett for 2023, og der vil fakulteta gå inn i desse prosessane og gjere prioriteringar langs desse linjene.

— Har du sett opp nokre målekriterium?

— Ja, vi har oppretta ein prosedyre for dette. Vi har fem måltal som nå skal følgast årvake med eit tilhøyrande trafikklyssystem. Eit system som vi skal bruke som støtte til desse avgjerdsprosessane på feltet, men dei er ikkje heile svaret. Dei fem kriteria blir endeleg vedtekne seinare denne månaden.

Sponsing frå oljeselskapa kan vere ein moglegheit for å auke finansieringa ved UiS, meiner rektor Klaus Mohn.

— Kontroversielle problemstillingar

— Og denne måten å tenke på er alle ved Universitetet i Stavanger no samde om?

— Dette er kontroversielle problemstillingar og derfor ønsker vi ein grundig prosess. Vi har hatt ei arbeidsgruppe som har vore breitt sett saman i organisasjonen i eit halvt års tid. No er det modna og forankra. Ein er nok litt uroa for at dette er det einaste ein skal sjå på — og det har eg forsikra om at det ikkje vere. Systemet skal vere ein faktor og eit hjelpemiddel.

Klaus Mohn, som også har bakgrunn frå tidlegare Statoil — no Equinor — meiner også at det er eit potensial for å hente meir inntekter til universitetet frå arbeids- og næringsliv i regionen, sjølv om dei allereie er tett på der frå før.

— Det er ikkje eit svært inntektspotensial, men eg trur det kan vere mogleg med noko meir enn det vi har i dag.

— Men du vil helst ikkje at ein skal kalle UiS for eit oljeuniversitet?

— Et eksempel der vi slit no er søkartala på oljerelaterte utdanningar, dei har falle markant dei siste åra. Og det har gjort at vi har prøvd med avbøtande tiltak. Vi har tatt ned kapasiteten og opna for fleire utanlandske studentar. På mastergradsnivå er desse oljerelaterte studia dominerte av utanlandsstudentar, og vi blir råka av innføring av studentbetaling. Så no tenker vi hardt på korleis vi skal møte det. Norske søkarar står ikkje i kø til desse studia, og dei fleste utanlandske vi har kjem frå land utanfor EU og EØS, der dei neppe kan betale. Viss vi ikkje finn på noko lurt der så kan det vere vi må ta ned både opptak og produksjon her, seier han.

— Kan sponsing frå oljeselskapa vere ein moglegheit då?

— Ja, det er absolutt ein moglegheit. For cirka ein tredjedel av studentane blir faktisk igjen i Noreg etter at dei er ferdige med studia sine. Og det er arbeidskraft som arbeidslivet treng. Så ja, vi har tenkt at vi kanskje kan alliere oss med arbeidslivet om stipendordningar.

Nytenking

Han seier også at UiS gjerne vil bidra til nytenking i helsesektoren og utdanning innanfor det området.

— Eg meiner at langtidsplanen snakkar for lite om korleis ein bør endre på utdanningane i lys av utfordringane i framtida. Eit eksempel gjeld jo helsesektoren. Mitt inntrykk er at porteføljen med helseprofesjonar er meir prega av fortidas utfordringar enn framtidas. Viss den store utfordringa no er å få endane til å møtast i helsesektoren, så er det det vi bør bygge prioriteringane rundt. Men det gjer vi ikkje. Både utdanningane og forskingsaktiviteten går i andre retninga. Der handlar det stort sett om diagnostisering og behandling, og ikkje om organisering, innovasjon eller effektive helsetenester, seier han.

— UiS vil bidra til nytenking blant anna rundt helseutdanningar, ved å vere proaktiv til utdanning, men då må det løysast opp rundt oppbygging rundt helseutdanningane, seier Mohn og meiner det same om at Noreg kan ha nytte av nyetableringar både på juss/rettsvitskap og psykologi. Universitetet i Stavanger ventar på godkjenning til å starte opp med studieprogram på desse områda også etter at de no mest sannsynleg vil måtte legge medisinutdanning på is. Der har dei fått nei frå to ulike regjeringar, og eit siste nederlag er venta i Stortinget seinare denne månaden.

