svalbard

Kva gjer ein når ektefellen får jobb i Longyearbyen? Då spør ein sjefen om kor mykje heimekontor ein kan få ha på OsloMet.

Inger Helen Sekse Hilleren tok med seg OsloMet-jobben til Svalbard. No jobbar ho litt der, men er mest stipendiat ved UiT Noregs arktiske universitet — begge deler i hovudsak frå heimekontoret i huset i Longyearbyen.

Dette er verdas nordlegaste heimekontor

Publisert Sist oppdatert

Longyearbyen (Khrono): Det var far sin idé. Frode Sekse Hilleren jobbar med tradisjonshandverk, og hadde lenge ønska å reisa til Svalbard.

— Du ville vel eigentleg til ei jakthytte, seier kona, Inger Helen Sekse Hilleren, medan ho ser skrått på han og humrar.

Etter å ha fått avslag på den første stillinga han søkte, fekk Frode brått tilbod om stilling som prosjektleiar for teknisk-industrielle kulturminne ved Svalbard museum. To månadar seinare var han på plass i Longyearbyen.

Halvanna år etter det igjen, er dei fire som bur i huset. Gyda Sofie går i fjerdeklasse på Longyearbyen skole. Kjirstina er i ferd med å avslutta ungdomsskulen, og mor Inger Helen — ho har verdas nordlegaste universitets-heimekontor i første etasje i rekkehuset.

Spisshusa er eit kjenneteikn i Longyearbyen. Dei fleste husa i byen er ikkje i privat eige, hus og jobb følgjer stort sett kvarandre. Biletet er teke 1. juni, dagen før var det snø i lufta. — Me har kjøpt nye vinterklede, seier mor Inger Helen.

Vart stipendiat

Arbeidsstaden hennar var nemleg ved OsloMet si sjukepleieutdanning på Kjeller då dei flytta.

— Eg hadde eigentleg lagt vekk ideen om Svalbard. Men då Frode fekk jobb, måtte eg gå til leiaren min og spørja «kor mykje jobb tid kan eg få på heimekontor»? Så eg fekk ein del oppgåver eg kunne løysa frå fjerne strok, og så var eg nokre rundar i sør, fortel Inger Helen.

I utgangspunktet var det nemleg berre ei prosjektstilling Frode fekk, så den første planen var at jentene skulle fullføra det skuleåret som slutta i juni 2024 på Svalbard. 

Men stillinga vart fast. Då måtte Inger Helen ta ein ny runde på kva ho skulle gjera.

— Eg har ei fast stilling på OsloMet, og det er ein jobb eg er glad i. Så å seia opp hadde eg ikkje lyst til. Samstundes er det jo ingen sjukepleiestudentar her oppe, og det vert krevjande å finna relevante oppgåver for meg eit heilt arbeidsår. På den andre sida er det jo for ein periode — eg har ikkje tenkt å bu på Svalbard til eg vert gamal.

Løysinga hennar vart å ta doktorgrad. 

I fjor haust fekk ho ei stipendiatstilling ved UiT Noregs arktiske universitet, der tema er bruk av kunstig intelligens i rettleiing av masterstudentar. No har ho 80 prosent permisjon for OsloMet-jobben.

Samstundes som mor starta som stipendiat etter fylte 40, fullførte far ei bachelorgrad i tradisjonshandverk ved NTNU. Dei fortel at hausten 2024 var ein glidelås, med foreldre som var vekke kvar sine periodar.

— Det var som å ha skilde foreldre, seier Kjirstina tørt.

— Det verste var ein gong Frode skulle reisa nedover med det flyet eg kom opp med. Men då visste me i alle fall at ein av oss var her med ungane, sidan han ikkje kom seg av garde før flyet mitt hadde landa, seier Inger Helen.

Snøen ligg framleis langt nedover fjellsidene, men ti år gamle Gyda Sofie Sekse Hilleren har funne fram sykkelen. Mor Inger Helen, far Frode og storesøster Kjirstina er med på tur.

Ny epoke: Vidaregåande

16 år gamle Kjirstina har gått nokre rundar, og vurderer framleis om ho skal reisa heim til Nannestad for å gå på vidaregåande skule. Storebror, som var russ i vår, valde å ikkje reisa nordover med resten av familien. Han kunne ikkje fullføra det skuleløpet han hadde begynt på dersom han skulle busetja seg i Longyearbyen.

