Her er det studentar frå 40 nasjonalitetar. Kinesiske studentar får ikkje koma
Universitetssenteret på Svalbard har eit eige svalbardfilter på når dei avgjer kven som får koma som forskarar og studentar til øygruppa.
Turistar i fleng besøkjer Svalbard. Men i den geopolitiske situasjonen verda er i, er det ikkje forskarar eller stipendiatar frå alle land som får koma til Universitetssenteret på Svalbard.Foto: Hilde Kristin Strand
Longyearbyen (Khrono): Det langstrekte bygget til Svalbard Forskingspark rommar mykje. I tillegg til Universitetssenteret på Svalbard (Unis) finn ein Norsk Polarinstitutt, Forskingsrådet og Sintef — for å nemna nokre av dei.
FAKTA
UNIS
Universitetssenteret på Svalbard AS (Unis) er ein norsk forskings- og utdanningssinstitusjon på Svalbard.
Unis vart grunnlagt i 1993
Unis tilbyr undervisning innan arktisk biologi, geologi, geofysikk og teknologi.
Studentar som studerer dette kan søka seg for eitt semester til Unis i løpet av det tredje og siste året av bachelorgraden. Unis har i tillegg ei rekke kurs som er retta mot master- og doktorgradsstudentar.
Institusjonen er ikkje akkreditert, så studentane frå norske universitet får grad frå heimeuniversitetet. Utanlandske studentar vert administrativt knytt til UiT Noregs arktiske universitet
Med unntak av Universitetet i Innlandet, har Unis avtale med alle norske universitet. Dei norske studentane som kjem til institusjonen, kjem i hovudsak frå UiB og NTNU
Hausten 2024 kom det 210 studentar til Unis. I løpet av eit år er omlag 700 studentar innom, og dei utgjer omlag 220 studentårsverk
Unis har 26 permanent vitskapeleg tilsette, men til kvar tid er det omlag 60 forskarar ved senteret
I overkant av 40 prosent av stukdentane som kjem til Unis er norske. Av dei andre studentane kjem det flest frå andre nordiske land, Tyskland og Nederland
Sjølv kom han frå professorstilling ved Universitetet i Oslo (UiO) for fem år sidan, men har vore knytt til Unis heilt frå 1990-talet. Han forska mellom anna på nordlys, noko ein ofte kan sjå så langt nord.
I år er det hundre år sidan Svalbard vart ein del av kongeriket Noreg.
Noreg har suverenitet over øygruppa. Men Svalbardtraktaten, som vart underteikna i 1920, men som verka frå 1925, gjer òg at alle land som skriv under har lov til å leva og verka på Svalbard. På lista obver land som har skrive under, står både Kina og Russland, og no sist Tyrkia.
Mellom Noreg og Russland har det vore eit forskar til forskar-samarbeid. I tillegg har norske forskarar hatt moglegheit til å nytta russiske forskingsfasiliteter i Barentsburg og i Pyramiden til utdanning. Det vart det slutt på i 2022. Unis har framleis utfordringar med å etablera erstatningar, slik at dei kan tilby heile utdanningstilbodet sitt, seier Moen.
Stortingsrepresentantar, statsråd — og kongen
I staden for samarbeid med naboen i aust har norske styresmakter denne våren understreka at Svalbard er norsk.
— Russarane får lov til å vera her, det har dei rett til etter svalbardtraktaten, men suvereniteten er norsk, og norske lover gjeld, sa utanriksminister Espen Barth Eide til Svalbardposten då han var på Svalbard i slutten av mai.
— Det er eit viktig nasjonalt prosjekt å investera i å løysa utfordringar på Svalbard, sa dåverande justisminister Emilie Enger Mehl til Svalbardposten på tampen av 2024. Det var Mehl som var ansvarleg statsråd då Svalbardmeldinga vart lagt fram.
— Det er vesentleg for oss at alliansepartnarane våre har kunnskap om Svalbard si heilt spesielle rolle, sa stortingsrepresentant Trond Helleland (H) til same avis i mai.
