internasjonalt samarbeid

Forskar, fredsprisvinnar, diplomat. Helt i både Ukraina og Russland. — Hadde Fridtjof Nansen levd i dag, hadde han vorte desillusjonert av Russland under Putin, meiner professor Jakob Lothe.

Ein ung Fridtjof Nansen på Bergens Museum, forløparen til Universitetet i Bergen. Nansen var både forskar og diplomat, og ei superstjerne i samtida.

Det er hundre år sidan han fekk fredsprisen. Men Nansen er sørgjeleg aktuell, meiner professor

Det er 102 sidan Noreg fekk sin til no siste fredsprisvinnar. Forskaren og diplomaten Fridtjof Nansen fekk prisen for det humanitære arbeidet han gjorde, særleg i Ukraina og Russland, etter den første verdskrigen.

Fakta

Fridtjof Nansen (1861-1930)

  • Studerte zoologi i København
  • Fekk deretter jobb på Bergens Museum, og tok doktorgrad i 1888 (om slimålen sitt sentralnervesystem)
  • Gjekk på ski over Grønland i 1888, og leia deretter Fram-ekspedisjonen frå 1893
  • Jobba for å hjelpa flyktningar og krigsfangar etter første verdskrigen, og vart Folkeforbundets første høgkommisær for flyktningar i 1920
  • Fekk Nobels fredspris i 1922
  • Var òg æresdoktor ved fleire universitet og fekk fleire prisar og utmerkingar, mellom anna St. Olavs orden

Nansen var i 1922 ein vaksen mann, og levde ikkje veldig mange år etterpå. Men same året fekk ein langt yngre forskar, danske Niels Bohr, nobelprisen i fysikk. Desse to møttest truleg berre ein gong, under eit nordisk fysikarmøte i 1925, men hadde kanskje meir til felles enn dei sjølve visste.

I den ferske boka Vitenskap, menneskerettigheter og diplomati er det samla artiklar frå eitt seminar om Nansen og eitt om Bohr, begge arrangerte i 2022.

«Inspirert av Nansen og Bohr trenger vi mer enn noen gang å samarbeide om vitenskapelig kvalitet og innhold, og ikke minst jobbe videre med å gjøre det ukjente kjent og kommunisere ny kunnskap på tvers av fag og landegrenser», skriv redaktørane Jakob Lothe og Helle Potsdam.

— Nansen var ekstremt nyfiken og hadde ein stor forskingsenergi. Sjølv om han fekk utretta utruleg mykje, døydde han med ei kjensle av at han hadde mykje ugjort. Og hadde Nansen levd i dag, trur eg han hadde vore engasjert i både fredsarbeid og i klimaforsking, seier Lothe.

Ein superkjendis

Lothe er professor i engelsk litteratur ved Universitetet i Oslo. Med andre ord eit heilt anna fag enn dei som var Nansen sine, men det var gjennom litteraturen Lothe vart interessert i Nansen.

Far til Jakob Lothe hadde Nansen sine bøker i bokhylla i Nordfjord. Slik vart den framtidige professoren interessert i forskaren og diplomaten.

— Far min var gardbrukar, og han hadde bøkene til Nansen i bokhylla. Eg las om ekspedisjonane hans og vart fascinert over alt han fekk til, seier Lothe.

Danske Bohr var med på å utvikla det som vart eit teoretisk grunnlag for atombomba. Han var skuffa over korleis teknologien vart nytta, og vart ein pådrivar for opne data — for å prøva å unngå eit atomkappløp.

— No drøftar ein om ein kan vera både forskar og aktivist. Korleis løyste desse to dette?

— Det var nok ein vanskeleg kombinasjon, og det handla særleg om tid. Nansen visste at han kom til å få mindre tid til forsking då han gjekk inn i humanitært arbeid, men han hadde ikkje samvit til å seia nei då han vart spurt. Det er viktig å vera klar over kor stor han var i samtida. Særleg etter Fram-ekspedisjonen fekk han ein spesiell status, han vart ein superkjendis!

Den statusen visste Nansen at han kunne bruka, fortel Lothe. Nansen gjekk gjerne rett til toppleiarane for å få noko gjort som diplomat.

