kjønnsbalanse

Her er alle dekanane menn

Biletet frå Universitetet i Bergen, med berre kvinnelege dekanar, fekk mykje merksemd. Dette biletet viser ei anna dekangruppe ved eit norsk universitet.

Dette er dekangruppa ved Universitetet i Stavanger: Odd Mange Bakke ved Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora, Kolbjørn Kallesten Brønnick ved Det samfunnsvitskaplege fakultet, Øystein Lund Bø ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultet, Harald Eikaas ved Fakultet for utøvande kunstfag, Ola Kvaløy ved Handelshøgskolen og Eldar Søreide ved Det helsevitskaplege fakultet.
Publisert Sist oppdatert

Margareth Hagen, rektor ved Universitetet i Bergen, delte bilete av den nye dekangruppa ved universitetet: Sju av sju, pluss museumsdirektøren, er kvinner.

Biletet har fått omtale i fleire medium.

Men ved universitetet berre litt lenger sør i landet, er det stikk motsett. Universitetet i Stavanger (UiS) har seks fakultet — og seks mannlege dekanar.

Sju pluss seks

— Har du fått reaksjonar på dette, rektor Klaus Mohn?

— Nei, eg har ikkje fått reaksjonar, skriv Mohn i ein e-post til Khrono.

Han utdjupar:

— Om ein ser på heile rektors leiargruppe ved Universitetet i Stavanger, tel me sju menn og seks kvinner. Me har seks dekanar som er menn og ein museumsdirektør som er kvinne. Me har ein mannleg rektor og tre prorektorar som er kvinner, samt direktør for organisasjon og infrastruktur som er kvinne. Det er altså samla sett ein god kjønnsbalanse. Me har også ein god kjønnsbalanse elles i våre leiarstillingar på UiS. 

Ingen reaksjonar i Nord

Og totalt sett er det ganske god kjønnsbalanse i gruppa «dekanar ved norske universitet». OsloMet og Universitetet i Søraust-Noreg har kjønnsbalanse i dekangruppa. Universiteta i Agder og Innlandet har flest kvinnelege dekanar. NTNU og UiT Noregs arktiske universitet har, altså i tillegg til UiS, også flest mannlege.

Nord universitet? Dei har, som Khrono allereie har skrive, berre hatt kvinnelege dekanar ei god stund.

— Det har vore fem kvinnelege dekanar ved Nord universitet sidan januar 2021. I resten av toppleiargruppa er det fire mannlege direktørar og prorektorar i tillegg til meg. Eg kan ikkje hugsa at dette har vekt reaksjonar, verken positive eller negative, skriv rektor Hanne Solheim Hansen i ein e-post til Khrono.

Dekanar ved norske universitet

Universitet Kor mange fakultet Kor mange kvinnelege dekanar Museumsdirektør
Universitetet i Oslo85Ja, to, med kvinnelege direktørar
Nord universitet55Nei
NTNU84Ja, med mannleg direktør
UiT Noregs arktiske universitet73Ja, deler kvinneleg leiar med eitt av fakulteta
Universitetet i Stavanger60Ja, kvinneleg direktør
Universitetet i Agder75Nei
Universitetet i Søraust-Noreg42Nei
OsloMet42Nei
Universitetet i Bergen77Ja, kvinneleg direktør
Universitetet i Innlandet53Nei

— Svake åretak

Men Hagen sitt bilete har vekt reaksjonar. Kommentarfeltet under LinkedIn-posten hennar inneheld utsegner som at «hadde du vært mann ville måtte forsvare stillingen din. Det kan det være klokt å reflektere over før du PR-ror deg ut av legitimt kritiske innsigelser med litt for svake åretak» og «en post som dette, fra lederen av en av våre viktigste utdanningsinstitusjonar vitner om grunnleggende dekadens, klasseskiller, utakknemlighet og et tragisk tilfelle av sveiseblindt lederskap».

Også i kommentarfelta til Khrono er saka debattert. Her heiter det mellom anna at det hadde vore annleis om det berre var menn: «Vi hadde fått kommentarer fra ministre om hvor uakseptabelt dette hadde vært. Det er jo når det kun er menn at det blir et mediekjør».

