Adventskalender
Årets høgdepunkt: Då regjeringa lytta til sektoren
2022 har vore som ein bibelsk katastrofeprofeti, meiner Nina Sandberg i Universitets- og høgskulerådet. Ho ynskjer seg fred til jul.

Bak den siste luka i Khronos adventskalender for 2022 finn me Nina Sandberg. Ho er generalsekretær i Universitets- og høgskulerådet.
— Korleis vil du oppsummera 2022 med universitets- og høgskulebrillene på?
— For universitets- og høgskulesektoren vart 2022 litt som i den bibelske draumen: Sju magre kyr som steig opp av Nilen i tur og orden. Me gjekk inn i 2022 med eit historisk stort budsjettkutt, pandemi og digital undervisning. Så invaderte Russland Ukraina, og sektoren rigga seg for å ta imot akademiske flyktningar og frysa alt samarbeid med russiske institusjonar. Før revidert nasjonalbudsjett vart det klart at styret i Forskingsrådet måtte gå, og løyvingane vart stoppa. Over sommaren steig energikostnadene til uante høgder. Spionsiktinga ved UiT i haust la press på internasjonalt kunnskapssamarbeid, og det viste seg å vera politisk fleirtal for skulepengar for utanlandske studentar, oppsummerer ho og held fram:
— Då me i oktober arrangerte vår første fysiske UHR-konferanse sidan 2019, valde statsråden å lansera Langtidsplanen for forsking og høgare utdanning herifrå. Universitets- og høgskulerådet jobbar no for at langtidsplanen skal halda fram med å vera eit styringsverktøy som gjev sektoren stabilitet og framsyn. Planen bør koplast til budsjettprioriteringar også i vanskelege tider. Me opplever aukande forventningar til universitets- og høgskulesektoren, og det er bra! Kunnskapsbasert nytenking er naudsynt både for berekraftig omstilling og for den totale samfunnsberedskapen. I ei tid med mykje uvisse og der krisene avløyser kvarandre, er det viktig å satsa på kunnskap.
— Kva er det kjekkaste du har vore med på i universitet- og høgskuleverda i år, og kvifor?
— Det var den augneblinken då eg forstod at eg ikkje hadde høyrt feil, og regjeringa verkeleg hadde løyvt 1,64 milliardar kroner til Forskingsrådet gjennom nysalderinga i november. Det betyr at regjeringa har lytta til ein samla forskingssektor, og erkjent kor viktig det er med stabil i finansiering av forskinga. Det er eit viktig signal, ikkje minst til yngre forskarar, og for framtidig rekruttering.
— Kva har vore den største utfordringa, slik du ser det?
— Dei dramatiske endringane, med krig i Europa og trongare økonomiske tider. Dette har kravd ekstraordinær innsats frå universiteta og høgskulane. Universitets- og høgskulerådet har brukt nettverka sine for å førebu dei høgare utdanningsinstitusjonane best mogleg. Eg er glad for den internasjonale solidariteten som institusjonane har vist, og for omtanken for situasjonen til studentane.
— Kva er ditt juleynske for universiteta og høgskulane?
— I år er det teksten til John Lennon som oppsummerer det. Det er eitt overordna juleynske som gjeld: «War is over». Eg håpar på eit 2023 utan frykt, for alle ukrainarar og for andre som er hardt råka av krigen.
— Kva skal du gjera i jula?
— Feira saman med familien - og gje hjelp til nokon som treng det.
Nylige artikler
De første forskerne fra USA har signert kontrakt med Aix Marseille-universitetet
Fuskesaker: Det er forskjell på bevisvurdering og synsing
Når Amnesty blir kansellert: Hva skjer med akademisk frihet?
Skryter av kona: — Jeg hadde ikke klart dette alene
Vil at doktorgrader bedre skal dekke samfunnets behov
Mest leste artikler
Frykter at studenter må legge studiedrømmen på hyllen: — Det er kritisk
Tatt for fusk. Skyldte på glatt is
Gjeninnfører muntlige og håndskrevne eksamener for å unngå KI-juks
Er dette det mest overfylte kontoret i akademia?
Naboene uenige om hvor viktig det er at rektor reiser