khrono helg

Det er mykje som gir grunn til uro, seier Vidar Helgesen, og meiner at kunnskapsnasjonen Noreg er sløva av oljen. Statsråd Sandra Borch svarar at nobeldirektøren driv med svartmåling.

Han vil ha meir pengar til grunnforsking, meir internasjonalisering og meir fokus på dei flinkaste elevane og studentane. — I Noreg ser ein ei antiinternasjonalisering både når det gjeld skule og utdanning, seier Vidar Helgesen.

Nobeldirektøren er uroa: «Noreg driv med ein nasjonalistisk retrett»  

Stockholm (Khrono): — Eg fekk tårer i auga. Og eg gjer det endå.

Vidar Helgesen si stemme brest.

Han er direktør for Nobelstiftelsen i Stockholm, snart FN sin nye havsjef. Frå den svenske hovudstaden har han sett mykje ved norsk utdannings- og forskingssystem som uroar han.

Meir om det snart.

Helgesen serverer kaffi i Nobelstiftinga sine lokale sentralt i Stockholm. Han fortel at han skulle få dela ut pris under ein forskarkonkurranse i Sverige. «Utställningen Unga Forskare» er for elevar på vidaregåande skule. Dei som gjer det best her vert plukka ut til Sverige sitt unge forskingslandslag — som igjen konkurrerer internasjonalt. «Vi vill att nyfikenheten och intresset för naturvetenskap, teknik och matematik ska ha en självklar plats i ungas liv», skriv foreininga Unga forskarar om seg sjølve.

— Det var ei ung jente med innvandrarbakgrunn som vann. Ho hadde med seg mobilen opp på scena, der mora var med på Facetime. Takk, mamma, ropa og gret ho, fortel Helgesen rørt.

— Det var eit vakkert døme på at i forsking er det innsats og prestasjonar som gjeld, og at det gjeld å skapa moglegheiter for alle unge til å utnytta talenta sine. Kunnskapspolitikk som stiller krav, kan vera god utjamningspolitikk.

I Noreg fanst det ein liknande konkurranse fram til 2022. Korleis skal ein no legga til rette for dei gode, unge forskingstalenta? 

Ifølgje Helgesen er det mykje som går i feil retning.

Undervisning på engelsk

— Det er mykje som gir grunn til uro, seier han.

Høgremannen Helgesen har vore Noreg sin EU/EØS-minister frå 2013—2015 i Erna Solbergs regjering, og han har vore klima- og miljøminister. 

Dei siste tre åra har han vore direktør for Nobelstiftinga, og til våren flyttar han til Paris og skal jobba i FN-systemet.

— I Noreg ser ein ei antiinternasjonalisering både når det gjeld skule og utdanning, seier Helgesen.

— Kva krev utviklinga i verda? Jo, eit teknologiskifte, eit grønt skifte, og når ein snakkar om makt og økonomi kan ein ikkje lenger berre snakka om Europa og USA. Japan har eit måltal på kor mange nobelprisvinnarar dei skal ha, og ein har land som Kina og India med høge ambisjonar, seier han vidare og let det henga i lufta.

Lengst nord i Europa heng ein ikkje med, meiner Helgesen, og seier at sjølvsagt må ein ha undervisning på engelsk ved norske universitet.

— Å publisera på norsk er å utstyra seg sjølv med eit handikap. Det er å syta føre at ein vert oversett.

Redd for å mista dei flinkaste

I 2020 vart det bråk då International Baccalaureate Organization gjorde om på måten dei rekna om poeng på. Elevar på vidaregåande skule som tek den internasjonale linja International Baccalaureate (IB) får karakterar etter eit anna system enn den ordinære, norske vidaregåande skulen. 

Når elevar med IB-vitnemål skal søkja høgare utdanning, må karakterane difor reknast om. 

Ifølgje Samordna opptak vert topp IB-poengsum, mellom 43 og 45, omrekna til 60 norske skulepoeng. Får ein 40 poeng på IB vert desse rekna om til 57,1. Hausten 2023 var poenggrensa for å koma inn på medisin med førstegongsvitnemål over 60 — unntaket var UiT Noregs arktiske universitet som hadde ei grense på 59,8.

