khrono helg

Han byrja som fengselslærar. No set emeritusen om japansk spenningslitteratur til norsk.

Naru Hodo er namnet på gramatikkverket Harry Solvang gav ut i 2015. No er det skjønnlitteratur han jobbar mest med. Før han kom så langt har han jobba med å setja om mellom anna fagtekstar og juridiske dokument.

Han ville setja om ein japansk roman. Ikkje visste professoren at dette var ein bestseljar

I bokhylla si hadde Harry Solvang ei skjønnlitterær bok han ikkje hadde lese. Forfattaren er Keigo Higashino, utan at det namnet sa Solvang noko særleg. Men innhaldet fascinerte han, og Solvang konkluderte med at dersom han først skulle setja om ei bok frå japansk til norsk, ville han byrja med denne.

Slik gjekk det altså til at 72-åringen, som er professor emeritus i japansk språk, sit på kontoret på Krokeide i Bergen og set om Higashino sin kriminallitteratur til det 36. språket.

Meir om dette seinare. For det gjekk nokre år frå Harry Solvang første gong vart interessert i japansk til han no gir ut bøker på eige forlag.

Kveldsundervisning

I 1986 las Harry Solvang det han kallar ein liten epistel i Bergens Tidende. Universitetet i Bergen skulle ha japanskundervisning på kveldstid. Solvang var på dette tidspunktet lærar i Bergen kretsfengsel, han var frivillig fotballtrenar, men han meinte likevel at han hadde tid til overs. Han møtte difor opp, som ein av mellom 40 og 50 interesserte.

— Då me hadde teke grunnfag over to år var me berre sju igjen, seier Solvang og humrar.

Henry Henne, den første norske professoren i austasiatiske språk, hadde flytta heim til Bergen, og det var Henne som no hadde undervisning i japansk. Men han gjekk av med pensjon i 1988, og Kristi Koch Christensen kom frå Oslo for å ta over japanskfaget i Bergen.

— Eg møtte henne, og ho spurde om eg kunne tenkja meg å vera hjelpelærar. Eg var allereie utdanna cand.mag., og møtet med det japanske språket hadde i tillegg vekt interessa mi for lingvistikk, seier Solvang.

Dei neste åra jobba han framleis som lærar i fengselet, han underviste ved UiB og han starta opp japansk valfag ved ein vidaregåande skule i byen. Men på eit tidspunkt måtte han ta eit val: Skulle han halda fram som lærar, eller skulle han satsa på japansk?

Det vart det siste.

Han vart buande 12 år i Japan. I 2020 fekk Harry Solvang den japanske utanriksministeren si utmerking og i 2022 Den oppadstigende sols orden. Begge for å ha fremja kulturelt og akademisk samarbeid mellom Noreg og Japan.

Tilbake til Bergen etter nesten tjue år

— Eg hadde besøkt Hiroshima i 1988 og følte verkeleg at eg var på historisk grunn. Så eg tenkte at om det nokon gong skulle bli aktuelt å studera i Japan, måtte det verta i Hiroshima. I 1995 var tida inne, og eg skreiv eit brev til universitetet der, med skikkeleg stygge, handskrivne teikn, fortel Solvang og ler.

Han held fram:

— Eg fekk svar, og beskjed om at eg kunne koma som det dei kalla forskingsstudent.

Etter det første året kom han inn på mastergrad.

— Eg kunne lesa japansk, men det var lite bidrag frå meg i gruppearbeid det første halvåret. Eg skjønte ikkje alltid kva dei andre snakka om! Men eg jobba heile døgeret, det må ein dersom ein skal koma nokon veg, seier Solvang.

Mastergrad vart til doktorgrad, singel mann vart gift mann og far. Etter å ha vore tilsett i fire år som forskar ved det prestisjetunge forskingsinstitusjonen ATR Communication Labs i Kyoto, vart prosjektet lagt ned og det var ikkje lett å finna ein tilsvarande jobb. Så Solvang, som hadde disputert med ei avhandling om framandspråkinnlæring, jobba ein periode ved fleire universitet i storbyen Osaka. Men i 2007 fekk kona jobb ved Radiumhospitalet, døtrene skulle byrja på skulen, og vegen gjekk difor tilbake til Noreg.

