innreiseforbod

Forskingsrådgivar sit koronafast i Brussel

Høgskulen på Vestlandet sin nye forskingsrådgivar skulle begynt i jobb i Bergen midt i februar. No veit han ikkje når han kan få flytta til Noreg.

Guillaume Lapeyre og ektefellen Enzo Piccinato sit koronafast i Brussel. Piccinato har førebels ikkje jobb i Noreg, og synest det er vanskeleg å søkja jobbar før han er komen til Noreg - sidan det førebels er uvisst når det vert.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Både jobb og leilegheit er på plass, men Guillaume Lapeyre sit framleis i Brussel - og ikkje i Bergen.

16.februar skulle Lapeyre begynna i ny stilling som forskingsrådgivar ved Høgskulen på Vestlandet (HVL). Men sidan Noreg stengde grensene 29.januar, er det uvisst når Lapeyre kan koma inn i landet.

Ikkje lyst

Det var Bergens Tidende som først skreiv om Lapeyre. I ein e-post til Khrono skriv rådgivaren, som er fransk statsborgar, at det er svært usikkert når dei kan flytta til Bergen.

— Det ser dessverre ikkje så lyst ut no, seier han.

Lapeyre har fast jobb og har leigd leilegheit i Noreg, og skulle slik kunne hatt lov å reisa inn til landet. Men han er ikkje registrert i folkeregisteret, og for å kunne verta det må han fysisk møta opp på skattekontoret for å visa gyldig ID.

Dette betyr at det no er nærast umogleg for utlendingar å byrja i jobb i Noreg.

Lapeyre og ektemannen signerte leigekontrakt for ei leilegheit i Bergen før jul og tidleg i januar signerte dei kontrakt om å leiga ut si eiga leilegheit i Brussel. Det betyr at då meldinga om at dei ikkje kjem seg til Noreg no kom, måtte dei finna seg ein ny stad å bu i Belgia. Flyttelasset vart sendt til Noreg før flyreisa deira vart kansellert, så no må dei leiga eit lager der dei kan ha alle eigedelane sine.

— Eg føler me er i ein limbo. Me har ikkje ei heimeadresse her i Belgia, og får heller ikkje reisa til Noreg, der me skal bu, seier Lapeyre til BT.

HVL: Må venta

Franskmannen jobbar no for HVL frå Brussel. Organisasjonsdirektør Tage Båtsvik skriv i ein epost til Khrono at dette er ein krevjande situasjon for Lapyere og ektefellen, og at høgskulen gjer det dei kan for å støtta dei to som no sit fast i Brussel, med å finna så gode løysingar som mogleg. Lapyere skal jobba med administrativ støtte til utvikling og oppfølging av forskingssøknader og forskingsprosjekt.

— Me forheld oss sjølvsagt til at dette er eit nasjonalt tiltak, med bakgrunn i ein alvorleg nasjonal og internasjonal smittesituasjon. Ei løysing der Lapeyre kan flytta til Noreg må koma som ei følgje av at nasjonale styresmakter gjer endringar eller justeringar av nasjonale tiltak, seier Båtsvik.

Han kjenner ikkje til at HVL har fleire tilsette i same situasjon som Lapyere. Heller ikkje Anne Husebekk, som leiar Universitets- og høgskulerådet, kjenner til andre konkrete saker.

Men å vera koronafast har vorte eit omgrep det siste året. Khrono har mellom anna skrive om studentar som ikkje har kome seg til eller frå Noreg.

Til 19.mars

Statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet, Lars Jacob Hiim (H), skriv i ein e-post til BT at stengde grenser dessverre får konsekvensar for mange menneske, men at ein må avgrensa talet på personar som reiser inn til Noreg.

Innreiseforbodet gjeld i første rekke fram til 19.mars.

— I dei fleste tilfelle kan ikkje utlendingar flytta til Noreg i denne perioden, men det finst nokre unntak, til dømes familiemedlemmer, seier Hiim.

Powered by Labrador CMS