internasjonalisering

— Eit signal frå statsråden som uroar oss djupt

SV fryktar «nedbygging av internasjonal solidaritet», etter at regjeringa har sett program for globalt samarbeid på pause.

Norpart-programmet, som skal sikre samarbeid med land i Asia, Afrika og Latin-Amerika, er sett på pause. Bildet er av bachelorstudentar i Kathmandu, Nepal.
Publisert Oppdatert

— Kva i all verda er det regjeringa og statsråden held på med no? spør Grete Wold, stortingsrepresentant for SV og medlem av utdannings- og forskingskomiteen.

Spørsmålet er ein respons på at utlysinga av 175 millionar kroner til samarbeid og studentutveksling med land i Asia, Afrika og Latin-Amerika utan forvarsel er trekt tilbake og utsett til våren 2024.

Pengane blir fordelt gjennom Norpart-programmet, som står for Partnarskapsprogram for globalt samarbeid.

— Bit for bit

— Det er urovekkande at ein plutseleg set bremsene på for viktige ordningar som støttar opp om internasjonalisering, studiar på tvers av landegrenser og utvikling av kompetanse. Det verkar som ei nedbygging, bit for bit, av internasjonal solidaritet. Det er eit signal frå statsråden som uroar oss djupt, seier Wold.

Forklaringa på at utlysinga er stansa er ein «uklar budsjettsituasjon», ifølgje Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir), som administrerer programmet.

Stortingsrepresentant for SV og medlem i forsknings- og utdanningskomiteen, Grete Wold.
Stortingsrepresentant for SV og medlem i utdannings- og forskingskomiteen, Grete Wold.

Ifølgje statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Oddmund Løkensgard Hoel (Sp) ønskjer regjeringa å «skaffe betre oversikt» og «sjå på verkemidla i internasjonaliseringsfeltet», etter innføringa av studieavgift for studentar som kjem frå land utanfor EU/EØS/Sveits. 

SV stemte for innføring av studieavgift i Stortinget. Wold kjøper likevel ikkje forklaringa frå statssekretæren.

NSO: — Regjeringa forstår ikkje

— Ei vag grunngiving om «uklar budsjettsituasjon» — er det eit varsel om kor ein vil kutte i neste års statsbudsjett? Eg tolkar Hoels svar i Khrono slik at regjeringa ønskjer å legge ned Norpart. Eg forstår at ein ikkje kan forskottere om det kjem pengar, men at ein vel å legge dette på is, etter at utlysinga er gått ut, talar for seg, seier Wold.

Fakta

Globalt samarbeid

  • Det overordna målet med NORPART er å styrke kvaliteten i høgare utdanning i Noreg og utviklingsland gjennom utdanningssamarbeid og gjensidig studentmobilitet.
  • Programmet skal mellom anna styrke partnarskap for utdannig og forsking og sørge meir utveksling av studentar frå utviklingsland til Noreg og omvendt. kjelde: HK-dir.

— At prosessen bak ikkje er inkluderande eller godt forankra, gjer det endå meir håplaust, legg ho til.

Også Norsk studentorganisasjon (NSO) reagerer på utsetjinga av Norpart-programmet.

— Nok ein gong viser regjeringa at ho ikkje forstår kor viktig internasjonalt samarbeid er i universitets- og høgskulesektoren. Dette viser ei manglande forståing, ikkje berre for kva det tilfører sektoren, men heile samfunnet, seier leiar i NSO, Oline Sæther.

Ho er også kritisk til at stansen i Norpart-programmet vart gjort brått, utan dialog med sektoren.

— Det fører til at dei tilsette må bruke meir tid på unødvendig søknadsskriving i staden for å planlegge og gjennomføre god undervisning. Ola Borten Moe har jo sjølv sagt at det er viktig at ein ikkje brukar for mykje tid på søknadsskriving.

24 land

Norpart-programmet vart innført av regjeringa Solberg i 2016 og avløyste den tidlegare kvoteordninga for studentar frå utviklingsland, som hadde eksistert sidan 1994.

Samstundes vart Panorama-strategien lansert, som legg opp til ei prioritering av utvalde hovudsamarbeidsland utanfor EU/EØS. Då Panorama-strategien vart fornya i 2021, var Brasil, Canada, India, Japan, Kina, Russland, Sør-Afrika, Sør-Korea og USA med.

Førebels siste utlysing i Norpart-programmet var i 2021. Då var 74 prosjekt i 33 land i sving med støtte frå programmet.

* Retting torsdag 13.7., kl. 16.40: I artikkelen stod det opphavleg at det var 46 aktive prosjekt i 24 land ved utlysinga i 2021. Det rette er 74 prosjekt i 33 land. Khrono beklagar feilen.

Powered by Labrador CMS