beredskap

Nord universitet sitt masterprogram i kriseleiing og beredskap er svært populært. Slik gjekk det då studentane fekk ansvar for ein redningsoperasjon.

Rune Elvegård har mange skjermar å passa på, men full kontroll! Han er senterleiar for Nordlab, Senter for beredskap og samvirke, ved Nord universitet.

466 studentar søkte seg hit for å læra om beredskap. 17 prosent fekk plass

Bodø (Khrono): Det brenn i eit cruiseskip med over 3.000 passasjerar om bord. Skipet har fått maskinstans, og det driv no mot Værøy. Vêret i området er dårleg, med austleg kuling og mykje sjø.

FAKTA

Nord universitet og beredskap

  • Øving Nord vart etablert i Bodø i 1996, då ved høgskolen i Bodø. Det var ei lokal kriseøving for studentar innan helse, politi og jpurnalisitkk
  • Sidan 2013 har øvinga vore ei nasjonal, fullskala samverkeøving
  • Øvings- og simulatorlaboratoriet Nordlab vart opna i 2016. Hausten 2024 vart det utvida til 500 kvadratmeter.
  • Nordlab legg til rette for gjennomføring av utdanning, forsking og øvingar, og har òg lokale for nettverks- og dialogmøte med beredskapsaktørar og næringsliv

Det kunne vore reelt — det er nok å nemna ulukka med Viking Sky utanfor Hustadvika i 2019. Cruiseskipet fekk full stans på alle motorane i full storm og var berre sekund unna å gå på grunn. Om bord var det vel 1.300 personar, og det var for farleg å setja ut livbåtane.

Men denne gongen er det berre ei øving for masterstudentane i beredskap og kriseleiing ved Nord universitet.

I overkant at 30 vaksne masterstudentar, alle til dagleg i full jobb, er samla i Bodø. Gruppa tel totalt 80 — plukka ut blant 466 søkjarar. No er det desse som saman skal finna ut korleis dei ville løyst situasjonen.

— Dei som tek denne erfaringsbaserte mastergrada er leiarar som jobbar med beredskap i ulike organisasjonar. Gjennom dette studiet får dei eit større bilete. Dei har utdanning innafor sine fagfelt, men dei har lite organisasjonsfag og leiing, seier Natalia Andreassen.

Ho er studieprogramansvarleg for masterprogrammet og professor i organisasjon og leiing ved Nord universitet.

Nokre minutt tidlegare har ho sendt ei gruppe ned i kjellaren ved Nordlab i Bodø. Dei skal no vera den lokale kriseleiinga. Dei som sit rundt bordet i etasjen over er på nivået over, og det er dei som skal bestemma kva ressursar som skal sendast til staden.

Eigen øvingslab

Men om dei ikkje har studiepoeng i leiing, har dei som sit rundt bordet mykje erfaring. Mange av dei har i dag stillingar som gjer at dei ikkje vil ha namn eller bilete publisert i media. Her er tilsette i politiet, forsvaret, kystverket og helsevesenet — for å nemna nokre.

— Og ein gong i året har me ei stor øving i samarbeid med Universitetet i Bergen sitt Senter for krisepsykologi. Då kjem mellom anna leiarar i kommunal sektor hit, seier Andreassen.

Senter for beredskap og samvirke — Nordlab — er staden der øvinga går føre seg. Her har ein simulatorar som mellom anna kan brukast til å øva på kva som skjer dersom ein opplever eit stort oljeutslepp.

Senterleiar, førstelektor Rune Elvegård, sit inne i instruktørrommet. Her får ein med seg kva som vert drøfta i dei to studentgruppene. Gode evalueringar og studentrefleksjonar er viktige i læringsprosessar, og dei bidreg til meistring og motivasjon, seier Elvegård medan han følgjer med på skjermane.

— No kan me visa litt kaos. Me må få inn ein støyfaktor, seier han, og sender inn Tommy Edvardsen.

Edvardsen er redningsleiar hos Hovudredningssentralen med ansvar frå 65 grader nord og nordover. I dag er han med som mentor.

