desentral utdanning

Fryktar at studiesenter skal «stela» studentar

Høgskulen i Volda har ein større nedgang i søkjartal enn landssnittet. No er rektor Odd Helge Mjellem Tonheim usikker på kva eit studentsenter ein liten køyretur unna vil ha å seia for studenttalet ved høgskulen.

Nordfjord studiesenter har fått på plass to studentstover og håpar på fleire. Her kan studentar få låna arbeidsplass og få hjelp med praktiske ting.

Kva får eit studiesenter på Nordfjordeid å seia for Høgskulen i Volda?

Då høgskulestyret hadde møte 27. oktober drøfta dei to saker som på sett og vis heng saman: Studenttalet ved Høgskulen i Volda går ned — og det er eit studiesenter med studentstover berre 45 minutts køyretur unna.

«Fleire lokale studiesenter og auka fokus på desentralisert utdanning kan gi auka konkurranse for oss».

Det heiter det i risikovurdering for Høgskulen i Volda 2024, som styret òg handsama.

— Me er litt spørjande til dette med studiesenter. Kva er det i praksis? Og korleis kan høgskulen bruka det? Kva skjer dersom andre aktørar kjem inn, spør Volda-rektor Odd Helge Mjellem Tonheim.

Moglegheit eller utfordring?

Bakteppet er dette:

Volda har eit fallande studenttal, og mange av dei som tek bachelorgrad, tek denne via nettet. Totalt sett er det berre 750 av dei 2425 studentane som møtte til studiestart som tek ei master- eller bachelorgrad, og for tredje året på rad har høgskulen på Søre Sunnmøre ein større nedgang i søkjartalet enn det nasjonale snittet. Frå 2022 til 2023 har Høgskulen i Volda hatt ein samla nedgang i søkjartal på 4,3 prosent, heiter det i saksframstillinga.

Svak rekruttering av studentar på enkelte studium, heiter det i risikovurderinga, med kommentar: «Aukande problem, med også på sikt lågare studentkull. Har vi rett studietilbod i forhold til marknaden?»

I styresaka vert det peika på at det er ei uro knytt til at det dukkar opp studiesenter rundt dei som skal gi utdanning nær der folk bur. Konkret vert det peika på studiehuben på Nordfjordeid, berre 45 minutt unna.

— Korleis kan høgskulen nytta dette som ei moglegheit, i større grad enn ei utfordring, heiter det i saksframstillinga.

Rektor Tonheim er altså spørjande. Vil eit studiesenter vera ein konkurrent eller ein samarbeidspartnar?

— Studiesenter er ei tydeleg satsing frå regjeringa. Men det er eit spørsmål om ein balanse mellom slike senter og institusjonane rundt, seier han.

Volda-rektor Odd Helge Mjellem Tonheim er oppteken av at det må vera balanse mellom studiesenter og utdanningsinstitusjonane som ligg rundt dei.

Ein fysisk stad

Eit studiesenter er i utgangspunktet ein fysisk stad der ein kan jobba med studia sine.

— Me er eit supplement, og UH-sektoren sin forlenga arm. Me når dit UH-sektoren ikkje når, seier Vegard Herlyng.

Han er styreleiar i Norske utdanningssentre.

Herlyng seier at det òg finst studiesenter der ein får undervisning, som til dømes på Finnsnes. Khrono skreiv òg nyleg om Lister kompetanse, der dei tilbyr nokre samlingar for deltidsstudentar i eigen region.

— Kven kan bruka studiesentera?

— Me tilrår at alle har ein hovudarbeidspartnar. Sjølv har me Høgskolen i Innlandet, seier Herlyng, som i tillegg til å vera styreleiar i Norske utdanningssentre leiar Høgskolesenter i Kongsvinger.

— Men det er ikkje slik at me nektar noko å sitja og jobba hos oss. Me har mellom anna lagt til rette for at det kan verta gjennomført privatisteksamenar.

Då Khrono intervjua Herlyng våren 2022 sa han at det var mange i akademia som var skeptiske til studiesenter.

— No har me etablert ein dialog med universitets- og høgskulerådet. Me ønskjer å verta betre kjent hos universitet og høgskular, dei må skjøna at me ikkje er ein konkurrent, men ein samarbeidspartner, seier Herlyng.

Kan sitja saman med andre

På Nordfjordeid i Stad kommune er StudieHub — Nordfjord studiesenter ganske nyoppretta. Då HK-dir delte ut dei første midlane i fjor, fekk huben vel 700 000 kroner.

Me vil vera ein samarbeidspartnar, seier prosjektleiar Kari Rygg.

Prosjektleiar Kari Rygg er tydeleg: «Studiehuben» er ikkje ein konkurrent til Høgskulen i Volda, eller til andre utdanningsinstitusjonar. I staden vil dei gjerne samarbeida, og meiner studiesenteret kan tilføra fleire studentar til utdanningsinstitusjonane.

— Me tilbyr ikkje utdanning sjølv, men me kan vera ein samarbeidspartnar med fagskular og UH-sektor for å legga til rette for høgare utdanning i ein distriktsregion som Nordfjord, seier Rygg.

Khrono skreiv nyleg om Lister Kompetanse, som utdannar mellom anna sjukepleiarar til eigen region. Som i Nordfjord er målgruppa personar som av ulike årsaker ikkje har moglegheit til å flytta for å ta utdanning.

— Dette er ofte godt etablerte menneske som ønskjer kompetanseheving, og på den måten bidreg me til målsetjinga i Hurdalsplattforma om å legga til rette for utdanning uavhengig av livssituasjon eller kor ein bur, seier Rygg.

StudieHub — Nordfjord har etablert «studentstover» i Stad og i Stryn, og har planar om fleire slike i regionen. Der kan studentane sitja og jobba, dei kan treffa andre studentar, få koplingar til næringslivet og dei kan få hjelp til praktiske ting som å laga presentasjonar og korleis førebu seg til eksamen.

— Noko av kritikken mot desentralisert utdanning er at ein kan verta sitjande mykje åleine. Ein ting er dei som nettopp har teke ei bachelorgrad og som sit i distriktet og tek vidareutdanning eller skriv master. Men mange har ikkje studert på mange år, seier Rygg.

Då meiner ho det er ein stor verdi å kunne sitja saman med andre. Ved studiesenteret er planen å etter kvart få på plass to tilbod: Nokre desentraliserte utdanningar skal kunne ha samlingar her, konkret vert det no jobba med ei utdanning innan helseleiing. I tillegg skal ein legga til rette for at studentar som tek same nettbaserte utdanning skal kunne sitja saman og følgja digital undervisning i studiesenteret sine lokale.

— Me ønskjer å vera ein node for dei høgare utdanningsinstitusjonane. Til dømes var det på den desentraliserte sjukepleieutdanninga i regionen mellom 7—10 sjukepleiarstudentar som kvar veke sat samla og følgde den digitale undervisninga. Slik kan ein få med seg både det sosiale ved å vera student og samstundes etablera eit miljø for faglege diskusjonar, seier Rygg.

Powered by Labrador CMS