Universitetet i Bergen

Jussprofessor: Nokre av dei fremste juristane i landet sit jo rett borti gata

Jussprofessor Hans Fredrik Marthinussen har forståing for at rektor Margareth Hagen har fått advokathjelp. Men jusskompetanse finst ved eigen institusjon, seier han.

Som professor leverer Hans Fredrik Marthinussen frå tid til anna juridiske utgreiingar til advokatar. Det kan òg ha skjedd i saka ved UiB, der rektor har fått rekningar for advokatbistand på totalt 373. 000 kroner. — Men det får ein aldri vita, seier Marthinussen.

Margareth Hagen, rektor ved Universitetet i Bergen (UiB), har brukt 373.000 kroner på ekstern advokathjelp i samband med endringar i vedtektene i Trond Mohn Stiftelse (TMS). Forklaringa frå Hagen til Bergens Tidende, som først skreiv om saka, var at ein ikkje kunne bruka UiB sine interne juristar i saka.

Men ein kunne nytta jussmiljøet ved universitetet, meiner jussprofessor Hans Fredrik Marthinussen.

— Nokre av dei fremste juristane i landet sit jo rett borti gata, seier han.

Forståing for advokathjelp

Saka handlar om at styret i Trond Mohn Stiftelse i 2022 gjorde ei endring i vedtektene. Frå å heita at det var forsking i Bergen som skulle støttast, heiter det no at det «fortrinnsvis» er forsking i Bergen som får støtte. 

Samstundes er det inngått ein avtale med Tromsø Forskningsstiftelse om å styrka forskinga ved UiT Noregs arktiske universitet (UiT). Det betyr at UiT, UiB og Helse Bergen no må dela den årlege avkastninga, som har vore om lag hundre millionar kroner.

— Det er ikkje rart at UiB ønskjer ei juridisk utgreiing. Det er snakk om ei vesentleg formålsendring i ei stifting som er svært viktig for UiB og forskingsaktiviteten her. I verste fall kan endringa bety store tap av forskingsmidlar for UiB, seier Marthinussen til Advokatbladet, som skreiv om saka først.

Marthinussen seier til Khrono at han har forståing for at rektor søkte om advokathjelp.

— Ein jussprofessor kunne svara mellom anna på om vedtektsendringa var lovleg. Men når det kjem til kva som hadde vore lurt å gjera i styremøtet, som til dømes om ein skulle ta dissens, kva som hadde vore konsekvensane av det, og om ein skulle be om å senda saka til Stiftelsestilsynet, er det noko advokatar har spisskompetanse på.

Professoren seier at å gjennomføra ei juridisk utgreiing, for ein advokat, er noko han som professor tidvis gjer, og kan få godt betalt for.

— Eg tenkjer at UiB må bruka den kompetansen ein har internt, både i denne og andre saker.

Habilitet eller noko anna? 

7. januar trekte Margareth Hagen seg som styremedlem. I ein e-post til Khrono skreiv ho at «jeg har i dag meddelt styreleder i TMS at jeg går ut av stiftelsens styre. Dette er en avgjørelse som har modnet i meg over tid, og i etterkant av vedtektsendringene i fjor. Dobbeltrollen, som rektor og UiB-oppnevnt styremedlem, har vært krevende og er blitt ytterligere krevende med nye vedtekter. Den siste tids debatt viser de utfordringene som ligger i denne dobbeltrollen, og de viser også hvorfor jeg hadde behov for juridisk rådgivning.»

Jussprofessor Eivind Smith sa før dette til Khrono at UiB ikkje burde betalt rektor sine advokatrekningar i denne saka, sjølv om han ikkje trur UiB har gjort noko ulovleg. Han viste òg til stiftelsesloven, der det mellom anna heiter at eit styremedlem ikkje «kan delta i saksbehandlingen eller avgjørelsen når han eller hun har stilling eller tillitsverv i en privat eller offentlig institusjon, organisasjon eller et foretak som har økonomisk eller annen fremtredende særinteresse i saken».

— Etter desse reglane vert universitetet sin rektor truleg så ofte inhabil i ei stifting med sterkt bergensformål at det neppe er ei god løysing at ho sit i styret i det heile, sa Smith.

Jussprofessor Jan Fridtjof Bernt seier til Bergens Tidende at det er ei god løysing at Hagen har trekt seg, og at dekan Jan Erik Askildsen går inn. Han vil ikkje kunne vera inhabil på same måte, seier Bernt.

— Askildsen er ikkje ein del av leiinga for universitetet som heilskap, men berre for ein del av dette, og vert då berre inhabil når «andre særegne forhold foreligger som er egnet til å svekke tilliten til hans upartiskhet».

Marthinussen meiner det som har vore skrive om at rektor sit i styret som privatperson ikkje er veldig relevant.

— I styret i ei stifting har ein ei personleg plikt som styremedlem knytt til å ta omsyn til stiftinga sine interesser. Hagen er ikkje representant for UiB i styret, seier han.

— Det har vore mykje snakk om habilitet. Men handlar saka eigentleg om at UiB ikkje vil mista pengar?

— Alle skjønar at det handlar om det. Og tenk kor skadeleg det hadde vore for UiB sin rektor dersom ho hadde vore med på å endra vedtekter, og så viste det seg i etterkant at det var ulovleg!

Glede i Tromsø

Medan forskingsmiljøa i Bergen risikerer å få mindre pengar framover, er det jubel i Tromsø. Før jul vart det kjent at lingvistikkmiljøet ved UiT får 34 millionar kroner. Samstundes vart det lyst Starting grant-stipend for unge forskarar knytt til UiT. Det er lyst ut ei liknande ordning for UiB, noko som betyr at forskarar frå dei to universiteta ikkje kjem til å konkurrera med kvarandre.

Anne Husebekk er styreleiar i Tromsø Forskningsstiftelse (TFS), ei stifting som no fungerer som eit arbeidsutval for identifisering og kvalitetssikring av prosjekt frå UiT. Stiftinga administrerer søknader og kjem med ei innstilling til kven som skal få pengar.

TFS skriv at deres søsterstifting i Bergen har vedteke å gjennomføra ei eiga UiT-satsing for å sikra forskingsprosjekt av høg kvalitet ved UiT. Det skal setjast av årlege økonomiske rammer for satsinga, og TFS vil identifisera og utvikla støtteverdige forskingsprosjekt innanfor denne ramma. 

Khrono har spurt styreleiar i TMS, Asbjørn Strandbakken, om det er vedteke ei fordeling mellom UiB og UiT når det kjem til avkastinga. Redaksjonen har ikkje fått svar på dette.

Ein kamp mellom midlar er eit tilbakelagt stadium, meiner Husebekk.

— Eg skjønar det dersom Bergen meiner det var best at dei fekk alt. Men styret har gjort ei vedtektsendring, og me er kjempeglade for at det har skjedd ei endring, seier ho.

Også UiT-rektor Dag Rune Olsen er nøgd med at UiT får pengar.

— Eg har opplevd at Trond Mohn har vore tydeleg på kva han ønskjer. Me har ikkje opplevd nokon obstruksjon frå Bergen, men det er naturleg at dei ikkje jublar for at det skal gå meir midlar til Tromsø, sier Olsen.

Han held fram:

— UiB har heilt legitime interesser i å syta føre at dei vert tilgodesett. Samstundes er det naturleg at ein lyttar til donator sitt ønske og tek det med i avveginga.



Powered by Labrador CMS