— Noreg driv med mishandling av IB-elevane, seier Helgesen.

— Med den omrekninga som er, er det mange studium ein ikkje kjem inn på, som juss og medisin. Det betyr at ein sperrar ute dei aller flinkaste elevane.

Han seier at dei elevane som tek IB-linje heilt frå ung alder lærer å jobba med metode, og han er kritisk til kuttet i støtte til friskulane.

Å publisera på norsk er å utstyra seg sjølv med eit handikap.

Vidar Helgesen

— Det rammar òg dei internasjonale skulane, som har IB-linje, seier Helgesen, og legg til, noko tørt, at ein ved prestisjeuniversitet som Stanford og Harvard kjem inn med 39—40 poeng på IB-vitnemålet. Han er redd for at dei flinkaste studentane vel å studera i utlandet, og at Noreg slik går glipp av kompetanse.

— Noreg driv med ein nasjonalistisk retrett. Det hjelper heller ikkje på at finansieringa av norske studentar i utlandet er svekka, og at ein har innført skulepengar for studentar utanfor EU/EØS. Internasjonale studentar vil ein tydelegvis ikkje ha i Noreg.

Ein milliard? I Sverige er det seks

Då Khrono intervjua nobelprisvinnar Anne L' Huillier i Stockholm i samband med Nobelveckan, var eksterne forskingsmidlar til grunnforsking noko av det ho trekte fram. L'Huillier kom til Lund universitet fordi dei hadde ein avansert laser, noko som universitetet mellom anna hadde fått private pengar til frå Knut och Alice Wallenbergs Stiftelse.

— I Noreg legg ein ikkje nok til rette for grunnforsking, hevdar Vidar Helgesen.

Han er òg skeptisk til svekking av Retur-EU-ordninga, og at ordningar knytt til excellence, som Senter for framifrå utdanning, vert kutta.

— I Noreg snakkar ein om KI-milliarden. Men veit du kor mykje pengar Sverige no skal satsa på kunstig intelligens?

Han svarar sjølv:

— 6,2 milliardar svenske kroner fram til 2031. Og det er berre dei private pengane! Men når ein ikkje har tradisjon for store private pengar til forsking, er det endå viktigare at det offentlege satsar på grunnforsking.

I Noreg har ein som kjent eitt forskingsråd. Denne hausten har det vore kritikk av kven som er peika ut til å sitja i porteføljestyra. Det er dei ti styra som avgjer kva prosjekt som får midlar, og mellom anna meiner instituttsektoren at dei er for dårleg representert.

Helgesen seier at i Sverige viser ein til det norske forskingsrådet som ei ordning som fungerer bra.

— Forskingsrådet bør ha ei størst mogleg kvalitetssikring, og prosjekta som får pengar må veljast på eit uavhengig og fagleg grunnlag.

Politikarane sitt ansvar

Nobel-direktøren ønskjer seg meir fokus på nobelforskinga enn på nobelfesten og kjolane, har han tidlegare sagt til Khrono

Men i ein svensk hovudstad som feirar med hemmeleg fest, stor middag, føredrag og pressekonferansar i hus med gull og marmor, og der Nobelstiftinga sjølv held til på Stureplan, er det mykje som peikar i ein elitistisk retning.

— Forsking er ikkje elitistisk, seier Helgesen bestemt.

Han er oppteken av at forskarane har et ansvar for at ho heller ikkje vert oppfatta som det. Men han sender og nokre stikk i retning politikarane, og nemner saker som alkoholbruk og å eta raudt kjøt.

— Det er eit politisk ansvar å stå opp for forskinga, og ikkje avvisa forsking der ein sjølv ikkje likar resultata. Ein har politikarar, som Sylvi Listhaug og Sandra Borch, som har gått ut mot forsking. Det legitimerer forskingsskepsis.

