Australske forskarar har no kvantifisert i kor stor grad fagleg arbeid trenger inn i fritida. Foto: StockSnap / Pixabay

Arbeid i feriar og helger: «Dette er ein trend og vi ser meir og meir av det.»

Jobba i jula? Kor mange forskarar har jobba i juleferien? Ganske mange, skal vi tru ein ny studie. Men skandinavar er likevel blant dei som er minst tilbøyelege til å sende inn sine akademiske artiklar til tidsskrift utanfor normal arbeidstid.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Forskarar håpar kanskje som andre på å kome tilbake på jobb i dag og føle seg utkvilte og klare for det nye året etter ei avslappande julehøgtid. Men det er meir sannsynleg at dei ikkje har tatt skikkeleg ferie, antydar ein ny studie.

Dette er ein trend og vi ser meir og meir av det. Forskarar har fått fleire arbeidsoppgåver og større press på seg, fleire administrasjonsoppgåver og meir undervisning. Og på toppen av det heile meir søknadsskriving. Dermed blir tida til forsking pressa utanfor arbeidstida.

Steffen Torp

Australske forskarar har kvantifisert i kor stor grad fagleg arbeid trenger inn i fritida, ved å analysere kor mange artiklar og fagfellevurderingar som vert sende inn utanfor normal arbeidstid. Did they know it was Christmas, spør Times Higher Education.

Ny teknologi viskar ut grensene mellom arbeid og fritid og Statistisk sentralbyrå har tidlegare konstatert at norske akademikarar ikkje loggar av.

Forskning.no skreiv i 2018 om at 1 av 10 forskarar er arbeidsnarkomane.

— Slett ikkje uvanleg

Studien som er omtalt i Times Higher Education og publisert i The BMJ, har sett nærare på rundt 49 000 journalartiklar og 76 000 fagfellevurderingar som vart sende til tidsskriftet og søsterpublikasjonen BMJ Open over ein sjuårsperiode.

Totalt sett vart 14 prosent av journalartiklane sende inn i helgene og 9 prosent vart sende inn i feriar.

Når professor ved Institutt for helse-, sosial- og velferdsfag ved Universitetet i Sørøst-Norge (USN), Steffen Torp, får høyre om studien, er dette hans første reaksjon:

— Nei, dette er slett ikkje uvanleg. Dette er ein trend og vi ser meir og meir av det. Forskarar har fått fleire arbeidsoppgåver og større press på seg, fleire administrasjonsoppgåver og meir undervisning. Og på toppen av det heile meir søknadsskriving. Dermed blir tida til forsking pressa utanfor arbeidstida, seier Torp, som sjølv kjenner seg godt igjen i det den australske studien beskriv.

Torp og to kollegaer frå USN publiserte i 2018 ein studie som konstaterte at forskarar var meir arbeidsnarkomane enn andre universitetstilsette. Forskning.no omtalte studien som synte at akademikarane skåra høgt både på ein arbeidsnarkomani-skala og høgt på om dei opplevde konflikt mellom arbeid og familie.

Dei som oppga stor arbeidsmengde, oppga også konflikt mellom arbeid og fritid/familie.

Ei av årsakene til dette var høge jobbkrav, særleg i form av mange ulike arbeidsoppgåver som samla sett kravde meir enn vanleg arbeidstid.

Ekstra administrativt arbeid

Også professor ved Institutt for mattryggheit og infeksjonsbiologi ved Veterinærhøgskolen, NMBU, Lucy Robertson, meiner ekstra administrativt arbeid er ei av årsakene til at mange akademikarar jobbar lange arbeidsveker.

Ein treng den ekstra tida, der ein ikkje blir uroa. Det skjer ikkje på jobben.

Lucy Robertson

— Vi har ikkje nok tid. Når det gjeld vitskapeleg arbeid må ein levere resultat. Ein treng den ekstra tida, der ein ikkje blir uroa. Det skjer ikkje på jobben, seier ho til Khrono.