Heller ikkje i norsk akademia var det lett å få jobb. Solvang jobba mellom anna med å undervisa internasjonale forskarar ved Universitetet i Oslo i norsk. Men så vart på eit vis ringen slutta: Universitetet i Bergen lyste ut ei stilling som professor i japansk språk og i 2013, nesten tjue år etter at han sist budde i byen, kom Solvang tilbake.

Nå var det langt fleire studentar som tok japansk enn då Solvang reiste frå Bergen, mykje på grunn av interesse for japansk popkultur, men det som ikkje hadde endra seg, var at mange studentar framleis ramla av. Det er ikkje krav om at ein kan japansk frå før, så studentane byrjar med å læra seg eit nytt skriftspråk og eit nytt system.

— Japanske teikn byggjer på dei kinesiske, men uttalen er ulik. Koreansk er eit heilt anna språk, sjølv om det finst strukturelle likskapar med japansk. Generelt er det likevel lettare for kinesarar og koreanarar å læra seg japansk enn det er for europearar, sidan språka deira i det minste har noko felles med japansk, forklarar Solvang.

Han viser korleis ein les ei japansk bok: Ein byrjar på det som for ein skandinav vil vera siste side, heilt til høgre, og så les ein nedover.

Harry Solvang starta eige forlag for å få gitt ut japansk skjønnlitteratur på norsk. Skriftbileta er temmeleg ulike.

Ut for å læra språk

— Dersom ein skal læra japansk, må ein reisa til Japan, seier Solvang bestemt.

Sjølv om det han eigentleg skulle gjera som professor ved UiB var å byggja opp eit mastertilbod, byrja han med å legga om bachelorstudiet: Skriftleg eksamen vart erstatta av mappeevaluering, og det andre året skal alle reisa eit heilt år til Japan. UiB hadde allereie på plass ein del utvekslingsavtalar, men det var frivillig for studentane å reisa. Då det vart obligatorisk, var det behov for fleire avtalar, og Solvang nytta gamle kontaktar for å få dette på plass. Han er oppteken av å spreia studentane, slik at dei faktisk vert ein del av eit japansk miljø og på den måten lærer språket.

— Språkkompetansen tek ikkje av om ein ikkje reiser ut, seier han.

I 2015 gav Solvang ut eit stort grammatikkverk i to band. Dette var boka han sjølv sakna då han studerte japansk, seier han. Og når han no altså jobbar med skjønnlitteratur, er det framleis utifrå ei interesse for språk. For korleis skal ein setja om det som ikkje let seg setja om?

Eiga ordbok

«Fatal hengivenhet» er tittelen Solvang har gitt den norske omsetjinga. Her er det altså nokon som vert drepen med leidningen til ein kotatsu.

— Det kan vera mat, kultureller omgrep eller gjenstandar som ikkje så lett let seg omsetja. Då kan ein gå i to retningar: Anten gjera den omsette teksten så norsk som mogleg, eller bringa Japan til lesaren, seier Solvang.

Han har gjort det siste. I margen til boka har han laga ei lita ordbok som forklarar mellom anna at ein kotatsu er eit lågt bord med eit varmeteppe under. Dette kan ein altså sitja under om vinteren, og det er leidningen til teppet som vert drapsvåpen.

I Japan er Keigo Higashino den største nolevande krimforfattaren, og det var rett og slett ein skikkeleg bestseljar som stod i bokhylla på Krokeide i Bergen. Men å få eit forlag til å gi ut omsett, japansk kriminallitteratur var ikkje så enkelt. Harry Solvang starta difor like godt sitt eige forlag og er no snart ferdig med å setja om bok nummer to.

— Ein må ha rettar for å kunne setja om litteratur og selja han. Eg var i Japan i tre månader i fjor og fekk mellom anna slike rettar på plass. Det hadde eg aldri fått til dersom eg ikkje kunne japansk.

Powered by Labrador CMS