— No har det gått ut info til passasjerane om at skipet ikkje lenger kan produsera varme, så dei har fått beskjed om å kle seg godt. I tillegg har det byrja å verta lagt ut ting i sosiale media, og media ønskjer kontakt, seier Edvardsen.

Studentane noterer.

Tommy Edvardsen var ein av mentorane under øvinga. Han kom med ny informasjon til studentane om korleis situasjonen på havet tilspissa, eller kunne tilspissa, seg.

— Må trena

Men kva er det som gjer at vaksne frå heile landet søkjer seg til eit slikt masterprogram? Fleire Khrono snakka med må ta fri utan løn for å vera med på samlingar, og også dekka reise og opphald sjølv.

— Det handlar om det verdsbiletet me ser, og eit samfunn som er i endring. Ein snakkar om ein spissa beredskap. Dersom eg skal jobba med det, må eg byrja med meg sjølv, seier Daniel Fjellheim.

Han har jobba mange år operativt i politiet, og er oppteken av eit godt samspel mellom etatar.

Og at det er viktig, kom tydeleg fram på dag ein av denne samlinga. Saman med representantar frå fleire andre etatar sat Tommy Edvardsen i eit panel som drøfta korleis ein kan samhandla godt når det bokstaveleg tala brenn — eller skjer andre store ting. 

— Eg har vore fotballtrenar for aldersbestemte lag, og såg der at ting ein ikkje trenar på, får ein heller ikkje til i kamp. Det er same her. Ein må trena! Og leiing, kultur og struktur heng saman. Ein må dela all informasjon ein kan dela — ikkje halda tilbake det ein kan, sa Kjetil Haugen.

Då var han der som visebrannsjef i Salten Brann. Ei veke seinare kom meldinga om at han no vert leiar for Sivilforsvaret i Nordland.

Ei nasjonal krise?

Daniel Fjellheim jobbar altså operativt til dagen. Når han no sit ved enden av det lange bordet hos Nordlab, har han fått rolla som politimeister. 

Martin Krauss Amundsen er høgskulelektor hos Politihøgskolen, men no fungerer han som representant for Forsvarets operative hovudkvarter. Andrea Mongstad er tilsett i Forsvaret, men er for høvet representant for Luftfartstilsynet. Saman skal dei planlegga redning og evakuering av dei 3.000 personane.

— Eg tek denne masteren fordi eg ønskjer å byggja ein kompetanse som Forsvaret treng, men som Forsvaret ikkje tilbyr, seier Mongstad.

Rundt bordet har dei konkludert med at det byrjar å tendera mot ei nasjonal krise. Det har kome fleire nye opplysningar: Passasjerane har mista alt dei har av eigendelar. Det er båtar i området som kan hjelpa, men ein del av dei er eit stykke unna. Og kven kan faktisk ta imot så mange passasjerar dersom ein får redda alle? Kan Bodø ta imot så mange i Bodø spektrum? Kor mange sjukehus er det i nærleiken? Og kva dersom alle passasjerane må gå i land på Værøy?

— Der har du ein kommunedirektør, ein helse- og omsorgssjef og ein brannsjef i delt stilling, vert det kommentert, noko tørt.

Til samanlikning måtte den vesle byen Gander på Newfoundland ta imot 38 fly og over 6.000 passasjerar 11. september 2001 — etter at luftrommet over USA vart stengt.

Martin Krauss Andersen og Daniel Fjellheim drøfta korleis dei skulle angripa situasjonen. Og kva etat hadde faktisk ansvar for kva under ei så stor ulukke?

Trenar lokale leiarar

Tilbake på instruktørrommet. Rune Elvegård konstaterer at det vert drøfta godt i dei to gruppene.

— Kor sannsynleg er scenariet de teiknar opp her?

— Hundre prosent.

Førsteamanuensis Beate Steinveg, som òg har hatt nokre førelesingar for masterstudentane på tidlegare kull, sa nyleg til Khrono at noko er i endring — og ein merkar det kanskje ekstra godt i nord.

