Høgskulen i Volda

Har doktorgrad nesten i boks

Høgskulen i Volda tolkar signala frå Nokut som at dei får godkjend det første doktorgradsprogrammet sitt.

Professor Per Hasle og rektor Odd Helge Mjellem Tonheim foran inngangsdør
Professor Per Hasle (t.v.) og rektor Odd Helge Mjellem Tonheim jublar over signala frå Nokut. Halse har leia arbeidsgruppa som utarbeidde planane for doktorprogrammet og søknaden om akkreditering.

Det er for tidleg å sprette kaka, men Høgskulen i Volda (HVO) får etter alle julemerke godkjent sin første eigne doktorgrad: ph.d. i utdanning, språk og kultur, melder høgskulen på eiga nettside.

I eit «utkast til akkrediteringsrapport» som høgskulen har fått denne veka, tilrår Nokut at HVO får etablere det nye doktorgradstilbodet. 

– HVO fekk nett ei fantastisk julegåve frå Nokut. Dette er eit stort og viktig steg på vegen mot å få godkjent den nye doktorgraden vår, seier rektor Odd Helge Mjellem Tonheim.

Sjølv om det berre er eit utkast, så samanliknar HVO dette med å gå til pause i ein fotballkamp og leie kampen med temmeleg mange mål.

Tidlegast frå hausten 2025

Det var i november 2022 HVO søkte om godkjenning av den nye doktorgraden. På seinsommaren i år var Nokut-komiteen som har vurdert søknaden, på besøk i Volda.

I midten av februar 2024 skal det endelege vedtaket kome. Tidlegaste oppstart blir hausten 2025.

– Det kan nesten ikkje overvurderast kor stort dette faktisk er, det at vi får vår heilt eigen doktorgrad på eigen kjøl. Gitt at vedtaket blir positivt, kan vi tildele doktorgradar sjølve, og dette kan bli heilt avgjerande for framtida til HVO, understrekar rektor Mjellem Tonheim.

Opnar for universitetsstatus

Om krava til universitetsstatus blir endra, slik regjeringa nyleg har foreslått, vil doktorgraden gi HVO høve til å bli universitet, påpeikar rekotren.

— Og så blir det opp til HVO om vi skal lande på det. Det er veldig viktig, og eit stort steg, at vi då eventuelt vil oppfylle dei formelle kriteria, seier han.

Professor Per Halse har leia arbeidsgruppa som har utarbeidd planane for doktorprogrammet og søknaden om akkreditering

– Hadde vi ikkje fått godkjent denne nye forskarutdanninga, kunne vi fort blitt den einaste høgskulen utan eigen doktorgrad, og det kunne ha blitt sårbart. Det handlar om å vere i den divisjonen der vi meiner vi høyrer heime, seier han.

Powered by Labrador CMS