Opptekne av nordisk fagspråk

Fakta

Niels Bohr (1885-1962)

  • Tok doktorgrad ved Københavns universitet og reiste deretter til Cambridge. 
  • I 1913 utvikla han det som har vorte kjent som Bohrs atommodell
  • Professor ved Københavns universitet frå 1916, og frå 1920 leia han Institut for teoretisk fysik
  • Samarbeidde med Albert Einstein på 1930-talet
  • Flykta til USA, via Sverige, under 2. verdskrigen. I USA medverka han til Manhattanprosjektet, som utvikla atombomba
  • Fekk Nobelprisen i fysikk allereie i 1922
  • Både under og etter 2. verdskrigen var han talsperson for internasjonal utveksling av forskingsresultat, for mellom anna å hindra bruk av kjernevåpen
  • Var med på å oppretta CERN

Grunnforsking, grunnforsking og meir grunnforsking. Det var gjennomgangsomgrepet då Khrono møtte nobelprisvinnarar i Stockholm i desember 2023. Og også for Nansen og Bohr var det grunnforsking som var viktig. Bohr med sine teoriar som som sagt førte til utvikling av atombomba, Nansen sine målingar av havstraumane i Arktis, men òg doktoravhandlinga hans om menneske sitt sentralnervesystem.

— Kor god forskar var Nansen eigentleg?

— Han var ein eksepsjonelt god forskar, og han hadde ein uvanleg arbeidskapasitet, seier Lothe, og fortel at Nansen fekk pengar av far sin for å kunne kjøpa det beste mikroskopet som var tilgjengeleg i samtida då han forska på sentralnervesystemet ved Bergens Museum. 

— Det går ei linje frå Nansen til den forskinga Moser og Moser fekk nobelprisen for i 2014.

I tillegg til at både Nansen og Bohr var skeptiske til eit skilje mellom grunnforsking og anvendt forsking, var dei òg opptekne av noko som også er aktuelt hundre år seinare: fagspråk.

— Dei skreiv på norsk eller dansk i tillegg til engelsk. Både Nansen og Bohr var opptekne av å formidla forsking på nordiske språk; dei meinte at ein som forskar har ei plikt til å visa folk kva ein driv med, seier Lothe.

Dette er truleg den einaste gongen dei to nobelprisvinnarane møtte kvarandre: Ein aldrande Fridtjof Nansen og ein langt yngre Niels Bohr under ein konferanse i 1925.

Vitskapsdiplomatar

I den ferske boka, som vart presentert under eit arrangement i Det Norske Videnskaps-Akademi tidlegare i veka, skriv Lothe og Porsdam at den innsatsen Nansen og Bohr gjorde som vitskapsdiplomatar er «sørgelig aktuelle den dag i dag».

«Krig i Europa og masser av flyktninger og emigranter fra klimatruede områder av verden gjør at vi har bruk for flere som i likhet med Nansen er parate til å påta seg humanitære oppgaver av forskjellig art. Og det atomkappløpet som Bohr forsøkte å unngå ved å poengtere viktigheten av åpenhet, utgjør stadig en global fare for menneskeheten. Siden hans åpne brev til FN i 1950 er det blitt enda mer tydelig at atomkrig er en reell fare, og at det er essensielt å tale om ‘dual use’ av vitenskap og teknologi også i forbindelse med andre vitenskapelige landevinninger som f.eks. kunstig intelligens», skriv dei.

Nansen gjorde ein stor innsats i Ukraina, men hadde òg eit godt forhold til Russland, og er framleis sett på som ein helt der. Eit av kapitla i boka stiller spørsmål ved om det er rett å kalla hjelpepakkane Ukraina no får frå Noreg for «Nansenprogrammet».

— Innhaldet i desse pakkane er i stor grad våpenhjelp. Nansen dreiv med humanitært arbeid, han hjelpte dei svake og svoltne. Han var meir oppteken av lidande menneske enn av kva side dei stod på i ein konflikt. Samstundes kritiserte han Tyrkia for det armenske folkemordet, seier Lothe.

For Nansen var Russland framtidslandet, seier professoren. 

Korleis han hadde sett på verda i dag, hundre år etter, er sjølvsagt vanskeleg å meina noko om.

— Men eg trur han hadde vorte desillusjonert av det Russland ein no ser under Putin. Og at han hadde vore intenst oppteken av å verna naturen og motverka klimaendringane.

 



Powered by Labrador CMS