Det skjedde om lag ei veke etter at det gjekk ein prosesjon gjennom Barentsburg. Dagen var 9. mai, den russiske sigersdagen for andre verdskrigen, skriv Morgenbladet. Halvparten av dei som bur i gruvebyen hadde møtt opp. Dei song krigssongar og viste bilete av døde soldatar.
Nokre veker før det igjen, fekk kinesarane beskjed om at dei to store løvene som står utanfor bygget kinesiske forskarar disponerer i Ny-Ålesund, måtte vekk. Svalbardposten skreiv at då det i fjor var markering av tjue år med kinesisk forsking på Svalbard, vart det sett klare rammer for feiringa. Likevel dukka 183 kinesiske cruiseturister med flagg og banner plutselig opp. En kvinne poserte i militæruniform.
Lars Ole Saugnes, direktør for Kings Bay, seier til Svalbardposten at det no skal koma ein einskapleg skiltplan i Ny-Ålesund. Det betyr at løvene må vekk. Det same må skiltet kinesarane har på bygget sitt; Yellow River Station.
— Eg legg til grunn at kinesarane, på linje med dei andre leigetakarane våre, rettar seg etter den nye skiltplanen, seier han.
Også kong Harald har understreka at Svalbard er ein del av Noreg. Han var på planlagt reise til Svalbard og Bjørnøya midt i juni. Det er auka merksemd om både Arktis og Svalbard, sa han, og overfor NRK peika han på at dette gir både utfordringar og moglegheiter.
— Dette er norsk, og det er det viktig at me poengterer, sa kongen.
I Svalbard forskingspark finn ein både Unis, Polarinstituttet og Sintef. Vegg i vegg ligg Svalbard museum.Hilde Kristin Strand
Seier nei til kinesiske studentar
I dagens geopolitiske situasjon er det å vera internasjonal meir enn styrke enn eit problem, seier Unis-direktør Jøran Moen, og peikar på at ein må ha samarbeid for å løysa klimakrisa. Han fortel om studentane, dei er talentfulle og samvitsfulle, seier han, som kjem, og som fullfører det dei har begynt på. Det er berre ein prosent som ikkje fullfører, seier Moen.
— Me likar å tenkja at me utdannar klimaambassadørar, seier han, og fortel Unis gjennom året har studentgrupper frå meir enn 40 nasjonar.
Flyplassen i Longyearbyen. Det er langt til det meste — kortast til Nordpolen.Hilde Kristin Strand
— Mange er den einaste frå sitt land og har pionerånda i seg. Alle nye studentar er like uerfarne. På Svalbard må ein passa på kvarandre, og då gløymer ein nasjonalitet. Her nullar ein ut farge, religion og politikk.
Men Moen vil gjerne ha fleire norske studentar, og tok nyleg til orde for eit eige svalbardstipend for norske studentar. Det er eit mål at halvparten av studentane skal vera norske.
Nasjonale tryggleiksvurderingar og eksportkontrollregelverket set nokre grenser for kven som får koma til Noreg som forskar.
— Her oppe må me ha eit svalbardfilter i tillegg, seier Moen.
Han understrekar at øygruppa ikkje er kva som helst utkant, og seier at Svalbard er interessant i mange samanhengar. Eit kart Morgenbladet har fått laga, viser kor nær militærbasane ligg.
— 40 prosent av dei gjenverande ressursane på kloden ligg under isen. Med ressursknappheit kan me forventa ei aukande interesse for å posisjonera seg i Arktis, seier Moen.
På Svalbard trengst det båt for å koma seg rundt, og studentane er med på fleire ulike tokt. Til dette nyttar Unis mellom anna norske kystvaktskip.
— Me nyttar òg kritisk samfunnsinfrastruktur i feltutdanninga, og vil ikkje at studentar ved Unis skal handsamast på ulike måtar, ved å måtte verta utestengt frå feltaktivitetar. Det betyr at me for tida mellom anna ikkje kjem til å ta opp kinesiske studentar hos oss, seier Moen.
Han fortel at det er naudsynt å særleg vurdera søknader frå studentar som kjem frå land Noreg ikkje har sikkerheitspolitisk samarbeid med.
