Eitt år sidan nedstenging

Asheim om pandemiåret:
— Om vi snubla i starten? Ja, heilt klart

Mangt burde blitt gjort annleis då viruset ramma Noreg i mars 2020, meiner forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim.

Henrik Asheim fortel om det dummaste han har gjort, og det smartaste, i intervju med Khrono,eitt året etter Noreg vart stengt ned første gong. Bildet er frå ein pressekonferanse om koronasituasjonen saman med statsminister Erna Solberg.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

— Hadde vi visst korleis dette skulle eskalere …

Torsdag 12. mars 2020, regjeringa gir beskjed om at alle universitet og høgskular skal stengast ned. Dagen før har Verdas helseorganisasjon (WHO) erklært pandemi, eit slags framandord i det norske vokabularet, med konnotasjonar til svunne tider med pest og spanskesjuke.

Utover det meir eller mindre plutselege alvoret var det meste uklart og uoversiktleg. Statsråd Henrik Asheim (H), med ansvar for forskinga og den høgare utdanninga – alle studentane – var i hardt vêr.

Han blei hardt kritisert for mangel på informasjon og handlekraft. Fleire universitet og høgskular hadde tatt saka i eigne hender før meldinga frå departementet kom om nedstenging. Klarast i tilbakemeldingane var rektor, og epidemiolog, Lars-Petter Jelsness-Jørgensen ved Høgskolen i Østfold.

Rektoren skulda Kunnskapsdepartement for å skyve ansvaret over på institusjonane og nærast stikke hovudet i sanden. «I går oppdaget vi tilfeldigvis informasjon», skreiv han, nesten sarkastisk, «om hvilke råd som gjelder universitets- og høgskolesektoren».

— Om vi snubla i starten? Ja, sett i ettertid, heilt klart. Hadde vi visst korleis dette skulle eskalere, ville det ha vore ein heilt annan informasjonsflyt. Kanskje skulle eg ha sett kva som kom, samstundes trur eg dei færraste såg det, seier Asheim, som villig tar sjølvkritikk, med eit visst atterhald.

Balansegangen

Det vanskelegaste i året som har gått har vore å finne den rette balansen, meiner Asheim.

— I ein situasjon som endrar seg veldig raskt, som angår ekstremt mange menneske, mange unge og kanskje i ein ekstra sårbar situasjon – då er det ikkje enkelt å balansere avgjersler om radikale inngrep i folks liv som skal verne, men samstundes går utover dei, seier han.

I starten var det på ein måte enklare, då var perspektivet nasjonalt. Men snart vart bildet meir samansett med ulike situasjonar ulike stader i landet, med plutselege utbrot og store variasjonar i smittetal.

— I tillegg er denne sektoren så mangfaldig. Ein kan snakke med rektor ved NTNU og få skildra ein situasjon, men ringer ein til Volda, kan både situasjonen og behova vere heilt annleis. Det å skulle ta avgjersler for sektoren med eit slikt bilde, det har vore vanskeleg, seier Asheim.

Og så var det det med informasjonen.

— Ja, det er nok den andre særleg vanskelege delen av dette.

Sjølv om både regjeringa, departementet, Asheim og befolkninga etter kvart fekk trening i å leve med ein pandemi, var dei kommunikasjonsmessige utfordringane ikkje akkurat unnagjort med den forvirrande starten.

Bad timing

Rett etter jul, omtrent samstundes som studentar gjekk av fly, tog og bussar for å ta fatt på ein semesterstart med det som var signalisert å bli opne utdanningsinstitusjonar, tikka meldinga inn til landets rektorar ein sein laurdagskveld:

Nedstenging. Igjen.

Departementet bad studentane om ikkje å møte på campus førstkommande måndag. Den utgjorde timinga gjorde nok ein gong at universitetsleiarane og koronaslitne studentar retta frustrasjonen mot Asheim.

Men akkurat dette meiner statsråden vanskeleg kunne ha blitt gjort annleis, sjølv ikkje sett i etterpåklokskapens lys.

— I romjula fekk vi svar frå helsestyresmaktene at det ikkje ville bli nødvendig å stenge ned. Same dag som vi fekk råd frå helsestyresmaktene om å stenge, gjekk eg ut med informasjonen, seier han.

Asheim viser til eit intervju i Dagbladet laurdag kveld 2. januar, der avisa skreiv at han «allerede nå» ville signalisere at det vart lurt om studentane utsette reisa tilbake til studiestadane. Regjeringa heldt pressekonferanse og gjekk ut med informasjonen om innstrammingane dagen etter, som også gjaldt skular og barnehagar.

Men dette «allerede nå» festa seg, og for mange kjentest informasjonen altfor bakpå. Nok ein gong fekk Asheim kritikk frå koronaslitne studentar og rektorar. UiO-rektor gjekk ut med utropsteikn på Facebook.

— Men meininga mi var å gi beskjed så tidleg som mogleg. Eg forstår frustrasjonen. Men beskjeden kunne ikkje ha kome før.

Ifølgje Asheim har den interne kommunikasjonen i regjeringa gått knirkefritt nok til at det ikkje har gjort jobben hans vanskeleg.

— Internt har kommunikasjonen jamt over vore veldig god. Men avgjersler må takast veldig raskt, og i tilfellet etter nyttårsaftan, ekstremt raskt. Når helsestyresmaktene seier det er krise, må det handlast med ein gong.

