Debatt ● Stein Joar Hegland
Akademisk apartheid, nei takk!
Myndigheitene legg opp til ein uhaldbar apartheid-situasjon i høgare utdanning når dei innfører studiepengar for internasjonale studentar utanfor Europa, skriv professor.

Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Stortinget lovfestar no altså at utanlandske studentar utanfor EU/EØS må betale skulepengar. Det kjem, ifølge min arbeidsgivar Høgskulen på Vestlandet (HVL), til å koste eit par hundre tusen per studieår for desse studentane. Dette kan vera starten på slutten av gratisprinsippet for alle studentar, ifølge leiaren av Norsk studentorganisasjon.
Regjeringa på si side argumenterer med at gratis utdanning for utanlandske studentar er for dyrt for nasjonen Noreg, og at det ikkje er uvanleg med slike studiepengar i andre land vi kan samanlikne oss med. Å gjere noko fordi andre land gjer det er eit svakt argument for ein sjølvstendig nasjon. Ei kvoteordning for kvar institusjon eller studieprogram ville vore eit betre alternativ.
Vedtaket vil uansett kunne skape ein undervisningssituasjon eg som fagperson ikkje ønskjer å bidra til. I eit klasserom vil eg no, som undervisar, kunne møte studentar der nokon har gratis tilgang (nordmenn og EU/EØS-borgarar) og andre må betale skjorta for å kunne studere. Mine studentar, om dei no er frå Pakistan, Nepal, Iran eller Nord-Amerika, slik som mange i masterprogrammet i Climate Change Management, vil altså frå no av bli systematisk behandla ulikt av den norske stat. Kva vil det gjere med undervisninga og dynamikken i klassen?
Eg vil difor gi min arbeidsgivar, HVL, råd om å stoppe med opptak av studentar utanfor EU/EØS til våre internasjonale studieprogram.
I tillegg kan dei som underviser i slike internasjonale studieprogram, indirekte bli sett under press til å gi betre karakterar til betalande «kundar». Dei fleste vanlege menneske vil bli påverka av kunnskapen om at nokon har betalt dyrt for å få ein utdanning og kanskje slakke litt på sensurkrava. Kanskje til og med Borten Moe?
Eg vil difor gi min arbeidsgivar, HVL, råd om å stoppe med opptak av studentar utanfor EU/EØS til våre internasjonale studieprogram. Ikkje fordi vi skal diskriminere desse studentane, men fordi regjeringa med støtte frå Stortinget no har skapt grunnlaget for ein akademisk og økonomisk apartheid-situasjon i klasserommet.
Det blir så klart mindre nyansert, fattigare og gråare i eit klasserom der ein skal løyse globale utfordringar når ein tredjedel av studentane — dei med eit utanfor-Europa-perspektiv — forsvinn frå undervisninga, men eg ønskjer ikkje å vera eit verktøy for eit slikt diskriminerande opplegg.
PS! Heldigvis har ingen av dei mange utanfor-Europa-studentane på det studieprogrammet eg underviser i betalt den skyhøge summen for studiepengar innan fristen HVL hadde sett.
Nylige artikler
Faglige innlegg forsvinner i en fragmentert debatt
Rektor Klaus Mohn: Nye styrer bør få ansette sine egne rektorer
Kritikken bommer. Vår analyse av tannhelsetjenesten står støtt
At forskning er en nyttig ting kan ingen komme fra
Ni norske universitet rangert utan å vite om det. — Underleg, seier rektor
Mest leste artikler
Direktør med uheldig «klaps» på direktesendt TV
På pulten til historieprofessoren låg ein lapp med beskjed om å rydda
Føler seg avskiltet etter søknad om merittering
Slutt på at ansatte kan bruke Airbnb og Booking.com på jobbreiser
Rektor Mogherini arrestert etter korrupsjonsanklager