Med ressursknappheit kan me forventa ei aukande interesse for å posisjonera seg i Arktis, seier Unis-direktør Jøran Idar Moen.Hilde Kristin Strand
Vil senda fleire til Ny-Ålesund
I Svalbardmeldinga frå 2024 kjem det tydeleg fram at det er Unis som skal tilby høgare utdanning på Svalbard. I tillegg vert det peika på Norsk Polarinstitutt si rolle. Det ligg under Klima- og miljødepartementet, og leier mellom anna ein forskingsstasjon i Ny-Ålesund.
— Meldinga er tydeleg på at me skal leia, ikkje berre vera vertskap. Svalbard er ein del av kongeriket Noreg, og styresmaktene ønskjer fleire norske forskarar til Ny-Ålesund, seier Camilla Brekke, direktør for Norsk Polarinstitutt.
I slutten av mai var ho vertskap for ein studietur til Ny-Ålesund saman med representantar frå fem norske universitet og Unis. Det er Kings Bay AS som eig bygga i byen, og selskapet leiger ut totalt 13 bygg til forskingsinstitusjonar frå ti ulike nasjonar i Ny-Ålesund. I 2023 vart det registrert 267 forskingsprosjekt i Ny-Ålesund og vel 13.000 gjestedøger. Åra før var det nokre fleire, opp mot 15.000.
Gjestedøger frå norske forskarar har vore mellom 3500 og 6000.
Brekke seier at ein måte å få fleire norske forskarar og studentar til Ny-Ålesund på, er å legga til rette for både master- og ph.d.-kurs der.
— Det er mogleg å utnytta dei delane av året der det ikkje er så mange andre der, seier ho.
Polarinstituttet har tretten tilsette på Svalbard på fast basis, men langt fleire i sesong.
— Me vurderer å vera endå meir til stades og bemanna noko opp, i tråd med signala i revidert nasjonalbudsjett, seier Brekke.
Professor Gijsbert D. Breedveld viser fram Unis sitt lager. Her får studentane låna utstyr dei treng i felt. Men dei kleda ein har under dressen, må dei syta føre sjølv. Ein del studentar må læra seg å bruka ull, fortalde professoren då UiT Noregs arktiske universitet var i Longyearbyen.Hilde Kristin Strand
Skal følgja med på forskinga
Som Khrono har skrive, skal det opprettast eit eige Svalbard forskingskontor. Det er Polarinstituttet og Forskingsrådet som skal vera ansvarlege for dette. I Svalbardmeldinga heiter det at norske styresmakter med dette kontoret skal få ein tydelegare norsk forskingsleiing og få endå betre oversikt over utviklinga av forskinga på Svalbard.
Forskingsrådet sitt Svalbardkontor har allereie ansvar for RiS-databassen, Research in Svalbard. Dei fleste forskingsprosjekta som vert gjennomført på Svalbard, vert registrert i portalen, og alle prosjekt som søkjer Sysselmeisteren om løyve eller Forskingsrådet om finansiering, og alle prosjekt der ein skal bruka forskingsstasjonen i Ny-Ålesund, skal ligga i denne databasen.
— Det nye Svalbardkontoret var tema på møtet i Ny-Ålesund. Dette kontoret skal gjera at me vert eit godt vertskap for forskarar på Svalbard. Det skal koordinera og syta føre eit lågast mogleg fotavtrykk, men det skal òg gjera at me kan følgja med på kva forsking som vert gjennomført, seier Brekke.
Å få til eit godt familiesamfunn på Svalbard er noko norske styresmakter har vore opptekne av. Emilie Enger Mehl (Sp) vil ha mellom anna gratis barnehage. Dette kan gjera at det vert fleire nordmenn som slår seg ned i den vesle byen, som har både to barnehagar og skule frå 1. — 13. klasse.
Familien Sekse Hilleren, som Khrono møtte i Longyearbyen, trekte fram at problemet med å flytta til Svalbard, er at tilgang til husvere heng saman med jobb. Ho dei var det Frode Sekse Hilleren som fekk jobb på museet, og så fekk Inger Helen Sekse Hilleren flytta med seg universitetsjobben sin til heimekontor i første etasje.
