arktis

Får mystiske e-postar: — Avviser heller ein gong for mykje enn ein gong for lite

Ein vert kanskje litt paranoid, seier førsteamanuensis Beate Steinveg om å vera forskar i nord.

Er ein godt nok førebudd — og på kva? Det skal drøftast ved Nord universitet, der mellom andre førsteamanuensis Beate Steinveg skal vera med i eit panel.
Publisert Sist oppdatert

Bodø (Khrono): — Oi, er det ei drone?

Det var visst berre ein måse. Men førsteamanuensis Beate Steinveg måtte sjå to gongar for å vera sikker på kva det var ho såg på veg til jobb. Ho forskar mellom anna på utanriks- og tryggleikspolitikk og internasjonal politikk relatert til nordområda og Arktis.

For eit par år sidan ville folk nok berre ledd av forskaren dersom ho sa at ho hadde sett ei drone svevande over Bodø på veg til jobben ved Nord universitet. Men noko har endra seg.

— Ein kan ikkje lenger be ein tilfeldig sidemann på flyplassen om å passa på kofferten vår dersom me går på toalettet. Og firehjulstrekkaren med 17 antenner på taket er ikkje nødvendigvis ein radioamatør. Tida for å vera naiv er nok over, seier Tom Cato Karlsen, statsforvaltar i Nordland, i ei pressemelding frå Nord universitet.

Saman med Steinveg skal han vera med på eit arrangement i Lytring-serien komande veke. Lytring er ein fri og uavhengig debattarena, eigd av Nord universitet og Nordlandsforskning. Denne gongen er temaet for debatt om ein er godt nok førebudd på det som ventar med ein ny geopolitisk situasjon.

— Kva er det me prøver å førebu oss på, spør Steinveg.

— Dersom det er ein invasjon som under 2. verdskrig ein tenkjer på, er nok det lite sannsynleg.

Med følarane ute

— Det skjer stadig hendingar ein kan stilla spørsmål ved og lura på kva som eigentleg går føre seg, seier statsforvaltar Karlsen.

Og kven som stod bak det som verkar som ein droneaksjon i Danmark, veit ein ikkje noko sikkert om. Men:

— Når Russland sine militære ressursar er bundne opp i Ukraina, brukar dei andre verkemiddel andre stader, seier Steinveg.

PST snakkar om hybride truslar.

— Dette er truslar som krev noko av alle innbyggjarar. Det kan vera propaganda, det kan vera spreiing av desinformasjon. Det er umogleg å seia noko om når og kor dette vil skje, og det er vanskeleg å bevisa kven som står bak.

Som forskar med geopolitikk og nordområde som forskingsfelt, merkar ho at ho er meir bevisst enn tidlegare.

— Eg kom frå UiT Noregs arktiske universitet, så eg har jo berre jobba i nord. Men eg har lagt merke til at eg får ein del litt merkelege spørsmål på e-post, mellom anna spørsmål om å treffa nokon fysisk, seier Steinveg.

— Eg har nok fått ein ganske låg terskel for å ikkje svara folk, men eg tenkjer at det er betre å avvisa nokon ein gong for mykje enn ein gong for lite.

— Trur du nokon følgjer med på det du gjer?

— Ein vert kanskje litt paranoid. Men eg har følarane ute.

Uroa studentar

Førsteamanuensen starta som stipendiat i 2016. Då var mykje annleis, seier ho. Russland hadde annektert Krim, men landet var framleis med i fora som Arktisk råd, og det var samarbeid mellom forskarar på tvers av landegrensene.

— Vanlege folk snakka ikkje om verdsorden den gongen, seier Steinveg, og seier at for forskarar som møter studentar har det dukka opp nye utfordringar. Ho opplever at studentane er meir oppdaterte enn før, men også meir uroa.

— Det skjer noko heile tida, og me som forskar på geopolitikk må henga meg. Eg kom til undervisning dagen etter dei første dronesakene i Danmark, og hadde ikkje heilt fått med meg kva dette var. Men eg fekk spørsmål frå studentane om kva dette var for noko.

Førsteamanuensen er oppteken av at ein må førebu både studentar og andre på at det kan skje endringar — men samstundes ikkje krisemaksimera. 

Nupi-forskar Julie Wilhelmsen nytta nyleg omgrepet «mellomkrigstid» i eit intervju med Khrono. Aktørane i verdspolitikken snakkar saman ved å rusta opp og visa fram våpen, samstundes som dei seier at dei ønskjer fred.

— Det uroar meg sterkt, sa Wilhelmsen.

Samarbeida med Kina? Eller ikkje?

— Det er ikkje krig, men det er heller ikkje fred, seier Steinveg.

Saman med Martin Kossa har ho mellom anna publisert forsking på kva det faktisk var som skjedde då Kina var interesserte i oppkjøp av Kirkenes havn.

— Då såg me kor lite førebudde norske styresmakter var. Og det er ein krevjande situasjon: Næringsdepartementet seier at ein skal ha ein open handel, medan PST seier tydeleg «nei» når det er snakk om Kina, seier førsteamanuensen.

Ho viser til at styresmaktene i Noreg og Sverige har vald ulike omgrep når dei vil ha innbyggjarane til å førebu seg og ha eigne beredskapslager.

— I Sverige snakkar ein om korleis ein skal oppføra seg i ein eventuell krig. I Noreg snakkar ein om krise.

Pandoras øskje

Steinveg skreiv doktoravhandlinga si om dei arktiske konferansane og arktisk politikk. Noko av det ho har forska på, er Arktisk råd si rolle. Rådet, der Norg hadde leiarskap frå 2023-25, er råka av Russland sin invasjon i Ukraina.

— Dei sju andre arktiske landa har bestemt at Russland ikkje skal vera med. Per no har ein berre litt samarbeid forskarar imellom, og det skjer berre digitalt. Det betyr at når det kjem til kunnskapsformidling om Arktis, så er ikkje den russiske sida med, seier Steinveg.

Det som vert drøfta, er kva legitimitet Arktisk råd har utan Russland. Men dei andre landa argumenterer sterkt for at rådet framleis skal ha ei rolle. I aust finst det nemleg nokre andre land ein ikkje ønskjer å ha nærare. Dette er noko som mellom anna har vorte tydeleg på Svalbard.

— Me må ha eit svalbardfilter, sa Jøran Idar Moen, direktør for Universitetssenteret på Svalbard (Unis) då Khrono var der i juni

Moen snakka om kven som får koma til Noreg og ikkje som forskar — noko både nasjonale tryggleiksvurderingar og eksportkontrollregelverket set nokre grenser for.

Svalbard er interessant i mange samanhengar. Eit kart Morgenbladet har fått laga, viser kor nær militærbasane ligg. Samstundes er det slik at alle land som har skrive under Svalbardtraktaten, har rett til å vera til stades på øygruppa.

— Det er ingen som er interesserte i ein diskusjon om ein arktisk traktat. Derom Arktisk råd vert lagt ned, opnar ein Pandoras øskje. Då kan både Kina og India koma på bana. Så ein tviheld på legitimiteten til dei arktiske statane, sjølv om det er krevjande, seier Beate Steinveg.

Endringslogg: Lagt inn ei presisering av kva Lytring er. Endring gjort 27. oktober kl 13.43

Powered by Labrador CMS