Til Khrono sa Hagen at dekanane ikkje vert rekrutterte og valde som gruppe, men enkeltvis, og at kvinnedominansen er eit resultat av fakultetsvise val- og rekrutteringsprosessar.

— Universitetet i Bergen har alltid hatt mannleg dominans blant dekanane, så det er oppsiktsvekkande og historisk at alle dekanane ved UiB er kvinner, sa ho.

— Går heilt i ball

— Ja, kjønnssamansetjinga i den nye dekangruppa burde vore betre. Men dette skjer i ein kontekst. Og når rektor tek seg tid til å forklara, får ho — orsak uttrykket — berre drit. Det går heilt i ball for mange, seier Tor Eldevik.

Han er leiar i likestillingsutvalet ved UiB, men òg instituttleiar ved eit fakultet der sju av åtte instituttleiarar er menn. Og i styrerommet ved Fakultet for naturvitskap og teknologi heng det portrett etter portrett av menn — alle tidlegare dekanar.

— Det er kanskje å overdriva denne saka, men ein kan velja å sjå eit større bilete her, inkludert Peter Frølich si harselering med såkalla «tullefag», seier Eldevik, og viser til debatten som byrja i sommar og som òg var tematisert fleire gongar under Arendalsuka. Fag som handlar om kjønn, seksualitet og mangfald er på Frølich si liste over fag han meiner har låg samfunnsmessig verdi.

Oppramsinga liknar dei faga som er under åtak i USA, meiner Eldevik. Han seier at han synest Frølich er i verkeleg dårleg selskap når han særleg devaluerer forsking på kjønn og mangfald.

— Det er nettopp den forskinga som kan forklara kva som framleis ligg latent av haldningar og som her fullstendig har kokt over i møte med eit bilete av kvinnelege professorar, seier Eldevik.

Han har gjort same øving som Khrono: Talt dekanar ved norske universitet. Fram til 1984 hadde ein ikkje ein einaste kvinneleg dekan, seier han.

— Totalt sett er det no jamt fordelt mellom kvinner og menn, er ikkje det flott?

— Men speglar norske dekanar tilsette ved norske universitet?

— Nei, førebels ser ein ikkje det same mangfaldet i denne gruppa som ein gjer i den faglege staben. Så kan ein sikkert seia mykje om årsakene til dette — mellom anna at arbeidsspråket for både dekanar og instituttleiarar er norsk. Men når det gjeld å aktivisera breiare til å ville søkja stillingar som leiarar, slik at dette reflekterer det mangfaldet me har, har me stadig ein veg å gå.

Professor, instituttleiar og likestillingsutvalsleiar Tor Eldevik er oppgitt over reaksjonane som har kome i sosiale media.

Menn var i fleirtal

I tillegg til kommentarfeltet under rektor Hagen sitt innlegg på LinkedIn, viser Eldevik til Filip Rygg sin post på X. Rygg er dagleg leiar i firmaet Rexir, men er tidlegare KrF-politikar og byråd i Bergen.

«Flaks at det ikke var åtte menn, det ville ikke vært bra for likestillingen», skreiv Rygg først. 

Då han såg kommentarane som kom, la han ut eit nytt innlegg: «Angrer alltid (lærer aldri) på slike meldinger. Selv om jeg mener dette er interessant og også viktig å påpeke, ødelegges budskapet av at en hau ytterliggående kvinnehatere tar dette til inntekt for sitt forskrudde verdensbilde».

— No finst det altså eit universitet med berre mannlege dekanar.

— Det er ikkje noko som har hissa opp folk tilsvarande, i alle fall ikkje som eg har fått med meg, seier Eldevik.

Han peikar på ei medverkande årsak til at alle dekanane ved UiB no er kvinner: Det er skifte samstundes ved rektorval, og fleire av dei som no er bytte ut hadde sete to periodar.

— I førre fireårsperiode var det fem menn og to kvinner som var dekanar. Eg høyrde ikkje at nokon sa noko om det. 

 Samtlege menn gjekk av no, og to av dei kvinnelege dekanane har no gått inn i sin andre periode.

— I tillegg er det slik at minst fire av dei noverande er første kvinneleg dekan ved sitt fakultet nokosinne. Så det var på høg tid.

17 menn, og så Gunn Mangerud. Dette er frå styrerommet ved Fakultet for naturvitskap og teknologi.

