utanrikspolitikk
Barth Eide: Kan ikkje lenger samarbeida med alle ein vil
Krig er ikkje det det ein gong var, og forskingssamarbeid er meir krevjande enn før, seier utanriksminister Espen Barth Eide. På Universitetet i Bergen vart han møtt av demonstrantar.
— Ei vakker tid med læring på tvers, seier utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) om åra etter den kalde krigen og før den geopolitiske situasjonen har endra seg til det han er i dag.
8. august var utanriksministeren først på Sjøkrigsskulen og deretter Universitetet i Bergen (UiB). Der drog han dei lange utanrikspolitiske linjene.
— Eg har jobba mykje med krig og fred og sånn, spøkte Barth Eide då han først møtte tilsette og studentar ved Sjøkrigsskulen.
Men noko har endra seg sidan han vart utanriksminister første gong i 2013. Den gong var krig noko som skjedde langt unna Noreg. No har ein for det første krig i Europa, på ein måte som liknar den ein hadde for over hundre år sidan, og ein har òg ein sikkerheitspolitisk situasjon som er annleis enn for nokre år sidan.
Eksportartikkel
I mai leverte regjeringa ein nasjonal tryggleiksstrategi. Der heiter det mellom anna at ein skal ha eit ansvarleg internasjonalt forskingssamarbeid.
— Kva betyr dette?
— Det er ei krevjande problemstilling, seier utanriksministeren til Khrono.
— Akademia har vore var med å kunne velja kven ein skal samarbeida med. Men forsking er ein eksportartikkel på same måte som andre varer, og som næringslivet må ein velja med omhug. Ein let til dømes ikkje lenger ein iransk fysikkstudent studera problemstillingar knytt til atomteknologi.
Det maritime domenet
Ein av stadane der forskingssamarbeid er meir krevjande er før, er på Svalbard. Espen Barth Eide var der sjølv i vår, og understreka då at Svalbard er og skal vera norsk. Då Khrono var i Longyearbyen i juni, sa Jøran Idar Moen, leiar for Universitetssenteret på Svalbard, at mellom anna kinesiske studentar ikkje får studieplass. Dette har Kina seinare reagert på.
— Det maritime domenet er viktig igjen, sa Barth Eide under føredraget på Sjøkrigsskulen, og peika på at Arktis er eit hav med land rundt — og der ruta mellom dei tre største økonomiane i verda er kortast.
Morgenbladet viste i vår eit kart som viser kor tett militærbasane ligg rundt Svalbard.
— Det er ingen konflikter i Arktis som er generert av forhold i Arktis, sa Eide.
Uroa over situasjonen i USA
Ein av dei største økonomiane i verda er den amerikanske. Dei siste månadane har forhold i USA vore omtalt i norske aviser i stor grad, mellom anna om president Donald Trumps konflikt med amerikansk akademia.
Utanriksminister Eide understreka at sjølv om norske styresmakter er usamde med Trump og hans folk om mykje, er forholdet til presidenten godt. Men Eide er likevel uroa over noko av det han ser i USA.
— USA har vore eit fyrtårn for fri kunnskap. Det uroar meg at tilliten til forsking er mindre i det amerikanske samfunnet, og det er ein bekymringsfull trend i fleire land: Forståing av at noko er sant, og ein aksept av at ein var samd om noko, kan verka å forvitra.
— Drøftar du akademisk fridom under press med Trump når du møter han?
— Sigrun Aasland har snakka om situasjonen i USA, og Noreg er med på både å redda forskingsdata og å rekruttera amerikanske forskarar. Men akademisk fridom er eit innanrikspolitisk forhold, seier Eide.
Møtt av demonstrantar på UiB
Den siste tida har Oljefondet sine investeringar i israelske verksemder vore sterkt kritisert. Oljefondet og Finansdepartementet har vore råka av ein mediestorm etter at ei gruppe historikarar gjekk gjennom selskapa, og no har finansminister Jens Stoltenberg lova ei avklaring om investeringane i Israel neste veke.
— Eg meiner det er bra at det no vert gjort ein skikkeleg jobb med Oljefondet sine investeringar, sa Eide på møtet ved UiB.
— Og at det ikke har vore gjort tidlegare, kan ein ikkje gjera anna enn å orsaka.
Men for mange har situasjonen på Gaza gått for langt. Etter føredraget i Bergen sentrum vart utanriksministeren møtt av demonstrantar utanfor bygget. Dei hamra på kjelar og ropte taktfast: «La Gaza leve» og «Espen hør, barn i Gaza dør».
På bakken låg det kvite samanrulla papirposar. Dei var i barnestørrelse og skulle gje eit bilete av barna i Gaza som døyr.
Som Noregs fremste diplomat, gjekk utanriksministeren ut på gata for å snakka med demonstrantane. I nokre minutt snakka han med Thomas Høiseth, som er leiar av Palestinakomiteen i Bergen.
Etterpå, under eit forsøk på å å halde ein tale til heile forsamlinga, ropte demonstrantane spørsmål og kommentarar til statsråden. Til slutt vart han skyfla unna og inn att i bygget.
Meiner akademisk boikott ikkje er lurt
Men Espen Barth Eide er stort sett glad i å svara på spørsmål, og under begge føredraga fredag var det sett av godt med tid til at folk kunne rekke opp handa. Utanriksministeren fekk, ikkje uventa, fleire spørsmål frå salen om situasjonen i Midtausten.
— Økonomiske sanksjonar mot Israel frå Noreg åleine vil ha liten effekt, sa Eide under dagens første møte.
Heller ikkje akademisk boikott er noko han vil ta til orde for. Det er eit tema som har vorte drøfta ved universitet og høgskular sidan våren 2024. Men universitets- og høgskulerådet har sagt nei, sjølv om nokre enkeltsamarbeid har vorte lagt på is.
— Har utviklinga i Gaza denne sommaren gjort at akademisk boikott er noko ein bør drøfta på nytt?
— Det er utdanningsinstitusjonane sjølve som må få bestemma kven dei vil samarbeida med. Når det er sagt, er akademisk boikott langt nede på lista over kva eg synest er eit lurt verkemiddel. Det er ofte i akademiske miljø ein finn den kritiske tenkinga, seier Eide.

Nylige artikler
Det amerikanske ekkoet i Helgheim-debatten
Forskningsintervjuene ble en befriende møteplass for Bente
150 år med ingeniørutdanning er historia om menneska som bygger Noreg
Stipendiaten fikk en melding på LinkedIn som skulle snu opp ned på alt
Tre enkle tiltak for å satse på russiskfaget
Mest leste artikler
Direktør med uheldig «klaps» på direktesendt TV
På pulten til historieprofessoren låg ein lapp med beskjed om å rydda
Slutt på at ansatte kan bruke Airbnb og Booking.com på jobbreiser
– Det er en borgerplikt å dele kunnskapen
Rektor Mogherini arrestert etter korrupsjonsanklager