rettleiing

Ho bankar på hos stipendiatane om dei ikkje gir lyd frå seg

— Rettleiarar har makt, og det må me innsjå at me har, seier professor Åsta Haukås. Ho har tett oppfølging av stipendiatane sine — og dei leverer til normert tid.

Mona Hosseini (til venstre) er framleis stipendiat. Ho søkte seg til Bergen då ho såg korleis teamet til professor Åsta Haukås jobba. André Storto fekk jobb som førsteamanuensis før han hadde disputert.

— Det trengst ein landsby for å oppdra ein forskar.

— Det er ingen menneskerett å vera rettleiar.

— Eg tok doktorgrad nærast som privatist.

— Eg tilrår ingen å verta stipendiat.

Dette er sitat henta frå nokre av sakene Khrono har skrive om å vera stipendiat. 

— Eg trudde eg hadde ein draumejobb då eg vart stipendiat. Men eg møtte mange stipendiatar som kjempa og som kjende seg åleine. Å vera stipendiat kan vera den beste delen av livet, men eg møtte menneske som grein på kontoret, seier Åsta Haukås, professor i framandspråksdidaktikk ved Institutt for framandspråk ved Universitetet i Bergen (UiB).

UiB-professoren gjer no sitt for at det skal vera nokre gode stipendiatår ved universitetet.

Haukås understrekar at ho trur rettleiarar vil det beste for stipendiatane. Men mange av dei sit for lenge og ventar på teksten som skal koma.

— Så då eg skulle verta rettleiar bestemte eg meg for at eg ikkje ville gjera det på denne måten.

Små mål og meistring

Khrono møter Åsta Haukås, André Storto og Mona Hosseini ein førjulsdag i Bergen. 

Storto er ferdig disputert og fekk stilling som førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet allereie før han hadde levert avhandlinga si. Hosseini er tidleg i sitt doktorgradsløp. 

Den tredje uteksaminerte stipendiaten Haukås har rettleia ved UiB, Irina Tiurikova, er heime med fersk baby, medan den fjerde, Raees Calafato, er førsteamanuensis ved Universitetet i Søraust-Noreg. 

Fire av dei fem Haukås har rettleia leverte avhandlinga si anten før normert tid eller på tida. Den siste kom òg i mål ikkje så lenge etter normert tid.

Det var saman med Storto og Tiurikova, som begge var knytt til Ungspråk-prosjektet, at Haukås utvikla modellen for rettleiing, med autonomi, meistring og tilhøyrsle som førande prinsipp. I korte trekk handlar det om stadige avklaringar, om små mål og meistring undervegs, om samarbeid og om å sjå kvarandre.

— Mange stipendiatar har til dømes aldri skrive ein vitskapeleg artikkel før. Me har gjort det slik at den første artikkelen stipendiatane skriv, skriv me saman. Me jobbar i same dokument, og teksten går fram og tilbake. Det er ikkje slik at eg har feilfrie og perfekte manus med ein gong, eg heller. Det kan vera godt å sjå for stipendiatane, seier professoren.

Å presentera på konferansar er òg noko dei først gjer saman, og dei snakkar om korleis ein faktisk skal skriva samandrag.

Inspirasjon frå medisin og realfag

Samarbeidet var noko Hosseini la merke til. Ho møtte Ungspråk-forskarane på ein konferanse, og vart imponert over måten dei jobba saman på. Hennar doktorgradsarbeid er ikkje knytt til same prosjektet, men ho seier at ho vart teken godt imot.

— Då eg kom til Bergen vart eg introdusert for teamet, og eg visste då med ein gong at det var andre som jobba med noko av det same som meg. Irina, som då var i innspurten med si avhandling, bad meg — ein fersking — om å lesa arbeidet hennar. Slik kjende eg at eg òg gjorde ein viktig jobb, og me fekk ein relasjon, seier Hosseini.

— Me vart ei mental støtte for kvarandre, for det vil alltid koma opp- og nedturar.

Inspirasjonen til denne måten å jobba på kjem frå medisin- og matematiske og naturvitskapelege fag. Innanfor humaniora er det framleis ein del stipendiatar som leverer avhandlinga si som ein monografi, men fleire og fleire skriv artikkelbasert.

— Haukås, brukar du ikkje meir tid enn du har i stillinga di når du rettleiar på denne måten?

— Jo, det gjer eg nok heilt sikkert. Men når me arbeider på denne måten er dette òg ein del av mi forsking.

— For meg har dette vore ein draumejobb, seier Storto, som leverte fem fagfellevurderte artiklar i løpet av stipendiatperioden.

— Det var ein fridom til å prøva, og det var ein fridom til å feila.

Turikova skildrar samarbeidet i kappa til avhandlinga si: «I personally believe that the Ungspråk project shall become a model for future PhD programs, as it involved true teamwork of all members of the research group at all stages».

Medvitne om makt

Haukås fortel at ho har presentert sin måte å rettleia på til kollegaer ved Det humanistiske fakultetet.

— Nokre sa at dei ikkje vil passa på stipendiatane, dei er vaksne menneske. Men me som er rettleiarar har makt, og stipendiatane er i ein sårbar situasjon. Eg meiner me må vera medvitne om at me har denne makta, seier Haukås.

— Eg trur mange rett og slett rettleiar slik dei sjølve vart rettleia.

Ho er oppteken av å ha tett kontakt med stipendiatane, og òg med masterstudentar når ho rettleiar dei.

— Åsta er tilgjengeleg, både på kontoret og på e-post. Ho svarar kjapt på alt, skryt Husseini.

— Ho sender òg gjerne e-postar av typen «hei, i dag jobbar eg med sånn og sånn, kva jobbar du med?».

— Eg bankar på dørene deira òg, svarar professoren.

— Stipendiatar vil fortelja ein rettleiar om det dei er stolte over. Men dersom det er periodar eg ikkje høyrer noko, så bankar eg på kontordøra. 

Powered by Labrador CMS