geopolitikk
Han er norsk professor i USA — og meir uroleg enn dei fleste
Både samfunnsutviklinga i USA, men ikkje minst den retninga verda ser ut til å gå i, uroar historieprofessor Odd Arne Westad.
«Vi har et utdanningssystem som lærer barna våre å skamme seg over seg selv — i mange tilfeller å hate landet vårt, til tross for kjærligheten vi så desperat prøver å gi dem. Alt dette vil endre seg fra og med i dag, og det vil endre seg svært raskt.»
Dette skreiv Khrono 22. januar 2025 og siterte USAs president Donald Trump. Berre to dagar tidlegare hadde Trump vorte innsett som president for sin andre fireårsperiode.
Dei elleve månadane som har gått har vore spekka med nyhende om søksmål, demonstrasjonar, pengestøtte og ulovlege ord. I tillegg kjem saker om forskarar som søkjer seg vekk frå USA, og om forskarar som ikkje vil reisa til USA.
— Korleis er det å vera forskar i USA i desse dagar?
Det er Odd Arne Westad som får spørsmålet frå Khrono. Han er professor i historie ved Yale-universitetet på austkysten av USA. Før han kom dit, var han professor ved London School of Economics.
— Situasjonen vert nok sett meir i utlandet enn i USA, eg føler ikkje at situasjonen er dramatisk forverra, svarar Westad.
— Men Yale er også litt i utkanten av det som skjer, det er Columbia og Harvard som har vore utsett for forfølging.
I tillegg er Westad norsk. Noko heilt anna hadde det vore å vera forskar frå mellom anna Midtausten eller Kina, meiner han.
Meiner dei rike bør ta ansvar
— Det ein ser, er at dei statlege universiteta i USA vert stadig mindre mangfaldige. Eg meiner at dei rike universiteta bør ta meir ansvar her, mellom anna når det handlar om rekruttering. Det kan ein gjera dersom ein vil, men eg synest ein har gått litt for stille i dørene, seier professoren.
— Talet på norske forskarar og studentar som vil til USA har gått ned. Kan du skjøna den utviklinga?
— Det er ingen grunn til å vera uroa for å studera i USA. Men eg skjønar at ein er det på grunn av den generelle samfunnsutviklinga.
Og den generelle samfunnsutviklinga, eller rettare, verdsutviklinga, uroar Westad.
— Eg er meir uroa enn mange andre.
Kald krig?
Same dag som Khrono møter han hadde Westad starta dagen med å halda eit føredrag med tittelen «Åtvaringar frå historia».
Det historieprofessoren særleg har forska på i mange år, er den kalde krigen. Men den kalde krigen var noko heilt anna enn den verdssituasjonen me har no, seier Westad.
— Under den kalde krigen hadde me ein viss stabilitet. No har me leiarar som opptrer uansvarleg. Dei tek mange risikoar og oppfører seg på mange vis som barn som handlar på instinkt.
På den eine sida har ein altså Trump. På den andre sida Xi Jinping. I midten har ein på eit vis Russland og Putin, som som kjent invaderte Ukraina i 2022. I tillegg kjem sjølvsagt det som skjer i Gaza.
— Tida me er inne i no minner meir om opptakten til første verdskrigen enn om den kalde krigen, seier Westad.
Han seier at fleire av statsleiarane no går i ein meir populistisk retning, og at det gir ein annan situasjon enn om det berre var i USA dette skjedde.
— Dette er leiarar som bryt reglar og som prioriterer eigen autoritet — ikkje landet dei skal styra.
Ikkje fredfull, men i alle fall føreseieleg
Til våren kjem professor Westad med ei ny bok. The coming storm heiter ho, og i omtalen heiter det at det store fleirtalet av menneske som lever i dag, har vakse opp i ei verd prega av bemerkelsesverdig stabilitet, styrt av éi eller to supermakter.
— Dette betyr ikkje at verda har vore fredfull, men ho har til ein viss grad vore føreseieleg. Når stadig fleire stormakter no kjempar om regionalt herredøme, blir verda meir skjør, meir uforutsigbar — og meir eksplosiv, kan ein lesa.
Vidare vert det sagt at for å forstå dei trugsmåla ein no står ovanfor må ein sjå tilbake på lærdommane frå slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet — ei tid då stormakter kolliderte og søkte regional dominans, då nasjonalisme og populisme var i vekst, og mange følte at globaliseringa hadde svikta dei.
Ei tid, med andre ord, som ber urovekkande parallellar til vår eiga.
USA og Kina — og Taiwan
Den urolege verda var òg tema då Westad vitja Det Norske Videnskaps-Akademiet. «Sikkerhet i en verden i forandring» var tittelen då Westad og Jude Blanchette møttest hos der. Amerikanske Blanchette leiar tenketanken RAND og er elles utanrikspolitikkanalytikar.
— Då me bestemte oss for denne serien visste me ikkje kor skremmande aktuell han skulle verta, sa preses Annelin Eriksen i innleiinga si.
I USA sin ferske tryggleiksstrategi, som vart kjent tidleg i desember, er det Kina som vert peika på som hovudrivalen. Og det som vert framstilt som viktig, skriv Aftenposten, er America first.
— Eg trur ikkje Trump-administrasjonen vil klara å løysa situasjonen så bra når det kjem til Kina, sa Westad då Khrono møtte han eit par veker tidlegare.
Både Westad og Blanchette peika på Taiwan som eit krevjande punkt. Taiwan meiner som kjent at dei skal ha sjølvstyre, noko Kina ikkje er samde i. Og formelt er ikkje Taiwan uavhengig.
— Trump er ingen strateg. Ein må ha ein leiar som tenkjer lenger fram. No kan ein sjå føre seg at han seier «gi meg eit Trump-tårn og eg skal gi deg Taiwan», sa Blanchette.
— Situasjonen kring Taiwan er noko som kan føra til krig.
— Ikkje interessert i Europa
I den nye tryggleiksstrategien vert ikkje Europa peika på som særleg viktig. Og nei, Trump framstår ikkje som særleg interessert i landa i denne verdsdelen, sa Blanchette.
Samstundes er det ikkje noko Noreg kan gjera med forholdet mellom Kina og USA, sa Westad.
Både han og Blanchette peika på Kina som ein nøkkelnasjon i Asia.
— Kina har bygd opp militæret sitt dei siste to tiåra, slik at skilnaden mellom dei og USA er mykje mindre no enn før. Men er amerikanske soldatar klare til å ofra livet sitt på ei øy langt vekke, spurte Blanchette, og svara sjølv:
— Neppe.