— Det er ikkje openbert at det passar for familielivet å flytta til Svalbard, seier Jøran Moen ved Unis.
Han er òg oppteken av familiesamfunnet Longyearbyen, og peikar på at det kan vera vanskeleg for begge partar i eit forhold å få relevant jobb i den vesle byen.
— Me har ein del par her på Unis, som òg er næraste kollegaer på jobb, seier han og smiler.
Nokre av dei som kjem til Unis er heilt nyutdanna. Andre har jobba mange år på Svalbard, og atter andre skal i gang med eit arbeidsliv. Til hausten startar ni stipendiatar samstundes. Dei vert tekne opp på ein gong for å få eit miljø rundt dei.
— Me har veldig mange søkjarar til forskarstillingar, men berre eit fåtal er godt nok kvalifiserte. Det indikerer at Unis si satsing på framifrå utdanning av arktiske ekspertar vart viktig for å sikra at Noreg framleis vert ein leiande polarforskingssituasjon, seier Moen.
Med mørketid og midnattssol og snø til juni, må Universitetssenteret på Svalbard ha ein del utstyr universitet og høgskular på fastlandet ikkje treng.Hilde Kristin Strand
Røykdykkarane forsvinn
30. juni stengjer den siste norske gruva på Svalbard. Det gir Unis eit ekstra ansvar, seier Jøran Moen.
— Det handlar både om samfunnstryggleik og totalberedskap, seier Moen.
I dag er mange av røykdykkarane i Longyearbyen nettopp knytt til gruvedrifta. I tillegg har gruvedrifta hatt behov for tunge maskiner som har vore til nytte for å avgrensa skadepotensialet ved flaum- og skredhendingar.
Klimaendringane viser tydeleg så langt nord, og i samband med revidert nasjonalbudsjett vart det løyvd ekstra pengar både til Polarinstituttet og til forsking på Polhavet.
— Kunnskap om Arktis og korleis klimaendringane påverkar Polhavet er avhengig av forskingsdata. No får me stabil datainnsamling, frå eit av verdas mest utilgjengelege område. Det vil styrka norsk polarforsking, og vera eit viktig bidrag til den internasjonale forståinga av korleis Arktis og Polhavet no endrar seg, sa forsknings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap) då budsjettforslaget vart presentert.
Árdnaprisen deles ut hvert år til den masteroppgaven ved et av UiT Norges arktiske universitet (UiT) sine masterprogrammer som best omhandler et samisk eller urfolksrelatert tema. Det er i år niende gang prisen deles ut, og i år gikk prisen til Elen Krogh Ravna. Dette melder UiT på egne sider.
Ravnas oppgave i faget urfolksstudier tar for seg Fovsen-aksjonene i 2023, hvor sivil ulydighet ble brukt som måter å vise motstand mot menneskerettighetsbrudd overfor reindriftsdistriktet Fovsen-Njaarke Sijte.
Prisen er på 10.000 kroner.
To andre oppgaver fikk hederlig omtale: Jeanette Olsen Vollstad, for sin masteroppgave i begynneropplæring i norsk og Veronica de Grandis, for sin masteroppgave i urfolksstudier.
Studenter ved Høgskulen på Vestlandet, avdeling Haugesund, er klare for finalen i Sildikon Valley. 30 studenter har brukt de første seks sommerferieukene på å jobbe med reelle problemstillinger fra næringslivet i regionen. Dette melder Radio Haugalandet.
Det er Haugland Vekst som står bak prosjektet, og fredag 25. juli skal prosjektene presenteres for publikum, bedriftsrepresentanter og en fagjury, med kun fem minutter til rådighet per gruppe.
Sit — NTNUs studentsamskipnad, skal i gang med et stort prosjekt for å oppgradere og rehabilitere studentboliger. Det skriver Universitetsavisa. Totalt sju prosjekt skal Sit nå i gang med. Ett av dem er i Ålesund, der 31 studentboliger skal få blant annet nytt teknisk anlegg, nye overflater og nye kjøkken og bad.
