Danmark

66 tilsette sagt opp ved Københavns universitet

Totalt 124 personar sluttar ved Københavns universitet etter ein stor nedbemanningsrunde. Halvparten av dei har ikkje slutta frivillig.

Fasaden til det nye Niels Bohr-bygget på Københavns universitet. Stål og glass
Niels Bohr-bygget er stort og moderne. Og dyrt. I tillegg til dette bygget gir det nye naturhistoriske museet også økonomisk hovudbry for Københavns universitet.
Publisert Sist oppdatert

I slutten av november skreiv Khrono at hundre personar måtte gå ved Københavns universitet.

Den gongen ville ikkje tillitsvald Nynne Christensen seia konkret kor mange som var sagt opp, men ho stadfesta overfor Uniavisen at det totalt sett var snakk om at Det Natur- og Biovidenskabelige Fakultet (SCIENCE) ved universitetet hadde mista meir enn hundre medarbeidarar.

— Det var ein hard dag, det var ein lang dag. Det er vanskeleg å seia ha det til kollegaer som har gjort ein god jobb, sa ho til avisa.

Ein knapp månad seinare viser Uniavisen til ei melding på intranettet ved universitetet. Der kjem det fram at 66 tilsette har vorte sagt opp.

Sluttpakkar og senioravtalar

Av desse 66 er 39 vitskapeleg tilsette og 27 teknisk-administrativt tilsette. I tillegg har 26 personar fått sluttpakke, og det er inngått 32 senioravtalar.

Totalt sett vert dette 124 medarbeidarar.

— Nokre er rett nok deltidstilsette. Men det er òg ein del vakante stillingar, og ein tek i mindre grad inn eksterne undervisarar Så det samla tapet kan reelt vera større, seier Christensen til Uniavisen.

150 millionar meir i husleige

Bakteppet for den kraftige nedbemanninga er økonomi. Niels Bohr Bygningen vart sju år forseinka og tre milliardar danske kroner dyrare enn planlagt. I 2023 kunne SCIENCE til slutt flytta inn. Byggesaka har vore mykje omtala i danske medium.

Sommaren 2024 skreiv KøbenhavnLIV om ein rapport frå det danske Vejdiektoratet: Prosjektet var underbudsjettert frå starten av, og det at det vart delt opp i mange mindre enterpriser første til både koordinerings- og prosjekterings­feil. Året før skreiv Information at det trengde vatn inn gjennom fasaden. Den første delen av bygget vart teke i bruk i 2019 — tre år etter at heile bygget skulle vore ferdig. Men i kontordelen kom det altså inn vatn, og det vart funne teikn til muggsopp.

Sidan sjølve bygningen, som er eigd av staten, vart så mykje dyrare, aukar husleiga som Københavns universitet skal betala. Den er 150 millionar danske kroner dyrare enn budsjettert. Fakultetet var klar over at husleiga kom til å auka noko, og sette av pengar.

Men så skjedde det ikkje så mykje med bygget.

— Det er jo ikkje meininga at ein ved eit universitet skal spara pengar og vera formuande. Midlane me har, skal brukast på forsking og utdanning. Så me gjekk i gang med å bruka av dei oppsparte midlane, noko som resulterte i at me i nokre år hadde eit overforbruk, har SCIENCE-dekan Bi Jellesmark Thorsen tidlegare sagt til Uniavisen.

Det som har skjedd, har vorte kritisert. Mellom anna skreiv Brian Arly Jacobsen, som er førsteamanuensis i religionsvitskap ved København universitet og leiar i fagforeininga DM Universitet, i danske Forskerforum:

— Ved SCIENCE skal det seiast opp forskarar og undervisarar. Ikkje på grunn av manglande kvalitet, nedgang i søkjartal eller lågare løyvingar, men fordi staten og departementa har laga ein modell der universitetet som leigetakar og brukar skal dekka dei ekstraordinære utgiftene ved å driva eit bygg som staten sjølv eig og har feila i oppføringa av.

Powered by Labrador CMS