eksterne forskingsmidlar

Etterlyser pengar som kan gjera samarbeid lettare

Nord universitet har fått titals millionar frå Forskingsrådet for å styrka profesjonsutdanningane og jobba mot utanforskap. Men dei saknar å kunne bruka pengar på aktørar utanfor akademia.

Ved Nord universitet har forskarar fått til saman 120 millionar kroner for å forska på tema knytt til barn, unge og utanforskap.

— For mange barn og unge står utanfor jobb, skule og fritidsaktivitetar. Mange av dei unge som står utanfor kan også oppleva låg livskvalitet og psykiske helseproblem. Dette er alvorleg både for dei unge sjølve, og for samfunnet. No startar me eit langsiktig samarbeid for å sikra at alle vert med, sa barne- og familieminister Lene Vågslid (Ap) i ei pressemelding i vår.

I den same pressemeldinga kom det fram at regjeringa, gjennom Forskingsrådet, lyste ut 117 millionar kroner.

Ved Nord universitet har forskarar fått omlag 60 millionar frå Forskingsrådet til å forska på barn, unge og utanforskap. Til saman har universitet, og då er 60 EU-millionar medrekna, fått over 120 millionar kroner for å forska på slike tema. 

Forskingssenteret PrepChild, med professor Catrine Torbjørnsen Halås som leiar, er sentralt.

— Det handlar om å styrka det tverrfaglege, seier ho.

Meiner det burde vore grunnfinansiering

Eit barn eller ein ungdom opplever ikkje nødvendigvis utanforskap berre på éin arena. Det er grunnen til at forskingsprosjekta som ligg under PrepChild nettopp er tverrfaglege, og målet er også at ein skal kunne laga tverrfaglege studieprogram og tverrfagleg innsats.

— Me snakkar også om transfaglegheit. I det omgrepet er det sivile samfunnet med, seier Halås.

Catrine Torbjørnsen Halås (framme) saman med dei som har vore med på å skriva søknad til Forskingsrådet. PrepChild fekk midlar som eitt av tre senter. Cecilie Høj Anvik til venstre.

Ein av måtane forskarane ønskjer å jobba på, er gjennom øvingar med fleire aktørar. For det første er problemstillingar interessante og viktige for mellom anna studentar både innan helsefag, lærarutdanningar og samfunnsfag. Men det er òg viktig for aktørar som Røde Kors, idrettslag og andre i organisasjonssamfunnet.

— Men når ein får pengar frå Forskingsrådet, er det avgrensa kva ein kan bruka pengar på. Me kan til dømes ikkje betala organisasjonar eller praksisfeltet for å vera med på prosjekta våre når me har fått støtte til forskingsprosjekt. Det skulle eg ønska at me kunne, seier Halås.

— Kommunane burde ha ei grunnfinansiering som gjer at dei til dømes kan vera med på øvingar.

Eigne utlysingar for kommunane

Det finst pengar som kommunane kan søkja på. Det opplyser Forskingsrådet i ein e-post til Khrono. Der skriv dei at det er ulike krav og føringar i ulike utlysingar.

— Det stemmer at denne utlysinga presiserte at «Relevante aktører i offentlig og/eller privat sektor kan også inngå som samarbeidspartner i senteret. Merk at det kun er forskningsorganisasjoner som kan motta støtte fra Forskningsrådet», heiter det. 

Forskingsrådet skriv at same føring mellom anna finst i utlysingar som «Forskningssenter for spesialpedagogikk og inkluderende praksis», «Senter for nukleær forskning», «Forskningssenter for geopolitikk» og «Forskningssenter for skatteøkonomisk forskning».

Forskingsrådet kjenner igjen problemstillinga, skriv dei.

— Me kan forstå at dette kan opplevast avgrensande for den tverrfaglegheita dei skildrar, og det er sjølvsagt ei tilbakemelding me tek med vidare.

— Det er viktig å identifisera kva som faktisk står i vegen for meir inkluderande og praksisnære forskings- og innovasjonsprosjekt, og korleis ein kan løysa dette for å få til betre samspel mellom forsking, tenester, det frivillige og ungdom sjølv.

