Høgskulen i Volda

Får sitt første, eigne doktorgrads­program

Dette er noko av det største som har skjedd ved Høgskulen i Volda på lang tid, seier rektor Odd Helge Mjellem Tonheim. Nokut har godkjent ph.d.-programmet «Utdanning, språk og kultur».

God stemning ved Høgskulen i Volda! Rektor Odd Helge Mjellem Tonheim inviterte til kakefest 16. februar.
Publisert Oppdatert

Det første ordet som kjem ut av Odd Helge Mjellem Tonheim sin telefon er «kake». Høgskulen i Volda hadde tenkt å venta litt med å offentleggjera nyheita, men Nokut har allereie presentert det: Høgskulen får godkjent det første, eigne doktorgradsprogrammet. Programmet heiter «Utdanning, språk og kultur» og er knytt til Avdeling for lærarutdanning og humaniora. 

— Det vert kakefest fredag, seier ein svært glad rektor.

— Litt flåsete spørsmål, men kor stas er dette?

— Det er kjempestas! Det er noko av det største som har skjedd ved høgskulen på lang tid. Det er veldig stort, seier Tonheim.

Frå før har høgskulen eit doktorgradsprogram saman med Høgskolen i Molde.

Fekk hint før jul

— Og det meir seriøse spørsmålet; kva betyr det for høgskulen?

— Det er heilt avgjerande for framtida vår. No kan me rettleia eigne kandidatar og slik få fleire av våre tilsette godkjende for professoropprykk. Me kan få fleire tilsette med førstekompetanse, og me får vist breidda vår. Å ha eit eige doktorgradsprogram kan styrka identiteten til Høgskulen i Volda, seier Tonheim.

Allereie før jul kom det signal om at det gjekk mot eit «ja» frå Nokut. Den gongen sa professor Per Halse, som har leia arbeidsgruppa at dersom høgskulen ikkje hadde fått godkjent denne nye forskarutdanninga, kunne dei fort vorte den einaste høgskulen utan eigen doktorgrad. 

— Det handlar om å vera i den divisjonen der me meiner me høyrer heime, seier han.

I den sakkunnige rapporten heiter det mellom anna at «gjennom søknaden og institusjonsbesøket meiner komiteen at det er ein tydeleg forankra prosess bak utviklinga av programmet, med brei involvering» og at «fagmiljøet som er knytt til studietilbodet, er bredt og består av mange fagtilsette, og det har også tilstrekkeleg med rettleiarkompetanse. Dei fagleg tilsette har høg forskingskompetanse innafor doktorgraden sine fagområde».

— Me gratulerer Høgskulen i Volda med det nye doktorgradsprogrammet. Lærarutdanning har lange tradisjonar i Volda, og med denne akkrediteringa på plass vert det skrive eit nytt kapittel i høgskulens historie, seier Nokut-direktør Kristin Vinje i ei pressemelding.

Høgskolen i Østfold har allereie fått sitt eige doktorgradsprogram, så no var det berre Høgskulen i Volda att av dei statlege høgskulane.

Skal diskutera universitetsstatus

Rektor Tonheim peikar på at doktorgradsprogrammet er breitt. Sjølv om det er heimehøyrande ved ei avdeling, kan fag frå fleire av dei andre avdelingane òg koma innanfor det same programmet.

— No har de halvannan doktorgrad. Vurderer de å søkja om universitetsstatus?

— Uavhengig av universitetsstatus er eit doktorgradsprogram eit viktig steg for å posisjonera seg i universitets- og høgskulelandskapet. Debatten om å søkja om universitetsstatus eller ikkje må me ta, og det har så vidt vorte lufta i styret. Då var tilbakemeldinga at det er noko me må ta ein god runde på i organisasjonen.

Treng «ja» frå departementet

Sjølv om Nokut no har sagt ja, er det Kunnskapsdepartementet som formelt må godkjenna doktorgradsprogrammet. Det vert nok difor 2025 før høgskulen er klar til å ta imot dei første stipendiatane.

Med eit doktorgradsprogram følgjer òg meir sjølvstende. Nokut skriv i pressemeldinga at eit doktorgradsprogram gir institusjonen mogelegheit til å opprette utdanningar til og med masternivå innan fagområdet til dei akkrediterte doktorgradsprogramma utan å måtte søka Nokut i forkant.

— Det er ei tillitserklæring til høgskulen, seier Kristin Vinje.

Sak oppdatert 16. februar kl 13.25 med nye bilete

Powered by Labrador CMS