Robertson fortel at ho har jobba litt i romjula, og brukar å jobbe noko både i feriar og helger.

— Trur du det er vanleg for akademikarar å jobbe utover normal arbeidstid?

— Det varierer nok litt, og kjem an på personen. Eg gjer personleg det, men veit at andre ikkje gjer det, seier ho.

Skandinavar føretrekker å jobbe i morgontimane

Den australske studien fann store skilnader mellom nasjonalitetar.

Skandinavar var blant dei som var minst tilbøyelege til å sende inn sine akademiske artiklar til tidsskrifta utanfor normal arbeidstid.

På andre sida fann studien at kinesiske forskarar, tett etterfylgde av sine kollegaer i Taiwan og Sør-Korea var mest tilbøyelege til å sende sine tekster i helgane.

Belgiske, tyske og sveitsiske forskarar viste seg å vere dei som oftast brukte ferien på det same.

Studien skisserer også når på døgnet forskarar frå dei ulike landa som regel leverer sine akademiske arbeid.

Skandinavar og nordamerikanarar føretrekte morgontimane. Australiarar, dei frå New Zealand, britar og tyskarar valde å levere tidleg på ettermiddagen, medan franskmenn, italienarar og spanjolar hella meir mot kveldsjobbing.

— For nokre bikkar det nok over

Professor Steffen Torp seier at akademikarar har ein såpass fleksibel jobb at det er mogleg å ta seg ein del fri. Og det er akkurat her dei store skilnadane kjem fram:

— Difor er det viktig å ha ein viss kontroll på når du er nødt og ikkje nødt til å jobbe, seier han og held fram:

— Det fleste akademikarar melder om at dei har god helse, men for nokre bikkar det nok over. Det er her fenomenet arbeidsnarkomani kjem inn. Nokre får ei oppleving av å måtte jobbe, ein indre driv dei ikkje har kontroll på. Det bikkar over, dei føler dei aldri har fri og har heller ikkje samvit til å ta fri. Det er ein kombinasjon av personlegheitsfaktorar og jobbsituasjonen som pressar folk inn i denne typen situasjonar.

Emerita jobbar 50-70 timar kvar veke

Eg er jo litt ekstrem, og er klar over det. Eg har vore pensjonist i 10 år og jobbar mellom 50-70 timar kvar veke.

Sophie D. Fosså

Sophie Dorothea Fosså er prislønt professor emerita ved Kreftklinikken ved Universitetet i Oslo og er på publiseringstoppen i Noreg. Då Khrono ringde 78-åringen og spurde om ho hadde jobba i jula, flira ho høgt.

— Eg er jo litt ekstrem, og er klar over det. Eg har vore pensjonist i 10 år og jobbar mellom 50-70 timar kvar veke, seier Fosså til Khrono.

Ho seier at tidlegare brukte ho å jobbe 90 timar i veka.

— Men eg gjer det fordi det gleder meg. Eg trur helgearbeid er vanleg for akademikarar som vil kome seg ein stad. Det er viktig at dette ikkje er noko arbeidsgjevar pålegg folk, men det er noko som må kome spontant om ein ønskjer det, seier Fosså.

Fosså kjenner seg igjen i noko av det arbeidslivsforskar Torp nemner.

— Det kunne blitt lettare om forskarar fekk litt meir hjelp til administrative oppgåver. Det er nesten blitt heilt slutt på sekretærar i dag, seier Fosså.

Mykje hardt arbeid

Ein annan kreftforskar, Elisabete Weiderpass, var blant dei tre mestpubliserande i Noreg i frå 2013-2017, synte ei rangering i Khrono.

— Korleis får du til å vere ein så produktiv forskar, spurde Khrono den gongen.

— Still meg dette spørsmålet på en laurdagskveld klokka 23, eller første juledag. Ringer du meg på jobb-mobilen då, så tar eg den, sa Weiderpass og la til:

— Det er rett og slett mykje hardt arbeid som ligg til grunn – og at eg elskar det eg gjer.

Powered by Labrador CMS