Han legg mobiltelefonen sin, ein smarttelefon, på bordet.

— Det er mellom tjue og tretti nobelprisoppdagingar som ligg bak ein slik telefon. Og det var ein teknologi allereie utvikla gjennom forsking driven av nyfikne som gjorde det mogleg å laga ei vaksine mot covid-19 så kjapt. Om ein har ein politikk der ein er oppteken av folk flest — då må ein vera oppteken av forsking.

Men svolten etter kunnskap er annleis andre stader, seier Helgesen, og viser til nobelprisvinnar Doris Lessing (død 2013) og det ho sa om kor viktig bibliotek er. Å læra dei unge å lesa er ei demokratisk handling, sa ho òg.

— Noreg er råvarebasert og sløva av oljen, meiner Vidar Helgesen.

— Ein treng politisk leiarskap og politisk retning for å styrka kongerikets kunnskapsgrunnlag, seier han.

Alfred Nobel sjølv heng på veggen i Nobelstiftinga sitt styrerom. Stiftinga si viktigaste oppgåve er å forvalta pengane etter Nobel. Vidar Helgesen har leilegheit i same bygget, men flyttar snart til Paris.

Vil ha forskingsbasert havpolitikk

Det siste vert òg viktig i det neste fagfeltet han skal inn i. Den formelle tittelen er leiar for Unescos Intergovernmental Oceanographic Commission (IOC).

— Havet er planeten sine lunger og veldig viktig for alt liv på planeten. Det er heilt avgjerande at me forvaltar havet på ein betre måte. Med klimaendringane treng me betre kunnskap og betre planar. Det er store spørsmål, sa Helgesen til NRK då det vart kjent at han vert havsjef.

— Det er viktig å vera forskingsbasert i havpolitikken, til dømes når det gjeld mineral på havbotnen. Olje- og gasspolitikken i dag er heller ikkje i tråd med kunnskapen, seier Helgesen.

Han seier at Noreg er det landet med høgast tettleik av havforskarar, både knytt til forskingsinstitusjonar, men òg i næringslivet.

— Men det er mykje ein ikkje veit, særleg om det djupe havet. Ja, ei viss oppvarming av havet ser på kort sikt ut til å gi meir torsk, men kva skjer med næringsgrunnlaget til denne torsken når temperaturane aukar meir enn me trudde? Og kva løysingar krev dei gitte endringane? Her trengst det eit heilt anna samspel mellom forskarar og politikarar.

Borch:  Svartmåling

— Å diskutera forsking er ikkje det same som å mistru forsking, skriv forskings- og høgare utdanningsminister Sandra Borch i ein e-post til Khrono.

Ho seier at ho heiar på forskingsmiljøa i Noreg.

— Det har eg alltid gjort. Som statsråd er ein av mine aller viktigaste jobbar å verna om den akademiske fridommen og forskarar sin ytringsfridom. 

I den nye universitets- og høgskulelova vert vernet av den akademiske ytringsfridommen styrka, seier Borch, noko som etter hennar meining er viktig for å sikra fri forsking av høg kvalitet.

— Helgesen si svartmålande skildring av røyndommen kjenner eg meg rett og slett ikkje att i.

Gulati: — Frp har kjempa

Også Frp meiner Helgesen bommar. 

— Det er nettopp me som har kjempa for forskarane sin akademiske ytringsfridom og den uroa han tek opp, skriv Gulati i ein e-post til Khrono.

Han viser til at Frp fremja eit representantforslag i Stortinget etter at det kom fram at over halvparten av akademikarane meiner politisk korrektheit er eit problem og tjue prosent av forskarane seier dei har unngått å realisera ein forskingside grunna frykt for å utfordra kollegaer.

— Me tok opp temaet med statsråden i Stortinget så seint som no i desember. Men i eit demokratisk samfunn må det vera lov å utfordra dersom forskingstema er einsidige, utval eller resultat selektive eller dersom ein unngår tabu. Der vil Frp framleis vera ei vaktbikkje, skriv Gulati.

 

Powered by Labrador CMS