publisering

Forskarar publiserer ein gong i veka — mistenker fusk

Langt fleire forskarar enn før er tilsynelatande ekstremt produktive. Ekspertar trur ikkje alle har reint mjøl i posen.

Thailand gjorde eit byks frå 1 prosent i kategorien «ekstremt produktiv» i 2016 til 19 prosent i 2022.

Enkelte publiserer ein ny vitskapeleg artikkel kvar femte dag, ifølgje statistikk omtalt i Nature.

Talet på forskarar som pumpar ut meir enn 60 artiklar på eit år er nær firedobla på under ti år.

— Eg mistenker at tvilsame forskingspraksisar og svindel kan ligge under nokon av dei mest ekstreme tilfella, seier John Ioannidis ved Stanford University, ein av dei som har vore med å utarbeide statistikken.

Landbruk på topp

Ioannidis og kollegaene hans har gått gjennom artiklar frå ulike fagfelt i perioden 2000 til 2022, med unntak av fysikk, som skil seg ut med ein publiseringspraksis der høg frekvens er meir normalt.

Samla viste dei mest produktive forskarane seg å høyre heime i klinisk medisin. Den største auken i hyperproduktive forskarar jobba med landbruks- og fiskeriforsking, etterfølgd av biologi og matematikk og statistikk, ifølgje undersøkinga.

Særleg to land utmerker seg: Thailand gjorde eit byks frå 1 prosent i kategorien «ekstremt produktiv» i 2016 til 19 prosent i 2022.

Radikal omlegging

I absolutte tal var Saudi-Arabia landet der veksten var mest spektakulær. Der gjekk andelen «ekstremt produktive» frå 6 til 69 i same periode.

Ei forklaring på veksten i Thailand kan vere innretninga på forskingsfinansieringa, ifølgje David Harding, ein kjemikar som arbeider ved Suranaree University of Technology.

— Thailand har gjennomført ei radikal omlegging av forskingssektoren i eit forsøk på å auke produktiviteten, seier Harding til Nature.

Han trur også fokuseringa på universitetsrangeringar kan vere medverkande.

Powered by Labrador CMS