Min doktorgrad

Gutar13 i aksjon. Lars Martin Tingelstad har forska på utvikling i fysiske prestasjonar hos jenter og gutar som driv med lagidrett. Han testa både 13, 15, og 17-åringar fleire gongar i løpet av to år.

Skifta retning etter doktorgraden

Lars Martin Tingelstad skreiv doktoravhandling om ungdom og fysiske prestasjonar. No ser han i ei anna retning enn akademia når han søkjer jobb.

Publisert

— Kan du kort seia kva du har forska på?

— Eg har forska på utvikling i fysisk prestasjon gjennom puberteten. Eg har sett på både jenter og gutar som spelar handball og fotball.

— Kvifor ville du skriva doktorgrad om akkurat dette emnet?

FAKTA

Lars Martin Tingelstad

  • Har levert avhandlinga «Utvikling i fysisk prestasjon og treningsbelastning hos yngre lagidrettsutøvere: Påvirkningen av alder og kjønn»
  • Disputerte ved Noregs idrettshøgskole 17. desember 2025

— Eg gjorde noko liknande i masteroppgåva mi, då følgde eg eit kvinnelag i Toppserien. Rettleiaren min var i gang med eit prosjekt knytt til yngre utøvarar, så då såg eg moglegheita til å få ta ein doktorgrad innan eit tema der eg kjende til metoden frå før. Ein veit at det er enorme skilnader mellom ungdom i denne alderen, noko som gjer at det også vert store fysiologiske skilnader. Men det har vore lite forsking på dette før, særleg på jenter og gutar i same studie.

— Korleis har du jobba med avhandlinga?

— Eg følgde ungdommane over to år. Dei var 13, 15 og 17 år då me tok dei første testane, og så vart dei testa to gongar til. Det var fysiske testar knytt til hurtigheit og spenst og meir lagidrettsspesifikke uthaldstestar.

— Kva finn du?

— Jenter får mindre gratis når dei kjem i puberteten, medan gutar får ein boost. Eg finn at utviklinga er størst hos gutane, sjølv om ho avtar litt i dei eldste aldersgruppene. Jenter har treigare og mindre utvikling. Men det er store individuelle skilnader, nokre hadde faktisk ein nedgang i prestasjon.

— Men i denne alderen kan det jo vera titals centimeter høgdeskilnad mellom ungdommane, særleg hos gutane. Kva får det å seia?

— Ja, dei veks fort, i ulikt tempo, og nokre veks jamnare enn andre. Det er store skilnader i prestasjon. Ein kan spørja seg om det er rettferdig at ein konkurrerer når ein er på ulike stader i utviklinga. Kor tidleg ein kjem i puberteten har noko å seia for prestasjonane. Det er stadig nokre som prøver å finna gode løysingar på korleis ein kan gjera det meir rettferdig, men det er krevjande.

Ein kan spørja seg om det er rettferdig at ein konkurrerer når ein er på ulike stader i utviklinga.

Lars Martin Tingelstad

— Kva med jentene, kor lenge presterer dei likt som gutane?

— Fram til puberteten er det likare.

— Kva har vore mest krevjande med å ta doktorgrad?

Min doktorgrad

Meir enn 1500 doktoravhandlingar vert levert i Noreg kvart år. I ein serie presenterer Khrono nokre av kandidatane som nyleg har disputert. Og me tek imot tips om fleire på redaksjonen@khrono.no

— Ein lever i ei boble nokre år, og det har både gode og negative sider. Det mest krevjande har vore å ha mange ballar i lufta samstundes, både analyse, testing og skriving. Det gjer at ein brukar veldig mange timar i døgeret på doktorgradsarbeidet. Samstundes hadde eg andre periodar, utan testing, der det var rolegare. Dersom ein er god til å strukturera tida si kan ein til dømes jobba kortare dagar i periodar — å vera stipendiat er veldig fleksibelt.

— Angra du nokosinne på at du gjekk i gang?

— Nei, eg gjorde ikkje det. Det var krevjande, men lærerikt på mange måtar. Eg ser litt avgrensingar i kva doktorgraden kan brukast til vidare, men samstundes har eg ein annan kompetanse no enn eg hadde hatt med berre master.

— Kva skal du bruka doktorgraden til vidare?

— No går eg i ei anna retning, mot dataanalyse. Eg har ikkje formell kompetanse i det, men vil visa at det er ei større breidde i kva eg kan. Eg leitar etter aktuelle stillingar, og tenkjer i utgangspunktet ikkje å verta verande i akademia. Der har det heller ikkje vore så veldig mange aktuelle stillingar å søkja etter at eg disputerte.

Powered by Labrador CMS