Min doktorgrad

Handskrift eller nettbrett? Det spelar ikkje så stor rolle kva elevane lærer først, viser den ferske avhandlinga til Eivor Finset Spilling. Dette biletet er frå ein sommarskule i Oslo.

I løpet av fem år har ho gitt liv til to barn og ei avhandling

Digitale møte var ein fordel for stipendiat og småbarnsmor Eivor Finset Spilling. Ho er høgskulelektor ved Høgskulen i Volda og har følgt doktorgradsprogrammet i Stavanger.

— Kvifor vart det doktorgrad om akkurat dette emnet?

— Eg hadde jobb ved Høgskulen i Volda, og var så heldig at eg vart invitert inn i eit større forskingsprosjekt. Det handla om handskrift og digitale verktøy, og hadde fleire stipendiatar knytt til seg. Høgskulen har samarbeidd med Universitetet i Stavanger, og det er ved UiS eg har vore stipendiat.

Fakta

Eivor Finset Spilling (37)

  • Har levert avhandlinga «Handwriting versus keyboarding in first grade: Which modality best supports written composition performance and learning? »
  • Disputerte ved Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking, ved Universitetet i Stavanger 5. mai

— Kan du presentera prosjektet ditt i korte trekk?

— Eg har forska på om det å læra å skriva med blyant eller nettbrett verkar inn på elevane si tekstskriving. Eg har sett både på kor fort dei lærer å skriva forteljing og på kor gode og lange tekstane er. Eg har brukt data frå 18 førsteklassar. Den første teksten eg har sett på skreiv dei i november, og så har dei skrive fire tekstar til. Eg har brukt data frå tre ulike typar klasserom: Dei som først lærer å skriva for hand, dei som har kvart sitt personlege nettbrett og dei elevane som får kombinert opplæring. I den nye læreplanen skal elevane etter andre trinn kunne skriva tekstar både for hand og på nettbrett.

— Kva finn du?

— Eg finn at når eg samanliknar dei elevane som lærer handskrift først og dei som lærer å bruka nettbrett først, er det liten skilnad. Kva ein lærer først verkar i lita grad inn på det å læra å skriva ei forteljing. Det er lik utvikling når ein ser på både kor langt elevane skriv og når ein ser på teksttrekk som setningsbygnad og forteljestruktur. På mikronivå, som staving og mellomrom mellom orda, kan ein finna ein skilnad der dei som byrja med nettbrett var på eit høgare nivå i dei første tekstane, men dei viser mindre utvikling. For dei elevane som lærte å skriva for hand var startnivået lågare, men dei viser ei større utvikling. Dette kan henga saman med at det finst støtteverktøy ein kan bruka når ein lærer å skriva digitalt, til dømes at ein kan få lese opp bokstavlydane.

For familielivet var det ein fordel med pandemi og digitale møte

Eivor Finset Spilling

— Kva har vore mest krevjande undervegs i doktorgradsperioden?

Min doktorgrad

Meir enn 1500 doktoravhandlingar vert levert i Noreg kvart år. I ein serie presenterer Khrono nokre av kandidatane som nyleg har disputert. Og me tek imot tips om fleire på redaksjonen@khrono.no

— Det har vore krevjande å kombinera småbarnsperiode og stipendiatstilling. Eg har kjent meg i skvis i periodar med sjukdom kombinert med ph.d.-kurs og seminar. Sidan eg har vore stipendiat ved UiS har eg vore ein del der, så for familielivet var det ein fordel med pandemi og digitale møte. Familielivet har samstundes sett nokre grenser for arbeidet mitt, på kveldstid har eg ofte vore for trøytt til å setja meg ned for å læra noko nytt. Barna mine er to og fem år, så eg fekk den yngste undervegs i stipendiatperioden. Eg plar seia at avhandlinga er den siste babyen min!

— Har du angra på at du gjekk i gang med dette?

— Det har vore tunge periodar. På eit punkt fekk eg ei fagfellevurdering som der og då kjendest uløyseleg, og som i tillegg kom i ein sårt trengd ferie, og då ønskte eg meg ut av alt. Men i det store og heile er eg takksam for at eg har fått gjera dette!

— Kom du i mål til normert tid?

— Ja, med tilleggstid for foreldrepermisjon så gjorde eg det.

— Kva skal du bruka doktorgraden til vidare?

— Eg er tilbake i vanleg jobb, og tek med meg resultata inn i både forskinga og ikkje minst undervisninga mi, eg underviser lærarstudentar.

Powered by Labrador CMS