Klaus Mohn har nettopp søkt jobben som rektor for ein ny periode i Stavanger. Han er ferdig med sine tre første år. Det er store sjansar for at det blir fem til.

I front for akademisk fridom

Vi kan ikkje gå frå eit intervju med Mohn utan å snakke om akademisk fridom, som kanskje langt på veg har blitt varemerket hans som rektor.

— Det er kanskje det eg er mest stolt av å ha fått til dei siste tre åra, at UiS blir tenkt på som universitetet der akademisk fridom og ytringsfridom er viktig og vi har det høgt under taket.

— NTNUs rektor Anne Borg har sagt i eit intervju at ho ser på deg som eit førebilete der?

— Ja, og det er veldig hyggeleg. Dette er noko eg har brent for før eg blei rektor òg. Ordskifte og rolla til universiteta var ein del av strategien vår. Det er no eit felt vi har fått utteljing for omdømmemessig. Viss folk i sektoren forbind noko med oss, så er det akkurat dette feltet, ytringsmot, og det er veldig bra, seier han og viser til fleire av sakene det har storma rundt i Stavanger.

Ganske tidleg gjekk han ut mot skattelette for olje og gass-næringa, det blei bråk rundt eit bokomslag på boka til Hadia Tajik og då han ønskte klimarealistane velkomne til å halde møte i lokala til UiS.

— Ettertida har vist at eg var på sporet, og det blei tatt godt imot internt. Denne saka med bokomslaget til Hadia Tajik — knallhardt press om å ta ansvar for det tilsette meiner. Tredje er klimarealistane — skapte blest om dette — og tekst — når folk såg kva eg nytta anledninga til så blei eg omfamna av venner og forfølgt av mine fiendar.

Peppar for Hellestveit

— Og så må vi ikkje gløyme den siste saka: internasjonalisering og debatten rundt Cecilie Hellestveit i fjor på denne tida?

— Ja, den var viktig. Cecilie Hellestveit og eg var begge i finalen for å bli kåra til Årets namn i akademia 2021. Ho vann og eg fekk masse peppar fordi eg gratulerte henne i sosiale medium.

— Eg meiner å hugse at du var den einaste rektoren som gratulerte ho offentleg.

— Eg er overraska over at eg var den einaste rektoren. Men når eg såg responsen så kan eg kanskje forstå det, ler han.

Khrono, KåKåNomics og Universitetet i Stavanger arrangerte felles debatt om internasjonalisering på nyåret i år — i direktesending frå Stavanger — og med Hellestveit.

Korleis har rektoren det med kalenderen sin no, tru? I eit intervju med Khrono, som påtroppande rektor for vel tre år sidan, sa han at han var i ferd med å gå inn i det han i si tid ønsket seg bort ifrå. Ein overfylt kalender.

— Det første året var overveldande. No er eg blitt flinkare til å skyve ting unna og rydda plass. Eg må ha ein jobb som eg kan trivast i og som også gir tid til overs til andre ting i livet enn jobb, seier han og stadfestar at han framleis — i alle fall i sommarhalvåret er å sjå med flugestonga langs ei eller anna elv — og elles nyt friluftsliv og pausar.

Av andre ting han har fått på plass er litt meir nynorskbruk ved universitet, der har han sjølv vore eit godt eksempel.

— Det er enno ikkje godt nok, men vi er på rett veg, seier han.

— Du skulle ta UiS opp i elitedivisjonen — er de der no?

— Det tar veldig lang tid å få betalt der ute. Eg tenkte at vi på tre år skulle styrke oss på område som omdømme, søkartal og så vidare — men det er ein treg materie. Vi har markert oss i sektoren, og blant Khronos lesarar — som kan ha noko å seie. Men ikkje så mange som vi kunne ønske oss når det gjeld søkartal og rekruttering av studentar.

— Vi må konkurrere på andre arenaer enn i kretsmeseterskapet. Det tar tid, men vi er på god veg, seier Klaus Mohn.

Powered by Labrador CMS