Debatt ● Marte C. W. Solheim og Bjørg F. Oftedal

Den kostbare søkaren som ikkje nyttar studieplassen

Kvart einaste år vel ein betydeleg del av søkarar som har fått tilbod om studieplass å ikkje nytte plassen. Det er ei utfordring vi må sjå nærare på.

Vi ser med bekymring på det høge frafallet frå «ja» til «ikkje møtt», og for at vi ikkje har eit system som gjer studentopptaket meir føreseieleg for universiteta, skriv kronikkforfattarane. — Det er på høg tid å ta tak i dette.
Publisert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Tenk deg at du inviterer til ein fest, og 60 personar takkar ja og seier at dei skal kome. Du handlar inn og har klargjort lokalet, og du har måtte avstå å også invitere nokre til, for då vert det rett og slett for fullt. Så kjem dagen for festen, og det er skrint i festlokalet. Det gjer det vanskeleg å planlegge, og slik står det seg for mange høgare utdanningsinstitusjonar kvar einaste haust.

I ein rapport publisert i 2018 av Statistisk Sentralbyrå (SSB) som tek føre seg søkarar som ikkje nyttar studieplassen, fann dei at av dei 105 320 søkarane som fekk tilbod om studieplass gjennom Samordna Opptak i 2018, var det berre 60 048 som møtte til studiestart. Det inneber at heile 43 prosent av søkarane som fekk tilbodet, ikkje nyttegjorde seg av det. Rapporten peikar også på det heilt vesentlege at denne søka- åtferda har konsekvensar for universitet og høgskular, som må «overbooke» studieplassane (gi tilbod til fleire enn ein har kapasitet til) for å sikre at studieprogrammet vert fylte.

Ved Universitetet i Stavanger var det i år 1100 studentar som takka ja til plassen, men som aldri møtte. Det at studentar ikkje møter gjer det vanskeleg å skulle planlegge, ein får ikkje høve til å gje studieplassane til nokon andre i same grad som om ein ville gjort om studenten hadde takka nei ved eit tidlegare tidspunkt.

Undervisarar brukar mykje tid og ressursar for å planlegge emne og forelesingar, arbeids- og eksamensoppgåver. Dette er tid og ressursar som ein kunne nytta på meir formålstenleg vis, til å planlegge andre emne, forsking eller annan form for kunnskapsutvikling. Men kvart einaste år legg ein til rette for inntog av nye studentar som altså takkar ja, men ikkje møter opp.­

Kvart einaste år legg ein til rette for inntog av nye studentar som altså takkar ja, men ikkje møter opp.

Solheim og Oftedal

I SSB-rapporten såg dei nærare på søkarane som ikkje nytta tilbodet om studieplass. Formålet deira er å undersøke om desse søkarane hadde noko til felles som kan gje ei betre forståing av søkaråtferda. I korte trekk finn dei at det er lite skilnad i andelen som ikkje nytta tilbod om studieplass mellom menn enn kvinner. Menn har ein tendens til i noko større grad enn kvinner å akseptere tilbodet, men likevel ikkje møte opp, skriv forfattarane bak rapporten. Samstundes ser dei at 19-årige søkarar hadde den høgaste andelen som ikkje nytta tilbodet, med 48% i 2018-opptaket. Derimot nytta dei som var hakket eldre, 20- og 21-åringane i større grad tilbodet om studieplass.

Ved Universitetet i Stavanger er det eit gjennomsnittleg fråfall på om lag 20% frå ja-svar til frammøtte studentar. Talla for ikkje-møtt er relativt stabile, men vi ser samstundes ei tendens til auke. Noko av auken er knytt til innføringa av studiepengar for internasjonale studentar utanfor EØS og Sveits.

Det er altså ikkje ei ny utfordring universiteta no står ovanfor at studentane ikkje møter opp. Vi ser derfor med bekymring på det høge frafallet frå «ja» til «ikkje møtt», og for at vi ikkje har eit system som gjer studentopptaket meir føreseieleg for universiteta. Særleg grunna at «ikkje møtt»-talet har store konsekvensar for universiteta, der vi vert målte ut frå kvart studiepoeng som produserast.

Vi stiller oss undrande til at det ikkje vert tatt nokre aktive grep for å legge opp til ein prosess som er meir føreseieleg for alle involverte partar.

Vi meiner det er på høg tid å ta tak i dette, og utfordre den etablerte praksisen i høve opptaket. Mellom anna bør det lokale opptaket endrast til eit samordna opptak slik at ikkje får høve til å takke ja til altfor mange studieprogram. I tillegg bør ein oppfordre eller gje høve for at studenten takkar nei på eit tidlegare tidspunkt når dei veit at dei ikkje kjem til å nyttegjere seg av plassen.

Nett som ein festarrangør vil setje pris på eller forventa at deltakar som vert forhindra, gjev beskjed.

Powered by Labrador CMS