Debatt ● Oscar dos Santos Kvalsvik

Gratulerer med overstått, Ola Borten Moe!

Ei frustrert «helsing» frå studentpolitikar Oscar dos Santos Kvalsvik.

Ola Borten Moe stenger dørene for verda, ifølgje innleggsskribenten. Statsråden fylte 47 år tirsdag 6. juni.
Publisert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Kjære Ola, gratulerer så mykje med overstått! Kven skulle ha trudd du fekk tidenes gjennomslag på sjølve bursdagen din?

Eg håper det var god kake i stortingskantina, og at bakrusen har lagt seg i Kirkegata 18. No som storkalaset er over må jo vi sjølvsagt snakke om gjennomslaget ditt, Ola.

For du har oppnådd målet ditt. Andre dyktige politikarar som står på sitt skal ein leite langt og hardt etter, også som bryt eigne løfte.

Men ikkje du, Ola. Frå dag ein har du sett deg eit mål og jobba jamt og trutt for å oppnå det. Og det står i respekt av.

Ein kan ikkje unngå å sjå at han Ola har gjennomslagskraft, og vi har fått sett det på nært hald. Det er jo litt imponerande å stå såpass fjellstøtt mot ein mellomstor sektor som akademia.

I dag stenger vi altså dørene for verda. Og det er jo like greitt det, eller? Det er jo vi nordmenn som er framtida, ikkje sant?

I feiringas ånd synest eg vi skal unngå å prate om alle som har lova, og ikkje levert, ein snuoperasjon i innføringa av studieavgift for studentar utanfrå EU/EØS. Sjølv om dei har gått til val for å halde oppe gratisprinsippet, er det ikkje så farleg at regjeringspartia (Arbeidarpartiet og Senterpartiet, for dei som lurer) og SV går inn for nettopp studieavgift for studentar. For kva er eit løfte anna enn tomme ord og glitter for eit sete på tinget og gullkort hos SAS?

I dag jublar vi for gjennomslagskrafta og ekte statsmenn som Ola. Utan dei hadde jo ambisjonar, akademisk fridom og ekte solidaritet stått i vegen for realistisk politikk og samfunnsutvikling.

No kan vi endeleg leggje gratisprinsippet dødt ein gong for alle. Og til dei som ynskjer tilgang til høgare utdanning framover, så har eg ei sterk oppmoding:

Kryss fingrane dine for at dine foreldre har god løn og gode forsikringsvilkår, så får du nok dekt den utdanninga om fem år når du må leggje ut rolege titusen eller hundretusen med MasterCardet på semesteravgifta. Dei gjer det på Oxford og Harvard, trass alt.

Ein skal jo ikkje ta noko for gitt her i livet, særleg ikkje gratis utdanning.

Powered by Labrador CMS