Debatt

Eit steg i rett retning

Kapasitetsutvidinga med øyremerka studieplassar til helse- og sosialfag og lærarutdanning, som vi får i revidert budsjett, bør ikkje bli den siste.

Krisetid er nok tid for dugnad og samkjensle, men det er også tida for potensielle feilvurderingar med langsiktige negative konsekvensar, skriv dekan ved Fakultet for samfunnsvitskap ved OsloMet, Oddgeir Osland.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Det har oppstått ein interessant kontrovers mellom den påtroppande leiaren av Kompetansebehovsutvalget og direktør i Kompetanse Norge, Sveinung Skule, og prorektor og dekanar med ansvar for dei humanistiske og samfunnsvitskaplege faga ved UiO og NTNU. Striden gjeld samfunnsbehova for ulike typar høgare utdanning.

Etter at Skule presiserte argumentet sitt i Khrono 10 mai, er det kanskje mogleg å semjast om følgjande: Ei heilt sentral utfordring i dag er å få kanalisert ressursar og studentar til utdanningar som er naudsynte for ein berekraftig velferdsstat i framtida. Dette omfattar ikkje minst utdanning til praktisk orienterte yrke som er avgjerande for helse og tryggleik, som helse- og sosialfagutdanningar, og lærarutdanningane våre. Og denne utfordringa har konsekvensar for måten vi tenkjer rekruttering, dimensjonering og kapasitet i høgare utdanning.

Og dette er eit synspunkt vi kanskje kan samle oss om, også vi som meiner dei humanistiske faga representerer dei grunnleggande erkjenningsformane i samfunnet og utdanningssystemet vårt - sjølve grunnlaget for kva det tyder å tenke i og om menneskelege og språklege fellesskap. Dei er avgjerande for oss, men det er ikkje dermed sagt at det er der prioriteringsutfordringa står i det norske masseutdanningsuniversitet i 2020. (Ei anna sak er at debatten har fått fram den avgjerande rolla humanistiske fag kan og bør spele i utdanninga av lærarar og lektorar).

Ei heilt sentral utfordring i dag er å få kanalisert ressursar og studentar til utdanningar som er naudsynte for ein berekraftig velferdsstat i framtida.

Oddgeir Osland, dekan ved Fakultet for samfunnsvitskap, OsloMet

Det er ikkje så lett å regulere dagens studentetterspurnadsdrive utdanningssystem, og det er gode grunnar til at det må vere slik. Men det vi i det minste kan gjere, som Skule peikar på, er å kompensere for veikskapane i systemet i situasjonar der vi aukar talet på studieplassar, slik KD gjer i dei ekstraordinære tidene vi no lever i.

I denne situasjonen kan det vere freistande å auke kapasiteten på studiar der det kostar minst og ein kan oppdimensjonere raskast, heller enn til dømes i profesjonsutdanningar som er meir ressurskrevjande og støyter mot kapasitetsproblem utanfor sjølve utdanningsinstitusjonen, i form av praksisplassar og -rettleiing. Krisetid er nok tid for dugnad og samkjensle, men det er også tida for potensielle feilvurderingar med langsiktige negative konsekvensar. Og mang ein statsråd kjenner nok no på freistinga til å hente ut kortsiktige politiske vinstar utan vesentleg blikk for dei langsiktige kostnadane han veltar over på dei som sit i stolen hans om fem - ti år.

Det er difor verd å merke seg at Asheim og Kunnskapsdepartementet tenkjer meir ansvarleg og framoverretta enn som så. I alle høve tyder dei over 2500 nye studieplassane til helse- og sosialfag og lærarutdanning i revidert nasjonalbudsjett på det. Samstundes er det òg verd å merke seg situasjonen vi stod i ved utdanningsinstitusjonane då vi på nokre få dagar i april skulle svare på invitasjonen frå departementet og prioritere utdanningar der vi kunne få til kapasitetsauke frå hausten 2020: Det var ofte vanskelegare å auke kapasiteten i profesjonsutdanningane enn i mange av dei andre utdanningane våre, nettopp på grunn av dei barrierane som manglande praksisplassar og arbeidsintensive undervisningsformer representerer. Det var i alle høve tilfelle på fakultetet eg arbeider for.

Det er difor avgjerande for vidare og styrka innsats for kapasitetsutviding framover, at styresmaktene sterkare adresserer problemet med finansieringa og organiseringa av og tilgangen til praksisplassar for helse- og sosialfagutdanningane våre. For den kapasitetsutvidinga vi får i revidert budsjett bør ikkje bli den siste.

Regjeringa og Kunnskapsdepartementet har teke viktige steg i rett retning, men det er framleis ein lang veg å gå.

Powered by Labrador CMS