— Vanlege folk snakka ikkje om verdsorden då eg vart stipendiat i 2016, sa Steinveg.

Ho opplever at studentane er meir oppdaterte enn før, men også meir uroa.

— Og kva er det ein skal førebu seg på?

Også Natalia Andreassen peikar på at Nord universitet, og også ein god del av masterstudentane, er heimehøyrande i nord.

— Ein snakkar om ein totalberedskap. I nord har me små kommunar, og lite ressursar. Det skal lite til før ein situasjon vert komplisert, seier ho.

— Kva trur de er grunnen til at dette studiet er så populært?

— Det handlar nok om at det gir attraktive karrieremoglegheiter. Utdanninga er relevant og fleksibel, men kanskje det viktigaste er at ho gir samfunnskritisk kompetanse, seier Elvegård.

— Me tilbyr fleire etter- og vidareutdanningstilbod her ved Nordlab, og dit kjem det mellom anna mange kommunale leiarar.

Har nokon eit kart? Daniel Fjellheim ringjer den andre gruppa, dei som sat i kjellaren hos Nordlab og hadde ansvar for mottak på land.

Kan skje i dag

Der ein del av studentane jobbar anten operativt ute eller sit ved operasjonsleiingar i Politi-Noreg, har Tommy Edvardsen ei koordinerande rolle. Som redningsleiar i hovudredningssentralen sit han saman med representantar for både brann, politi og helse til dagen.

— Det som studentane her øver på, kan skje når som helst. Det kan skje i dag, seier han.

I ei hending på sjøen er det hovudredningssentralen som har ansvar for redningsaksjonen som skjer på sjøen. Politiet har ansvar for mellom anna mottakssenter på land.

— Det er betryggande at dei me skal jobba saman med er kursa, seier han.

— Og når ein er saman her og øver, ser ein viktigheita av kvarandre.

Fysiske og digitale samlingar

På tide å oppsummera.

Det er semje om at ein fekk opp pulsen hos dei som skulle øva, og også semje om at dei ikkje med ein gong var sikre på kven som hadde ansvar for kva.

— Det hadde vore urealistisk å få lasta alle passasjerane på land med helikopter før skipet grunnstøytte ved Værøy, seier Edvardsen.

Den rutinerte redningsleiaren seier at ein nok rett og slett måtte la skipet gå på grunn. Tidlegare i øvinga fekk studentane vita at det var slepebåtar som kunne tilkallast, og dei ville då kunne halda cruiseskipet nokonlunde stabilt.

— Veldig nyttig å sjå eit slikt scenario i spel, seier Daniel Fjellheim, som altså er van med å jobba operativt.

— Dette er dagsaktuelt, eg synest ein trefte spot on.

Ein fekk opp pulsen, det er bra, seier professor Natalia Andreassen.

Studentane har tre eller fire samlingar kvart semester over to år. Nokre av samlingane er digitale, andre fysiske. Eit tidlegare kull var mellom anna til Nederland for å læra om flaum og vasskadar.

Rune Elvegård er stolt over lokala når han viser rundt. I 2016 hadde Nordlab 70 kvadratmeter. I dag har dei sjudobla.

— Her kan me gjennomføre diskusjonsøvingar, speleøvingar, funksjonsøvingar, simulatorøvingar eller kombinera ulike typar øvingar. Fasilitetane gir oss enorme moglegheiter til å øve alle typar organisasjonar, både på operativt og strategisk nivå, seier han. 

Senteret har avansert simulatorutstyr. Det, samt integrasjon med andre, gjer at ein kan øva på komplekse hendingar i heile krisespektertet. 

— Mellom anna søk og redning og oljevern, forklarar han, og seier at det skal koma nye versjonar av programvaren som vert brukt slik at øvingane vert endå meir naturtru.

— Studentar, forskarar og andre aktørar kan òg koma og bruka laboratoria med alle dei moglegheitene som ligg her. Det verste som skjer med eit senter er at det ikkje er i bruk.

Powered by Labrador CMS