internasjonale forskarar
Får opphald i Noreg. — UDI bør endre praksis
Professoren blei nekta opphald fordi han tok på seg oppdrag som sensor på eksamen. No har Utlendingsnemnda (UNE) snudd saka.
Drygt to månader har gått sidan Khrono fortalte om den amerikanske professoren, som i ni år har vore fast tilsett ved UiT Noregs arktiske universitet. Tidlegare i år fekk han avslag på søknaden om permanent opphaldsløyve. Grunnen var at han hadde tatt eksterne oppdrag som sensor og hadde vore med i tilsettingskomitear.
Det meinte Utlendingsdirektoratet (UDI) var i strid med vilkåra i lova, og han fekk dermed avslag.
No har Utlendingsnemnda (UNE), som er klageinstans, konkludert: Parks får bli i Noreg likevel.
Jussprofessor Terje Einarsen ved Universitetet i Bergen er klar.
— Dette bør føre til at UDI endrar praksis, seier han.
Einarsen peikar på at sjølv om vedtaket i UNE ikkje er rettsleg bindande for UDI, er det normalt sett slik at underorgan følgjer klageinstansane sine rettsavgjersler.
Klagen frå Parks er avgjort av nemndleiar åleine, ettersom saka ifølgje UNE «ikke byr på vesentlige tvilsspørsmål».
Overfor Khrono avviser ikkje UDI at det kan vere aktuelt å endre praksis. Tvert imot held dei døra på gløtt for å gjere endringar. Sjå UDIs svar til sist i saka.
Paragraf 23
Justin Parks var ikkje den einaste som hamna i trøbbel med utlendingsstyresmaktene.
I Bergen fekk førsteamanuensis Brianne Jaquette avslag av same grunn — ho hadde tatt på seg sensuroppdrag for andre enn hovudarbeidsgivaren og fått honorar for dette. Ho fekk seinare innvilga løyve, men har ikkje tatt på seg eksterne oppdrag vidare i frykt for å forkludre opphaldsløyvet.
Khrono blei også kontakta av fleire andre utanlandske tilsette som fortalde at dei var nekta permanent opphald fordi dei har tatt på seg eksternt sensurarbeid.
UDI viste i avslaga til paragraf 23 i utlendingslova. Der heiter det at «Arbeidstilbudet skal som hovedregel gjelde heltidsarbeid for én arbeidsgiver, men unntak kan gjøres etter en konkret vurdering av stillingens art».
Lova har rom for unntak, men UDI meinte at det ikkje kunne nyttast i Parks si sak.
Det vekte sterke reaksjonar, ettersom det å ta oppdrag som sensor eller å bidra i tilsettingskomitear, er vanleg og ein forventa del av arbeidet til vitskapeleg tilsette på universitet og høgskular.
Kan ha krav på erstatning
Også førsteamanuensis og jurist Lana Bubalo ved Universitetet i Stavanger fekk avslag på søknaden sin om permanent opphaldsløyve. To er gått sidan ho søkte, men no har UNE gitt henne medhald i klagen etter at UDI først sa nei.
I kjølvatnet av Khronos saker i september gjekk Bubalo ut i Khrono og kritiserte UDI. Ho meinte UDI tolkar regelverket for strengt og altfor snevert — og i strid med tidlegare avgjersler i UNE.
«Det er på høy tid at UDI justerer sin praksis i tråd med UNE sin praksis og grunnleggende rettsstatsprinsipper», skreiv ho i eit innlegg i Khrono.
Også i vurderinga av hennar klage har ein nemdleiar tatt avgjersla, fordi det ikkje er tvil i saka.
— No bør UDI følgje UNE for å sikre einskapeleg praktisering av regelverket, seier Bubalo.
Ho meinte at det kan vere at tilsette som er blitt nekta opphald, kan ha krav på erstatning for tapte inntekter dersom UDI har feiltolka regelverket.
— Burde ha vore ikkje-sak
Professor Terje Einarsen meiner at UDIs lovtolking har ført til heilt unødvendige problem og belastningar for dei det gjeld.
— Dette burde ha vore ei ikkje-sak. UDI har tolka lova på ein uheldig måte. Når vi ser på forarbeidet til lova og odelstingsproposisjonen frå 2006, er det klart at fulltidsarbeid åleine bør gi rett til opphald. Spørsmålet om unntak er ikkje relevant for denne gruppa av vitskapeleg tilsette, det er tiltenkt arbeidsfelt der deltidsjobbar er vanlege, for eksempel innan helsevesenet, seier han.
Regjeringa, ved Arbeids- og inkluderingsdepartementet (AID), er for tida i gang med å «vurdere problemstillingen», mellom anna etter påtrykk frå Forskerforbundet.
Tidlegare i november hadde Forskerforbundet møte med UDI, der det ifølgje Forskarforbundet blei sagt at eit nytt regelverk kan bli gjort gjeldande i løpet av 2026. Men dette vil ikkje departementet stadfeste overfor Khrono.
UDI har på si side sagt til Khrono at «små sensoroppdrag» ikkje skal ha konsekvensar for opphaldsløyvet. Men kva«små» oppdrag betyr, er ikkje nærare definert.
— Var ikkje åleine
At UNE har ført ein meir liberal praksis enn UDI, har UDI tidlegare kommentert slik:
«UDI er kjent med at det har vært noen få tilfeller der Utlendingsnemnda har kommet til et annet resultat enn UDI».
Professoren i Tromsø, Justin Parks, seier han er letta etter UNEs vedtak i saka hans.
— No håper eg merksemda saka har fått kan bidra til å klargjere spørsmål om «dugnadsbasert» arbeid i høgare utdanning og reguleringane kring dette.
Parks seier situasjonen har vore frustrerande, men at han også har fått mykje støtte, både nasjonalt og lokalt.
— Folk tok kontakt og uttrykte uro, og saka vart tatt alvorleg, og det kjendest godt. Eg var absolutt ikkje åleine, og det vart svært tydeleg at der var mange i liknande situasjonar, seier han.
Opnar for å endre
Einingsleiar i UDI Opphold, Loubna Alshbib, seier at UDI kan vurdere å endre praksis.
— UDI legg til rette for ønsket om lovleg innvandring og sørgjer for at dei som oppfyller vilkåra, får kome til Noreg. Utlendingsnemnda (UNE) er eit sjølvstendig, uavhengig og domstolsliknande organ som behandlar klager på saker som først har vore behandla av oss. Når UNE endrar våre vedtak, kan vi vurdere om det er grunnlag for å endre praksis, skriv ho i ein e-post til Khrono.
