Semesterstart

Regjeringa ber studentane halde seg heime i to veker

Regjeringa har vedteke nye koronatiltak og bad seint laurdag kveld om at studentane venta med å reise tilbake til studiestaden. UiO-rektoren ønsker sine nye studentar velkommen måndag 4.januar.

Det blir verande tomt på campus dei fyrste to vekene av vårsemesteret, bestemde regjeringa laurdag. Her frå UiTs campus i Tromsø. .
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Fleire universitets- og høgskuleleiarar blei seint laurdag kveld først informerte via Dagbladet og så i ein e-post frå ekspedisjonssjef Knut Børve kl. 22.30 om at regjeringa ber landets studentar om ikkje å reise tilbake til studiestaden sin før 18.januar.

Rektor ved Universitetet i Oslo, Svein Stølen, var ein av dei som reagerte, og understreka i ei melding på Facebook at universitetet ikkje er stengt ned og at nye studentar ved UiO er velkomne frå måndag 4.januar.

Rektor ved Universitetet i Oslo, Svein Stølen, blei overraska over melding frå regjeringa seint laurdag kveld.

«Kunnskapsministeren kom lørdag kveld kl 2230! med melding om at fysisk forelesninger må avlyses fram til 18. januar! Selvom de store studentmassene ikke begynner med fysiske forelesninger før 18 januar, ønskes de nye studentene som begynner ved UiO fra 4. januar velkommen for introduksjon til sine studieprogrammer. Det presiseres at universitetet ikke er stengt. Vi må se på konsekvensene av denne meldingen og kommer med mer informasjon. Og vi skal gjøre alt vi kan for at studentene ikke må ta en uforholdsmessig stor del av «regningen»».

Vil gi studentane håp

UiO-rektor Stølen seier til Khrono seint laurdag kveld at han vel å tolke meldinga frå Kunnskapsdepartementet positivt sjølv om han blei overraska og ikkje var infomert på anna vis.

— Eg merker meg at argumentet med å forskyve den fysiske oppstarten er å dempe smittetrykket i samband med reising og høgtid. Eg er oppteken av å gi studentane håp for semesteret, og eg tolkar argumentasjonen positivt i så måte, seier han.

Laurdag vedtok regjeringa at all undervising ved universitet og høgskular skal skje digitalt fram til 18. januar. Det skreiv Kunnskapsdepartementet i ei pressemelding kl. 22.30.

Avgjerda byggjer på råd frå helsestyremaktene, og gjeld all undervising på fagskular, høgskular og universitet.

Dei tilsette ved institusjonane skal følgje dei smittevernreglane som gjeld nasjonalt, og lokalt der dei arbeider.

Vil dempa smittetrykket

– Målet med å skuva på den fysiske oppstarten er å dempe smittetrykket, skriv Asheim i pressemeldinga.

Han oppmodar difor dei som kan, om å bli verande heime eller der dei har vore i ferien, inntil vidare. Og såleis unngå reiser med buss, tog og fly.

Før jul sende Kunnskapsdepartementet ut ei punktliste til utdanningsinstitusjonane, med forventingar til korleis vårsemesteret skulle bli.

Her var det mellom anna punkt som handla om å motverka dei negative psykososiale konsekvensane av pandemien, sidan faren for at all undervising måtte bli digital heile tida har vore der.

– Vi nærmar oss eitt heilt år med mykje tid ålene på studenthybelen, karanteneperiodar og lite sosial kontakt. Eg veit det er vanskeleg for mange, og mi tydelege melding til alle rektorane er at dei må følgja opp studentene sine og lage alternative faglege møteplassar. Vi må alle saman ta vare på kvarandre, skriv Asheim.

UHR-leiaren informert av Asheim

Dag Rune Olsen forstår at laurdagens melding er kjip for studentane.

Leiar i Unviersitets- og høgskulerådet, Dag Rune Olsen, som også er rektor ved Universitetet i Bergen, seier i ein sms til Khrono laurdag kveld at han blei oppringt av statsråd Henrik Asheim som orienterte han litt etter kl 20.00 laurdag kveld, og at Olsen deretter informerte styret i UHR om regjeringa sine instruksjonar.

— Men i Bergen er det jo ikkje veldig høg smitte no, synest du tiltaket er ok?

— Ein konsekvens av nasjonale retningslinjer er naturlegvis at dei ikkje er tilpassa alle lokale forhold. Men også i Berge er vi opptekne av muleg oppblomstring av smitte grunna høg mobilitet i forbindelse med jul og nyttår, seier Olsen.

UHR-leiaren og rektoren ved UiB er samd i at laurdagens melding er kjip for alle studentane som ville komme tilbake.

— Det kom brått på dette. Og det skal vere møte med landets rektorar på måndag, seier Olsen.

E-post frå ekspedisjonssjefen

Kl.22.30 laurdag kveld sende også ekspedisjonssjef i Kunnskapsdepartementet, Knut Børve, ut ein e-post til samtlege rektorar ved unviersitet og høgskular. Der gjentek han det Asheim seier i pressmeldinga som blei sendt ut samstundes om at all undervisning skal vere digital fram til 18.januar, og at det betyr at studentane ikkje skal sette seg på tog og fly for å reise til studiestaden sin i denne omgangen.

— Kunnskapsdepartementet legg til grunn at praksis gjennomføres så langt det er muleg i denne perioden, skriv ekspedisjonssjef Børve.

12.mars 2020-flash back

Situasjonen denne seine laurdagen 2.januar 2021 - berre halvanna døgn før semesteret opnar igjen ved alle landets universitet og høgskular, er ikkje ulik situasjonen som oppstod 12.mars 2020.

Då stengde statsminister Erna Solberg ned universitet og høgskular via ein pressekonferanse, og de rådde stor usikkerheit blant landets uh-leiarar om kva det ville bety i praksis. Som no, var heller ikkje alle informerte om regjeringa sine planar den gongen.

Fleire reagerte den gongen på den dårlege informasjonen og kommunikasjonen mellom departement og universitet og høgskular.


Rektor ved Høgskolen i Østfold, Lars-Petter Jelsness-Jørgensen gav i mars regjeringa det glatte lag for ikkje å ha gode informasjonskanalar og heller ikkje informere godt nok om tiltak.

Også den gongen valde Henrik Asheim å informere via media. I Aftenposten 9.mars blei uh-leiarane kjende med at statsråden ville be dei om å vurdere alternative eksamensformer, for eksempel.

Powered by Labrador CMS