høgskulen i volda
Departementet truar med å gripe inn om ikkje høgskulen ryddar opp
Greier ikkje Høgskulen i Volda å sikre ei god, løpande drift, vurderer departementet å ta fram pisken.
«KD [Kunnskapsdepartementet] er både opptatt av at den løpende driften ivaretas på en god måte og at det arbeides godt med den langsiktige, strategiske utviklingen. Hvis høyskolen ikke lykkes med dette, vil departementet vurdere om det er grunnlag for å endre styreordning eller -sammensetning. KD vil i så fall ha dialog med høyskolen om dette, og gi nødvendige avklaringer i så god tid som mulig».
Det skriv Kunnskapsdepartementet i eit brev til Høgskulen i Volda, etter at høgskuleleiinga for andre gong har vore inne på teppet for å gjere greie for den betente konflikten mellom styret og rektor på den eine sida, og høgskuledirektøren på den andre.
Departementet er uroa over leiinga ved høgskulen.
— Me har no gitt høgskulen beskjed om å setja i verk tiltak for å betra situasjonen på høgskulen. Me vil følgja opp dette i eit nytt møte med høgskulen i januar, skriv departementet i ein e-post til Khrono.
Kan få inn fleire styremedlemmer
Khrono har skrive om konfliktane ved Høgskulen i Volda fleire gonger det siste året:
- Styret har vedteke at det ikkje har tillit til høgskuledirektøren og har sagt henne opp.
- Direktøren har klaga vedtaket inn for departementet, og saka er ikkje avgjort endå.
- Rektor har varsla mot direktør, og direktør har varsla mot rektor.
- Fagforeiningane ønskjer ikkje å samarbeida med direktør, og styret har vedteke at tilsetjingsmynde skal flyttast vekk frå direktør.
- Stemninga i styremøta er òg krevjande, og i haust enda eitt av møta med at direktøren gjekk ut av møte utan å kome tilbake.
No kjem det altså ein tydeleg beskjed frå departementet: Det vurderer å gjera noko med leiinga av høgskulen.
— I universitets- og høgskulelova er det reglar om korleis styre skal vera samansett, men lova opnar for at departementet i særskilde tilfelle kan fastsetja ei anna samansetjing. For eksempel kan ei endring gå ut på å utvida det eksisterende styret med fleire eksterne styremedlemmar oppnemnde av departementet, skriv departementet.
Ikkje gjort før
Kunnskapsdepartementet opplyser vidare at det ikkje tidlegare er gitt tilbakemelding til andre institusjonar om at det er grunnlag for å vurdere å endra leiingsmodell. Høgskulen i Volda har i dag vald rektor, som då òg er styreleiar.
— Val av leiingsmodell er noko som i utgangspunktet ligg til styret ved institusjonane sjølve å fastsetja, heiter det i e-posten til Khrono.
Men det finst òg ein unntaksheimel:
«Departementet kan i særlige tilfeller fastsette en annen styresammensetning eller styreordning», heiter det.
Tidlegare statsråd besøkte Nord
Så vidt Khrono kjenner til, er det berre éi anna sak Kunnskapsdepartementet har vore så tungt inne i før:
Seint i 2018 og tidleg i 2019 var det Nord universitet som fekk ekstra oppfølging. Universitetet stod i fare for å missa universitetsstatusen fordi Nokut meinte at eitt av dei fire doktorgradsprogramma deira ikkje hadde god nok kvalitet.
Dåverande forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø møtte på styremøte ved Nord universitet tidleg i januar 2019. Då hadde Nokut allereie vore i styret og gitt beskjed om at universitetet måtte jobba med kvalitetskulturen. Men det var ein skilnad mellom dei to besøka: Styreleiar og rektor hadde invitert Nokut sin tilsynsdirektør.
— Eg har snakka med styreleiarar og styremedlemmer, men det er første gong eg møter styret ved eit universitet. Så er det òg første gong me har ein så alvorleg og spesiell situasjon, sa Nybø til Khrono den gongen.