— Ein kjenner seg litt innestengt her, seier Kjirstina.

— Eg saknar faktisk regnet!

Ho har fått nye venner, og det er lettare å ha oversikt over ein skule der det er omlag 200 elevar frå 1. — 10. trinn, enn på ungdomsskulen heime med sju parallellar på kvart trinn. Men ho saknar ein plass der ungdommen berre kan henga. Longyearbyen har idrettshall og mange lag og organisasjonar.

— Men eg skulle på det lokale senteret med ei venninne. Det var gjort på ti minutt, det.

Den kvite bjørnen

Utanfor huset står tre snøscooterar parkert. Men no, tidleg i juni, er snøen vekke frå gatene. Gyda Sofie har funne fram sykkelen. Ho fortel om turar familien har vore på, mellom anna for å sjå ein stor koloni kvalross som hadde lagt seg til ved flyplassen.

— Og det er masse nordlys her!

Meir tid saman, mellom anna til å reisa på scootertur, er noko av det familien set pris på.

Nede i gangen heng det scooterdressar på rekke og rad. Vinterklede for Austlandet og vinterklede for Svalbard er på ingen måte det same.

— Kor kaldt vert det?

— Det er vinden som er problemet, seier Frode.

— Dersom det er tjue kuldegrader i Nannestad, er det ikkje vind. Og dei dagane det ikkje er vind her i Longyearbyen, er det heller ikkje kaldt.

— I går sa eg at «no snør det litt». Men dette er ikkje ein stad der det skal vera pluss femten grader!

Kjirstina har fått eigen scooter. Førebels kan ho ikkje reisa ut utan vaksne, for på Svalbard må ein ha med rifle eller signalpistol så snart ein er utanfor sentrum. Den kvite bjørnen bur her, han òg.

— Me var ein gjeng ungdommar som var med på ein organisert tur til Brucebyen. Me skulle vera der frå fredag til søndag. Frå laurdag og til slutten av turen låg ein mammabjørn og ungen berre nokre hundre meter unna der telta våre var, så det var forsterka isbjørnvakt heile helga. Eine natta sumde ein hannbjørn forbi. Mammabjørnen byrja nærma seg litt då me skulle reisa, så det vart litt meir hektisk å koma seg derifrå, fortel ho.

Frode har sett bjørn på austkysten, men verken Gyda Sofie eller Inger Helen har sett isbjørn — endå.

Gyda Sofie ønskjer å sjå isbjørn. Men i fjor såg familien ein koloni av kvalrossar, som hadde lagt seg til like ved flyplassen.

To månader med natt og dag

I juni er det lyst heile døgeret i Longyearbyen. I fleire månader frå november er det heilt mørkt.

— Me har vel berre vel to månader der det faktisk er eit døger med lys og mørke, seier Frode.

— Kva er annleis for dykk som familie med å bu her?

— Alt. Me har meir tid, kvardagen er ikkje så stressande. Her kan ein gå til alt, så det går mindre tid til transport. Så på sett og vis lever me i ei slags boble.

Om dei vil tilrå andre å gjera det same som dei? 

Det er ikkje berre-berre å flytta til Svalbard. Bustadpolitikken er svært regulert, og stort sett følgjer husvere med jobb. Familien Sekse Hilleren fekk ein familiebustad då Frode takka ja til stilling på museet og ville ha med seg familien.

— Men det er absolutt mogleg å få til ein god jobb sjølv om ein er eit stykke unna kollegiet sitt. Det handlar om å kunna leggja til rette med oppgåver som fungerer å gjennomføra digitalt, og i akademia finst det mange slike oppgåver, seier Inger Helen.

Kor lenge dei vert buande, har dei ikkje bestemt seg for. Når hausten kjem, kjem Inger Helen til å vera ein del i Nannestad dersom Kjirstina vel å gå på vidaregåande skule der. Men planen er at dei tre andre uansett vert buande ei stund til.

— Men de kan ikkje bu på Svalbard når eg vert 30, seier Gyda Sofie.

Dette er også 17. mai!
Powered by Labrador CMS