Og det finst støtteordningar for aktørar utanfor akademia. 

— Til dømes er det, knytt til nettopp samfunnsoppdraget om å inkludera fleire barn og unge, lyst ut midlar til samarbeidsprosjekt som føreset prosjektsamarbeid mellom forskingsmiljø og relevante aktørar utanfor forskingssektoren. Forskingsrådet lyser òg ut midlar der aktørar utanfor akademia kan vera prosjekteigarar, skriv Forskingsrådet, og opplyser at det var ein søknadsfrist i september der både kommunar, fylkeskommunar og verksemder i offentleg sektor kunne søkja finansiering frå Forskingrådet.

Laga scenario og øva

Som Khrono har skrive før, har Nord universitet fleire øvingar. Den store Øvelse Nord vert arrangert kvar vår, men i tillegg er Nordlab eit heilt laboratorium der ein kan øva på beredskap.

Politihøgskolen øver gjerne saman med sjukepleie- og paramedicstudentar

Men også å motverka utanforskap kan øvast på, meiner Catrine Torbjørnsen Halås og Cecilie Høj Anvik. Anvik er professor ved Fakultet for samfunnsvitskap og ein del av eit breitt samansett forskarteam ved PrepChild.

— Me kan til dømes konstruera eit case som handlar om mobbing, seier Anvik.

— Kva utfordringar gir tausheitsplikt når ein skal jobba tverrfagleg?

— Me har hatt eit prosjekt tidlegare som handla om vald, og ja, tausheitsplikt er utfordrande. Men me kan laga scenario og spela dei ut, altså øva, seier Halås.

Anvik held fram:

— Når det gjeld tema som vald og overgrep, kan me til dømes jobba saman med problemstillingar knytt til om scenaria er realistiske. Det handlar om å rusta studentane for det verkelege livet, seier ho.

Ikkje samde om alt

Ved PrepChild — Senter for barn og unge, og sosial beredskap — er det om lag tjue tilsette frå til saman fire fakultet.

— Akademia vert ofte skulda for å tenka i siloar. Korleis fordeler de til dømes kven som skal få studiepoeng?

— Så langt har me fordelt timar mellom oss, og det har gått bra. Å laga felles studieprogram ligg litt lenger fram i tid. Men me jobbar for å få inn felles undervisning i fleire eksisterande studieprogram. Å få slikt inn i planar tek år! Ein felles fagdag, om til dømes vald og seksuelle overgrep, går fint, seier Halås.

Med tilsette med ulik fagbakgrunn er ein ikkje samde om alt. Det skal ein heller ikkje vera, seier dei to professorane.

— Det varierer, også i forskingsmiljøet, korleis ein forstår utanforskap. Det gjer at me får ulike inngangar. Og det det er konsensus om, på tvers av forsking, praksis og styresmakter, er uro for utanforskapet, seier Anvik.

Halås viser til den ferske boka Det samfunnsskapte utenforskapet, som forskarar ved Universitetet i Agder har vore redaktørar for. 

I omtalen av boka heiter det at «det er en bok om problemet med korleis vi forstår problemet. Den gir ny kunnskap og nye perspektiver til lærere, studenter, sosionomer, barnevernsarbeidere, politikere, journalister — og alle andre som møter barn og unge i sitt arbeid. Det samfunnsskapte utenforskapet utfordrer leserne til å tenke nytt om barndom, velferd og samfunnsansvar — og hva som faktisk kreves for å skape reell inkludering».

— Kva er det i samhandling som skaper utanforskap? Og korleis kan ein klara å bruka ulike perspektiv for å få bukt med utanforskapet, spør professoren.

Dei mange millionane Nord universitet har fått, skal brukast over fem år. Det er tilsett fleire forskarar i rekrutteringsstillingar, og ein har òg fått fysiske rom der deltakarar frå universitetet og praksisfeltet kan samlast.

   

Powered by Labrador CMS