Då hadde ho nyleg fått kritikk for at styret ved det temmeleg ferske universitetet fekk forlenga funksjonsperiode, og i etterkant fekk ho klar beskjed frå 32 rektorar ved norske universitet og høgskular:
«Norske universitets- og høyskolerektorer ber derfor om respekt for den oppgaven og det ansvar som universitetsstyret er satt til å forvalte i denne prosessen, og at institusjonenes øverste organ vises den helt nødvendige tillit til å fatte vedtak til beste for studentene, regionen og institusjonen», skreiv dei i Khrono.
Kunnskapsdepartementet skriv til Khrono at det ikkje er planar om at noverande forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel skal til Volda.
— Møtet i januar er administrativt, blir det understreka.
— Påverkar negativt
Saka ved Høgskulen i Volda går føre seg på administrativt nivå i departementet. Av Kunnskapsdepartementet si oppsummeringa etter det siste møtet, sendt til høgskulen, går det fram at det var ekspedisjonssjef Maria T. Storeng, konstituert avdelingsdirektør Charlotte Rustad, avdelingsdirektør Lars Vasbotten og fagdirektør Erling H. Dietrichson som deltok frå Kunnskapsdepartementet si side.
Frå høgskulen møtte både rektor, prorektor og direktør, i tillegg to styremedlemmer, HR-sjef og økonomi- og eigedomssjef.
Departementet skriv at det oppfattar at høgskulen er i ein krevjande leiingssituasjon som departementet oppfattar tek merksemda vekk frå det å driva høgskulen. Vidare heiter det at departementet forventar at styret følgjer situasjonen tett og sikrar forsvarleg drift.
«KD får henvendelser, uten at disse ble konkretisert i møtet, og har merket seg styrevedtak som viser et høyt konfliktnivå, for eksempel om administrasjonens fullmakter, informasjonsflyt mv».
Frå høgskulen si side vart det uttrykt i møtet at leiingssituasjonen påverkar høgskulen negativt, og at forholda no ikkje ligg til rette for at ein mellom anna får drøfta den strategiske utviklinga ved institusjonen.
— Møtedeltakarane frå HVO sin administrasjon viste til at situasjonen på høgskulen gjer det administrative arbeidet svært krevjande, heiter det.
Skal drøfta styreform
Rektor Odd Helge Mjellem Tonheim seier til Khrono at oppsummeringa frå møtet kjem opp på neste styremøte. Han viser elles til kva han har sagt om saka til Møre-Nytt:
— Styret arbeider kontinuerleg med å sikra høg kvalitet i utdanning, forsking, studiemiljø og administrative funksjonar, og gjer stadige vedtak for å sikra dette. Framover er etablering av nytt doktorgradsprogram og auka rekruttering av studentar nokon av dei viktigaste sakene.
— Korleis tolkar du det som står om at departementet vil sjå på styreform?
— Det trur eg ikkje eg skal tolka no.
— Men er vald eller tilsett rektor noko de drøftar ved Høgskulen i Volda?
— Ja, det er noko me skal drøfta fram mot neste styreperiode. Det er allereie vedteke at skal skje, så ei sak om styreform kjem på styret sitt bord uavhengig av alt anna.
Nyeste artikler
— Det hadde vore ein draum å få Maria Toft som statsråd
Doktor først, verdensmester i jiu-jitsu etterpå
Stipendiat tapte rettssak, må betale 250.000 kroner
Menneskene først: Teknologiens sanne verdi ligger i å forstå virkelige problemer
Klar for et kvantesprang?
Mest lest
Fem personer har sluttet på kort tid i prestisjeprosjekt
Bekymret over norske politikeres lave utdanning
Han underviser for tomme saler. Vil ha studentene tilbake på campus
Svindlerne fikk napp hos Sintef. 9 av 25 ga fra seg passord
Professor trekker seg i protest: —Kommer ikke til å være høflig og hyggelig mot Elon Musk