— Overmoden

— Det var mange, både masterstudentar og stipendiatar, som stoppa meg i gangen og sa at dei var glade for at eg stilte til val. Dei var leie av å sjå på bileta i 9. etasje i SV-bygget, som viser berre menn.

Det seier Synnøve Bendixsen. Ho er ein av dei nye dekanane ved UiB, og den første kvinnelege dekanen som er vald ved Det samfunnsvitskapelege fakultetet (SV-fak). Før ho vart vald til dekan i vår, var ho den andre kvinnelege instituttleiaren ved Sosialantropologisk institutt.

— Tida var overmoden for ein kvinneleg dekan, meiner Bendixsen.

Også Det juridiske fakultetet har fått sin første kvinnelege dekan, Sigrid Eskeland Schütz. 

— Kvifor ville du legga frå deg forskinga di og stilla som dekankandidat?

— Fakultetet står, som kjent, i ei økonomisk krise. Slike kriser gjer ofte at ein tek nokre vegval. Eg ville vera sikker på at dei vala ein tek sikrar at kvaliteten ved fakultetet både består og vert vidareutvikla. Eg ville vera med på å ta fakultetet i ei retning eg meiner er forsvarleg, seier Bendixsen.

Ho er femti år og professor, og seier at det ikkje var eit lett val å setja forskinga på vent.

— Men eg skal jobba ved dette universitetet i mange år til, sikkert tjue, og då vart det viktigast for meg å ta ansvar og jobba for at SV-fakultetet skal vera ein god stad å forska og studera i lang tid framover.

Dekanen forskar mellom anna på flyktningar og migrasjon, og seier at mangfald, òg i leiarstillingar er viktig. Då handlar det ikkje berre om kjønn, men òg om mellom anna bakgrunn.

— Men om ein ser på universiteta, og no særleg på nokre av UiB sine fakultet, har me til no ikkje vore bortskjemde med kvinnelege leiarar. Så skal ein ikkje vera glad for at ein har fått det?

Synnøve Bendixsen er ny dekan ved Det samfunnsvitskapelege fakultetet. Ho har Julie Riise som prodekan.

Var første etter 208 år

Mange dekanar er professorar, sjølv om det i stillingsutlysingar stort sett er krav om doktorgrad. Som Khrono skreiv i vår, er talet på kvinnelege professorar i Noreg no om lag 37 prosent. Ser ein på vitskapeleg tilsette som ei gruppe, er litt over halvparten kvinner. Det er store variasjonar mellom institusjonane.

Det er altså slik at sjølv om professorane flest framleis er menn, har fleire av universiteta flest kvinnelege dekanar. Er det fordi det er kvinner som tek på seg slike stillingar? Dette er ikkje stillingar det alltid er kamp om.

Men å plassera eit åremål som dekan inn i det ein plar kalla akademisk husarbeid, og som ein veit at kvinner tek på seg i større grad enn menn, meiner Ragnhild Hennum at ein ikkje kan gjera. 

Hennum er som kjent rektor ved Universitetet i Oslo (UiO), men også leiar i Kif-komiteen. Frå 2020 var ho den første kvinnelege dekanen ved Det juridiske fakultetet ved UiO, eit fakultet som då var 208 år gamalt.

— Når ein snakkar om akademisk husarbeid snakkar ein i hovudsak om undervisning og administrative oppgåver. Sjølv om det no fleire stader er mange kvinnelege dekanar, er det vanskeleg å seia at ein ser eit mønster, seier Hennum.

Ho seier at ein lenge har ønskt seg kvinner inn i leiinga ved norske universitet, og at Kif-komiteen også er opptekne av eit breiare mangfaldsomgrep.

— Men kvifor vert det så mykje spetakkel når ein så får kvinnelege leiarar?

— Kjønn og likestilling har skapt mykje engasjement, òg frå grupper som ikkje vanlegvis interesserer seg i universitetspolitiske spørsmål. Og spørsmål om kvinnerepresentasjon har skapt meir debatt enn spørsmål om representasjon av menn.

— Nokon vil seia at det er på tide med kvinnelege dekanar?

— Det er mogleg å seia det. Samstundes er det slik at for at ein skal få det, må nokon stilla til val. Universitetet i Oslo vel til dømes alle sine dekanar, seier Hennum.

Powered by Labrador CMS