eksamen
Tusenvis av studentar tek eksamen kvart semester. Men det er også andre menneske til stades i eksamenslokala. Møt nokre av dei som gjer sitt for at eksamensgjennomføringa skal gå så knirkefritt som mogleg.
Dei er i gang med andre runde i arbeidslivet: — Kan ikkje berre gå heime
— Ein kan ikkje berre gå heime og svima!
Morten Nystad pustar ut mellom slaga. Pensjonisten er eksamensvakt både ved Universitetet i Bergen (UiB) og ved Norges Handelshøyskole (NHH). I dei travle eksamensperiodane er det to skift for dag, med ein eksamen frå klokka 9 og neste frå klokka 15. No er dei siste studentane frå dagens første eksamen på veg ut, og for vaktene er det på tide å fylla på med litt kaffi og julekaker.
— Eg trivst ikkje med å berre vera heime, seier Eli Sofie Christensen.
Som Nystad er ho eigentleg pensjonist, men tek vakter fire dagar i veka i eksamensperioden. Denne dagen har ho allereie hatt ei økt i dei andre lokala UiB har som berre er brukt til eksamen.
Digital eksamen
Nystad fortel at ved NHH har ein fram til ganske nyleg nytta dei klassiske gjennomslagspapira under eksamen. Ved UiB er eksamen i utgangspunktet heildigital, men som i dag vert det òg nokre gongar levert ut handteikningsark. Det er eksamen i matematikk som skal gå føre seg på ettermiddagen.
— Når studentane kjem, kryssar me dei av i det digitale systemet vårt. Deretter må me sjekka at dei får logga seg inn. Dersom dei ikkje klarar det, er det både IT-kyndige eksamensvakter her og også teknisk vakt, seier Nystad.
Nokre gongar har studentane lov til å nytta hjelpemiddel. Men uansett er regelen klar: Verken mobiltelefon eller notat med stikkord skal brukast inne i eksamenslokalet. Då får ein heller stå på gangen og nilesa, og så vert ein henta inn eit kvarters tid før eksamen byrjar, meiner eksamensvakta.
587 emne
Utanfor bygget står det skilt med «eksamen». UiB leiger to etasjar og brukar dei berre til eksamensavvikling.
— Det er jo eksamen nesten heile året, seier Ole Rød.
Han er student sjølv, men melder seg som teknisk vakt. Ein fin ekstrajobb, og er det lite å gjera, kan han nytta tida til å lesa litt eige pensum.
— Det er konteeksamen i januar og februar, og så er det ein del som har eksamen midt i semesteret, altså i mars-april eller oktober. Og så er det dei ordinære eksamensperiodane, seier Rød.
I haust arrangerer UiB eksamen i 587 emne. Alle studentane som skal ha eksamen skal ha det i dei tre dedikerte eksamenslokala som universitetet leiger. Det er altså slutt på at ein må bussa rundt til ymse idrettshallar i byen.
Og til å passa på dei fleire tusen studentane: 85 eksamensvakter.
Ein telefon som vart kasta
Mange hugsar eksamensvakter som måtte følgja ein på toalettet, og som stod rett utanfor båsen og venta. I dette eksamenslokalet er det ikkje slik. Toaletta er plasserte midt i lokalet, og eksamensvaktene sine pultar står slik at dei ser kven som går ut og inn.
— Det hender jo at ein student prøver å få augekontakt med ein annan. Då seier eg «ikkje tenk tanken». Men eg har aldri rapportert nokon for fusk, seier Nystad.
Både han og Christensen fortel at nokre studentar er høgt oppe når dei kjem. Andre snakkar veldig mykje, og nokre er stille og konsentrerte.
Og av og til kan det verta for mykje for enkelte.
— Det var ein student som kasta ein telefon etter meg, seier Christensen.
Andre gongar tek eksamensvaktene med seg ein student ut, slik at dei får litt frik luft og får klarna tankane.
Må slutta når ein er 80
Det finst to aldersgrenser for eksamensvakter: Fram til du er 75 kan du vera ordinær vakt. Aldersgrensa for hovudvakter er 80.
Kjell Thorstensen er i siste gruppe. Han er 77 år, og har tidlegare vore eksamensvakt for Folkeuniversitetet. I tillegg er han lektor.
— Etter at eg vart enkemann, er det å vera eksamensvakt ein fin måte å koma seg ut og treffa folk på, seier han.
Klokka har plassert 14. Stadig nye eksamensvakter kjem innom for å skjenka seg varm kaffi eller snappa med seg ei peparkake. Om eit kvarter skal dei vera på plass i kvart sitt eksamenslokale.
Når ei knappenål fell
Studentane byrjar å samla seg i gangen, men dei slepper ikkje inn heilt endå. Tone Bekkevold og Kjell Arne Nysveen gjer klare kladdeark og innføringsark til dei om lag 140 førsteårsstudentane.
— No slepper eg inn!
Synnøve Sørlie er hovudvakt og ansvarleg i første etasje. Ho fortel at det er så stille at ein kan høyra ei knappenål falla under eksamen.
— Men kva gjer de vaktene på under eksamen? Kan ein til dømes sitja her og strikka eller hekla?
— Nei, eg synest ikkje ein skal gjera det. Det lagar lyd, seier Sørlie.
Morten Nystad har plassert sine ting midt i den eine delen av det store eksamenslokalet. No strøymer studentane inn. Denne gongen skal alle ha same eksamen, så det spelar inga rolle kor dei sit. Nokre gongar er det ulike eksamenar som vert arrangerte i same rom, så då må studentane sitja saman med andre som skal ha same oppgåve. Studentar som har krav på ekstra tid på eksamen kan òg verta plasserte på spesielle plassar.
Ein ung student kjem litt fortvila bort til Nystad. Ho har gløymt legitimasjon heime, seier ho. Han roar henne: Studentbevis med bilete, som ho har på telefonen, er godt nok.
Så er det ikkje så lenge igjen. Og når studentane er i gang med å svara på spørsmåla, skal vaktene i gang med det Nystad lattermildt seier at er den viktigaste oppgåva:
— Då må me bestemma kven som skal ha pause når.
Nylige artikler
Dei er i gang med andre runde i arbeidslivet: — Kan ikkje berre gå heime
To studentar vart drepne i masseskyting under eksamen
Førsteamanuensis ved UiT får skriftlig advarsel
Ikke legg ned Akademisk dugnad
NTL og de andre
Mest leste artikler
Delstaten Florida boikotter fem norske universiteter
En musepeker plassert på samme sted gjorde sensor mistenksom
Svarer «langsom professor»: — Ikke mulig å drive toppforskning med norsk arbeidsmoral
Hardt ut mot stempel som ekstrem. — Orwellsk nytale
Student fekk stryk etter bibelske svar om kjønn. Sensor suspendert