Som Khrono har skrevet, er det ventelister til studentboliger flere steder i landet. Noen steder, som i Bergen, kommer det også nye boliger. Bergens Tidende skrev nylig om et nytt prosjekt som gir plass til 170 studenter.
Tidligere i år la Trump fram planer som viste at rundt 1300 ansatte i departementet skulle sies opp. De ble i første omgang permittert fra stillingene sine, og måtte forlate kontorene sine innen få dager.
Ordren ble i slutten av mai avvist av en føderal dommer i Boston, men nå har Høyesterett altså besluttet at presidentordren om å avvikle utdanningsdepartementet likevel kan bli stående, skriver New York Times og flere andre internasjonale medier.
Høyesteretts beslutning representerer en utvidelse av presidentens makt, som lar Trump demontere den indre driften av et departement opprettet av Kongressen.
Ordren er teknisk sett midlertidig, og gjelder kun mens domstolene fortsetter å vurdere lovligheten av Trumps avgjørelse. I praksis kan oppsagte arbeidere som en dommer i Boston hadde beordret gjeninnsatt, nå igjen bli fjernet fra jobbene sine, skriver New York Times.
Nordland Fylkeskommune og Studentinord har inngått en avtale der videregåendeelver kan få plass i studenthybler. Det skriver Bodø Nu.
– Dette er et tiltak for å motvirke frafall og fremme trivsel, sier Lise Henriette Rånes (H), fylkesråd for utbygging og eiendom, i Nordland.
Bodø er byen i Nordland fylke som har flest videregående elever som bor på hybel. I tillegg har de høgest leiepriser.
– Dette tilbudet er hovedsakelig for elever på første trinn på videregående, sier Audun Bjølgerud i Studentinord.
Det er 30 av 1100 hybler som er satt av til elever ved videregående skole.
I år er det rekordmange som har søkt videregående skole i Bodø, på grunn av et stort kull 16-åringen. Samtidig klarer ikke Nord universitet å fylle studentboligene med studenter.
– Vi har færre søkere enn i tidligere år, så det står flere boliger ledig, sier leder for boligutleie i Studentinord, Monica Jotun, til Avisa Nordland.
Siv M. Gamlem, professor ved Høgskulen i Volda, er utnemnd til Honorary Fellow (æresforskar) ved forskingssenteret for vurdering og evaluering (AERC) på Universitetet i Melbourne. Det melder høgskulen på eigne nettsider.
Universitetet i Melbourne er rangert som eit av dei tjue beste i verda i ei fersk rangering (QS World University Rankings).
– Det var både gledeleg og litt overveldande å få vite at eg var tildelt denne æra. Eg er audmjuk og takksam – og svært glad for samarbeidet med dyktige forskarar ved AERC, seier Gamlem.
Professor Gamlem, som til dagleg forskar og underviser ved Institutt for pedagogikk og leier forskingsgruppa Læringsprosessar og vurderingshandlingar på HVO, forskar spesielt på tilbakemelding som fremjar læring, og korleis vurdering kan både støtte og hemje læring i skulen.
Om få uker skytes raketten Heimdall opp fra øyene Tarva utenfor Trøndelag. Dette blir først studentdrevne rakettoppskytning av en avansert rakett fra norsk jord. Det skriver Gauldalsposten.
Hastigheten blir på rundt 1.800 kilometer i timen. Raketten skal 5.500 meter til værs.
– Vi har lenge hatt en drøm om å kunne skyte opp fra norsk jord. Nå ligger alt til rette for at det kan skje, sier Joachim Schmidt, som er leder for NTNU-studentorganisasjonen Propulse, til Nordsec.
Også studenter fra Universitetet i Agder har noe å skyte opp, skriver NRK. De skal skyte opp en satelitt.
Satellitten er utstyrt med sensorer som skal måle akselerasjon, temperatur og luftfuktighet under oppskytingen. Målet er å teste teknologi og samle erfaring før en fremtidig satellitt skal i bane.