allianse
Får hundre millionar kroner for å bygge musikalsk allianse
Musikkhøgskolen får saman med sju partnarar nær ni millionar euro frå EU for å etablere europeisk allianse.
Noregs musikkhøgskole kan saman med sju andre søsterinstitusjonar gå sommaren i møte med friske millionar i kassa frå EU-kommisjonen og Erasmus +. Til saman skal dei fordele ei løyving på 8,64 millionar euro mellom seg over fire år.
Pengane skal brukast til å etablere ein såkalla EUA — European Universities Alliance.
Oslo, Beograd, Barcelona
Alliansen, som har fått namnet IN. TUNE, skal mellom anna ruste musikkutdanningane og studentane som går ut derifrå til å møte rask teknologisk utvikling og endringar i rammevilkåra for kunstnarar, heiter det i ei pressemelding frå Musikkhøgskolen.
— Eg er veldig glad for tildelinga. Dette er ei veldig god nyheit for oss å få. Ikkje minst fordi det har vore eit tøft år internt, og at vi har måtta kutte og lage spareplanar som følgje av reduserte løyvingar på statsbudsjettet, seier rektor ved Musikkhøgskolen, Astrid Kvalbein, til Khrono.
Ho peikar på at det er store skilnader mellom utdanningsinstitusjonane som går inn i alliansen, og at dette gir eit stort potensial for å lære og dele. I tillegg til Oslo er institusjonar frå mellom andre Paris, Helsinki, Wien, Beograd og Barcelona med i samarbeidet.
Nest siste runde
— Vi har hatt eit senter for framifrå undervisning i ti år. Frå vår side er det fint at vi gjennom alliansen kan få vidareføre noko av det dette senteret har tilført, seier Kvalbein.
Dei europeiske universitetsalliansane, som er knytt til European Universities Initiative, har som føremål å bygge nettverk mellom utdanningsinstitusjonar i Europa. Målet er å styrke utveksling av kunnskap og stimulere til felles program og studieplanar.
Det finst så langt 50 alliansar. Med neste og førebels siste søknadsrunde neste år er talet venta å kome opp i 60 alliansar.

Nylige artikler
Sykehusene må rigges for fremtiden
Avslører KI i akademia et brukket system?
Skifta retning etter doktorgraden
Sier bruk av kunstig intelligens preger årets søkemønster
Når det er krig i Europa, må forskningspolitikken endres
Mest leste artikler
Opp mot 250.000 studenter kan være rammet av hackerangrep
Disse studiene ble ikke valgt av noen – derfor står studieplassene tomme
Mener særlig uavhengige stillinger er misbruk av ansatte
Vil endre reglar for opprykk og rekruttering av forskarar
Geir Anton Johansen (1960 — 2026)