Etterpåklokskapen

Medan vi er i det problemfokuserte hjørnet, godt opplyst av den nemnde etterpåklokskapen: Kva er det dummaste Asheim har gjort som statstråd i pandemiåret?

— Å foreslå den første krisepakken til studentane som reint lån, utan stipenddel, svarar Asheim kontant.

— Dette er noko vi har måtta drage på i ettertid. Dersom vi våren 2020 hadde komme med det same som vi no har, med 40 prosent stipenddel, ville truleg diskusjonen sett heilt annleis ut.

Asheim, som minner om at han også våren 2020 måtte tenke veldig fort, seier han trudde løysinga var god. Det var studentorganisasjonane overhovudet ikkje einig i, viste det seg, og dei fekk støtte frå fleire opposisjonsparti.

— Eg har, heilt ærleg, lege vaken mange seine kveldar og vore bekymra for alle dei eg har ansvar for. Det har til tider vore ganske tøft, seier Henrik Asheim.

— Målet var å gjere pengane raskt tilgjengeleg, og eg trudde vi hadde funne ein god måte å gjere dette på. Det var ikkje vond vilje, seier Asheim.

Om den uheldig kalkulerte lånepakken var ei dårleg sak, er Asheim desto stoltare av neste versjon av krisepakken, som kom 29. januar i år. Med romslege 1,1 milliardar på bordet var tonen frå studentane no ein annan.

I pakken ligg eit opplegg for studentjobbar, der fagskular, høgskular, universitet og studentsamskipnader kan lønne studentar for å gi fagleg og sosial oppfølging til andre studentar.

På spørsmål om kva som er det smartaste Asheim har gjort i koronaåret, er det nettopp dette han trekker fram.

Annonse

BLI VARSLET
OM SISTE NYTT

Last ned Khrono-appen og få varsel om de viktigste nyhetene - både nasjonalt og nær deg
-

— Eg skulle berre ønskt at vi hadde kome på det før. Men eg trur dette vil treffe godt. Mange har alt infrastrukturen som skal til og kan berre oppskalere. Dette er noko eg ser for meg vi kan fortsetje med framover, seier han.

Kriser kan også ha konstruktive effektar.

— Ei rar form for einsemd

— Eg er veldig stolt over at eg i denne perioden har klart å løfte utdanningssystemet vårt fram som ei viktig løysing. Vi har fått fleire studieplassar, stipendiatar, forskarstillingar. Universitets- og høgskulesektoren har kome styrkt ut, seier ministeren.

Litt sjølvskryt må vere lov.

Det kan leggast til at nesten heile perioden Asheim har sete som statsråd på feltet har vore med covid-19 på sakskartet.

Ein annan opplagd gevinst som ofte blir peikt på, er digitaliseringa, i størst grad manifestert gjennom møte på møte på skjerm. Og forelesingar med eller utan svarte skjermar.

— Vi skal ta med oss det beste frå erfaringane med digitaliseringa, vi må sjå grundig på det som fungerer og det som ikkje fungerer. Det gode er at vi kan gjere kunnskap og undervisning tilgjengeleg for fleire. Men det er viktig å understreke at å digitalisere utdanninga ikkje er det same som å berre legge ei forelesing på Zoom.

— Har du forresten merka, legg Asheim til, kor sliten ein blir av møte på skjerm?

Jo, også statsrådar blir slitne av «jo-jo-følelsen», som Asheim kallar det: den emosjonelle berg- og dalbanen det restriktive livet påfører oss.

— Vi er mange som har kjent på ei rar form for einsemd. Eg er privilegert og har ein jobb, som ikkje er sjølvsagd for alle, men det er ein jobb som har kravd mykje av meg. Eg har, heilt ærleg, lege vaken mange seine kveldar og vore bekymra for alle dei eg har ansvar for. Det har til tider vore ganske tøft. Men det er innanfor det ein skal forvente av ein statsråd.

Lyst på fest

For statsråden er det mange spenningsmoment framover, også når pandemien ebbar ut. Jobben er ikkje over, ja, med mindre han blir kasta ut av regjering etter stortingsvalet i september. Det blir kommisjonar og evalueringar. Korleis gjekk det, eigentleg? Kor var det det butta? Kor var det ministeren snubla? Kva kan vi ta med oss vidare?

Før pandemien: Her blir statsråd Asheim intervjua av Khrono etter nøkkeloverrekkinga i Kunnskapsdepartementet 24.januar 2020 .

— Vi kjem nok til å tenke annleis framover på mange område. Eit opplagt eksempel er bruken av heimekontor. Mange effektar vil først bli synlege på lengre sikt. Eg er spent på lese boka som kjem om ti år om korleis korona endra samfunnet, seier Asheim.

Før han kjem så langt, helst før stortingsvalet, trur den 37 år gamle ministeren på at han skal få ein sjanse til å stadfeste tilnamnet «Party-Henke». Det ikkje utprega statsmannslege tilnamnet var det studentane som gav han då ha vikarierte som minister for Torbjørn Røe Isaksen i 2017.

— Vi får sjå kva veljarane seier i september. Men eg har veldig lyst på ein fest med studentane og håper å rekke det uansett!

Men det aller første Henrik Asheim skal gjere når portane opnar seg er:

— Gå ut døra. Setje meg på ei uteservering. Bestille øl og fiskesuppe. Ikkje gi frå meg bordet på lenge, lenge.

Powered by Labrador CMS