Høgskulen i Volda
Jussprofessor: — Departementet kan ikkje bestemma leiingsmodell
Kunnskapsdepartementet truar med å endra styringsform ved Høgskulen i Volda. Men det er berre institusjonane sjølve som kan bestemma om dei skal ha vald eller tilsett rektor.
Høgskulen i Volda har for andre gong vore kalla inn på teppet hos Kunnskapsdepartementet. No har høgskulen fått tydeleg beskjed i å ordna opp i konfliktane som har vorte tydelege det siste året:
«Hvis høyskolen ikke lykkes med dette, vil departementet vurdere om det er grunnlag for å endre styreordning eller -sammensetning».
Departementet seier til Khrono at det kan verta aktuelt å gjera noko med samansetjinga av styret, til dømes få inn fleire styremedlemmer. Dei viser òg til ein unntaksheimel i universitets- og høgskulelova som seier at «Departementet kan i særlige tilfeller fastsette en annen styresammensetning eller styreordning».
Men kan departementet overstyra og vera den som avgjer om ein høgare utdanningsinstitusjon skal ha vald eller tilsett rektor?
— Nei, seier jussprofessor Karl Harald Søvig.
Han sat i Aune-utvalet som jobba fram framlegg til ny Universitets- og høgskulelov i 2020.
— Ville vore oppsiktsvekkjande
— Det er rett at denne paragrafen gir departementet heimel til å endra styreordning i særskilde tilfelle. Men i forarbeida vert omorganisering brukt som praktisk døme, og det er noko heilt anna enn om institusjonen skal ha vald eller tilsett rektor, seier Søvig.
Han seier at føresegna byggjer på tidlegare lov, og her tyder dei interne tilvisingane på at omgrepet «styreordning» ikkje gjaldt spørsmålet om vald eller tilsett rektor.
— Det er også påfallande om departementet sjølve kunne treffa ei avgjerd med slike konsekvensar, når lova elles legg viktige spørsmål til Kongen i statsråd, seier Søvig.
— Uansett kva ein skulle meina om lovtolking, så ville det vera oppsiktsvekkjande om departementet skulle gå inn og overstyra institusjonen i eit så prinsipielt spørsmål som vald eller tilsett rektor.
Rektor ved Høgskulen i Volda, Odd Helge Mjellem Tonheim, sa til Khrono at styreform er noko styret ved høgskulen har vedteke at skal drøftast før den noverande rektorperioden går ut.
Kan kasta rektor som styreleiar
Kunnskapsdepartementet seier altså at dei mellom anna kan vurdera å utvida styret. Det dei òg kan, nærare bestemt Kongen i statsråd, er å kasta styret — men vilkåra er strenge, seier Søvig. Dersom dette vert gjort vil eit mellombels styre fungera fram til eit nytt er oppnemnd, med valde representantar frå høgskulen og i tillegg nye, departementsoppnemnde styremedlemmer.
— Er det mogleg å kasta ein vald rektor som styreleiar?
— Det er jo to ulike roller, så ja, det skal vera mogleg — utan at eg har fått sjekka dette nøye. Det har ikkje skjedd før, seier Søvig.
Ønska seg forskarstilling
Høgskuledirektør Ann-Kristin Emblem har klaga på vedtaket om å seia henne opp. Oppseiingstida hennar på seks månader gjekk ut 31. oktober, men framleis har ikkje departementet avgjort klagesaka. Denne saka er ikkje noko av det som har vore drøfta på møte med departementet no, står det i oppsummeringa.
Men:
— Eg undrar meg over at departementet brukar så lang tid på å handsama den saka, men det kan vere forhold som må undersøkast nærare for å sikra ei forsvarleg sakshandsaming. Slik sett gjer òg departementet sitt til at situasjonen er som han er, seier Søvig.
Departementet har sagt at dei planlegg å gi partane eit svar i løpet av november månad. Lokalavisa Møre-Nytt skriv at Emblem, via advokaten sin, har kome med eit forslag til avtale, men av høgskulen har sagt nei til dette.
«Dersom tilbudet avvises, er Ann-Kristin fullt ut komfortabel med å avvente departementets vurdering av saken og en eventuell etterfølgende rettsleg prosess», siterer Møre-Nytt at advokaten har skrive.
Nyeste artikler
Venstre frykter at Norge havner på B-laget i forskning
— Det hadde vore ein draum å få Maria Toft som statsråd
Doktor først, verdensmester i jiu-jitsu etterpå
Stipendiat tapte rettssak, må betale 250.000 kroner
Menneskene først: Teknologiens sanne verdi ligger i å forstå virkelige problemer
Mest lest
Fem personer har sluttet på kort tid i prestisjeprosjekt
Bekymret over norske politikeres lave utdanning
Han underviser for tomme saler. Vil ha studentene tilbake på campus
Svindlerne fikk napp hos Sintef. 9 av 25 ga fra seg passord
Professor trekker seg i protest: —Kommer ikke til å være høflig og hyggelig mot Elon Musk