universitetet i Bergen

Rektor trekkjer seg frå styret i Trond Mohn Stiftelse

Rektor ved Universitetet i Bergen melde sundag at ho går ut av styret i Trond Mohn Stiftelse etter at det har storma rundt rolleblanding siste veka. 

Margareth Hagen trekkjer seg frå stiftingsstyre. Her, fotografert heime under rektorvalet ved Universitetet i Bergen då ho vart vald.
Publisert Oppdatert

Sundag kveld skriv Bergens Tidende at Margareth Hagen trekkjer seg frå styrevervet ho har i Trond Mohn Stiftelse. 

Ifylgje ein e-post ho har sendt avisa er årsaka at dobbeltrolla som rektor ved Universitetet i Bergen og styremedlem er «krevjande». 

Khrono fekk sundag kveld same e-posten frå rektor. Der skriv Hagen:

«Jeg har i dag meddelt styreleder i TMS at jeg går ut av stiftelsens styre. Dette er en avgjørelse som har modnet i meg over tid, og i etterkant av vedtektsendringene i fjor. Dobbeltrollen, som rektor og UiB-oppnevnt styremedlem, har vært krevende og er blitt ytterligere krevende med nye vedtekter. Den siste tids debatt viser de utfordringene som ligger i denne dobbeltrollen, og de viser også hvorfor jeg hadde behov for juridisk rådgivning.»  

Universitetet betalte privat advokatrekning

Denne veka kom det fram at Universitetet i Bergen har dekt 373.000 kroner i advokathjelp frå Simonsen Vogt Wiik som Hagen har hatt i samband med vervet. Samstundes har det vorte understreka at Hagen har sete i styret som privatperson og ikkje som rektor. 

Stiftinga som har vore i søkelyset den siste tida, har i mange år støtta forsking i Bergen, både ved Universitetet i Bergen (UiB) og Haukeland universitetssjukehus. 

Dessutan har forskingsmiljø i Tromsø fått pengar. Truleg vil det verta sendt meir nordover, ettersom Trond Mohn Stiftelse og Tromsø forskningsstiftelse skal samarbeida ei eiga UiT-satsing.

Pengane til Tromsø er eit resultat av ei vedtektsendring i Trond Mohn Stiftelse. Etter endringa seier no vedtektene at stiftinga støttar forsking som fortrinnsvis skal skje i samarbeid med institusjonar lokaliserte i Bergen. Tidlegare var det eit krav at institusjonar som fekk støtte hadde samarbeid med institusjonar som heldt til i byen.

Og det var i samband med desse endringane at Hagen bad om hjelp frå juristar, som ikkje var tilsette ved Universitetet i Bergen. 

Slik forklarte ho det for Bergens Tidende:
«— På grunnlag av sakens kompleksitet, ba jeg om en samtale med daværende universitetsdirektør Robert Rastad for å rådføre meg om hvordan jeg best kunne håndtere saken og samtidig ikke komme i en habilitetskonflikt som styremedlem, gitt at jeg også er rektor ved UiB».

Snurrig forståing

Dette er rekningar jussprofessor Eivind Smith meiner universitetet ikkje skulle ha betalt. Torsdag sa han til Khrono at i verste fall har universitetet brukt statens midlar for å dekkja advokatutgifter for ein «privatperson».

Men samstundes meiner han det er vanskeleg å skilja med privatpersonen og rektoren Hagen

— Så lenge stiftingsstyret behandlar saker som gjeld interessene til UiB, er Hagen sjølvsagt rektor for det same universitetet. Førestellinga om at ho i styret plutseleg opptredde berre som privatperson, er ganske snurrig, for å seia det sånn, sa han til Khrono.





Jan Erik Askildsen vert ny styremedlem

I meldinga til Khrono i kveld skriv Margareth Hagen at Trond Mohn Stiftelse er unik i norsk samanheng. 

«Stiftelsen gir forskningsmiljøene et enestående fortrinn i det langsiktige arbeidet med å styrke kunnskapsmiljøer og bygge kompetanse på høyt internasjonalt nivå. De sjenerøse gavene fra Trond Mohn og familien har gitt universitetet muligheter til å bygge sterke forskningsprosjekter innenfor et bredt spekter av fag.»

Vidare fortel ho at Jan Erik Askildsen vil erstatta henne i stiftingsstyret. Askildsen er samfunnsøkonom og dekan ved Det samfunnsvitenskaplege fakultetet ved Universitetet i Bergen, og har lang røynsle og kjennskap til eksternfinansiert forsking, skriv ho.

Margareth Hagen kom inn i styret for Trond Mohn Stiftelse, oppnemnd av UiB , i 2017. Ho vart vald til rektor ved Universitetet i Bergen våren 2021. 

Powered by Labrador CMS