Kjell Inge Arnevig, dagleg leiar, Innovest, Møllendalsveien 65C, Foto: Ingvild Festervoll Melien

Innovest-leiaren kostar 2 millionar kroner i året

Då økonomidirektørane i Helse Bergen og UiB skulle rydde opp i skandaleselskapet Innnovest, leigde dei inn ein konsulent for 1625 kroner timen.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

I rekneskapen for 2014 står det oppført at leiarløna har vore på 2 228 000 kroner. For 2015 skal utgiftene ha vore på rundt 2 millionar kroner. Beløpa skil seg sterkt frå åra 2010 til 2012, då leiarstillinga kosta rundt 1,2 millionar kroner.

Ein del av utbetalingane til direktøren kan gjelde arbeid for selskapet Cytovation, som Innovest eig 30 prosent av. Men utgiftene er altså betalt av Innovest, skriv På Høyden.

Må sjølv betale sosiale kostnader

Frå 1996 til 2013 var det Arne Godal som var innleigd til å vere dagleg leiar. Men etter at det tidlegare styret, leia av Stener Kvinnsland, innsåg at selskapet var vanstyrt, sa dei opp kontrakten med Godal i februar 2013.

Frå juni 2013 blei Kjell Inge Arnevig leigd inn som dagleg leiar, også han på konsulentbasis. Det inneber at han ikkje er tilsett i Innovest etter arbeidsmiljølova, men at han i staden arbeider for eit konsulentfirma som har oppdraget. Konsulentfirmaet må sjølv betale arbeidsgivaravgift på 14,1 prosent, pensjonsinnskot, bokføring, revisjon, moms og liknande utgifter. Storleiken på desse utgiftene kan variere, men det kan vere snakk om opp mot 30 prosent av konsulenthonoraret.

Det virkar råflott å ha ei løn på 2,2 millionar kroner i eit sjukehuseigd selskap som berre er under avvikling.

Geir Arne Sunde

Mindre budsjett

Dermed er det sannsynleg at Arnevig hadde høve til å ta ut ei bruttoløn på meir enn 1,5 millionar kroner i 2014. Til samanlikning hadde UiB-rektor Dag Rune Olsen ei løn på 1 319 700 i 2014. Helse Bergen-sjef Stener Kvinnsland hadde ei løn på 1 704 397 kroner i 2014.

Budsjettet til Helse Bergen var på nær 10 milliarder kroner i 2014, mens UiB omsette for kring 4 milliardar kroner. Innovest fekk seg derimot ein kraftig knekk, og inntektene sank til 5,8 millionar kroner.

Tillitsvalde reagerer

— Det virkar råflott å ha ei løn på 2,2 millionar kroner i eit sjukehuseigd selskap som berre er under avvikling, og som verken driv pasientbehandling eller kompetanseutvikling. Dette er til samanlikning på nivå med dei øvste leiarane i Helse Bergen, og det er leiarar som har budsjettansvar for milliardar av helsekroner og personalansvar for tusenvis av tilsette, seier foretakstillitsvald for Overlegeforeningen, Geir Arne Sunde, på Haukeland universitetssjukehus.

Jørgen Melve er hovudtillitsvald for NTL ved Universitetet i Bergen. Han har òg vanskar med å skjøne lønsnivået.

— Eg synest det høyrest altfor mykje ut. Det er litt vanskeleg å forstå at dei treng å betale så mykje for å få jobben gjort. Vi snakkar om ei løn som er høgare enn både rektor og universitetsdirektøren si. Eg kan ikkje forstå at ein ikkje kan finne folk som kunne gjort jobben for mindre, seier Melve til På Høyden.

— Marknaden rår

Universitetsdirektør Kjell Bernstrøm var med på å hyre inn Arnevig.

— Det var tre firma som var inne og ga tilbod, og her er det marknaden som rår. Vi freista òg å flytte folk mellombels frå sjukehuset eller andre stader, men det var ikkje muleg å få det til, fortel Bernstrøm.

Tar all risiko

Personal- og organisasjonsdirektør Trond Søreide har overtatt styreleiarvervet i Innovest etter Eivind Hansen, og han understrekar at Arnevig ikkje har fått 2,2 millionar kroner i løn.

— Vi betaler berre eit månadleg beløp for tenestene hans. Det selskapet han er tilsett i må betale arbeidsgiveravgift, pensjonsopptening og løn under sjukdom. Eg reknar med at selskapet også har andre kostnader. Vi bruker òg hans tenester til å ta andre oppgåver, utanfor selskapet, forklarer Søreide.

Når det gjeld prisen på 1625 kroner timen, meiner Søreide at det var det som var muleg å få til på det tidspunktet.

— Dette er ein kontrakt med eit selskap om ei teneste. Prisen er ikkje utanfor forventa område når det gjeld kjøp av slike tenester, seier Søreide.

Dyktig leiar

Dagleg leiar Kjell Inge Arnevig i Innovest fortel at honoraret hans for 2015 var litt lågare enn i 2014, kring 2 millionar kroner.

— Ein stor del av honoraret gjeld og eit anna selskap, Cytovation AS, seier Arnevig.

Arbeidet som gjeld dette selskapet har ifølgje Arnevig vore aukande.

— Arnevig var engasjert i ein periode der vi hadde stort press på gjennomføring av krejvande endringar. Dette skulle ta kort tid, men har vist seg å bli meir omfattande. Det er først no selskapet er rydda slik at vi snart ikkje vil trenge ein dagleg leiar. Sett i ettertid ville vi nok løyst dette på ein annan måte, når prosessen har teke så lang tid. Samstundes har vi vore nøgd med å ha ein dyktig dagleg leiar som har styrt Innovest gjennom ein krevjande periode, seier Eivind Hansen. 

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS