Debatt ● ramchaNd og sant
Korleis gjer me stipendiatar til akademikarar?
Å komprimera all undervisningstid inn i eitt år, er verre for stipendiaten og resulterer i dårlegare undervisning, skriv ein stipendiat og ein professor ved UiT Norges arktiske universitet.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Onsdag 3. februar vedtok Fakultet for humaniora, samfunnsvitskap og lærarutdanning (HSL) ved UiT å implementera ein 3+1-modell for ph.d.-forløpet for all offisielle stipendiatstillingar ved fakultetet. Denne endringa gjer at stipendiatar, i staden for å undervisa 25 prosent i laupet av heile det 4-årige ph.d.-programmet, no må fullføra forskingsprosjektet sitt innan tre år, og ved fullføring innan 3 år kan dei få eit fullføringsstipend på 6 til 12 månader, kor dei hovudsakleg underviser. I innspelsrunden som leia opp til dette vedtaket såg me stor variasjon og mykje nyanse i kva tilsette tenker om kva ph.d.-programmet er og bør vera.
Bli varslet om debatt og nyheter
Last ned Khrono-appen og få varsel om den viktigste debatt og de viktigste nyhetssakene.
Last ned til iPhone - Last ned til Android
-
Vedtaket om 3+1-piloten kan ha mykje å seia for stipendiatane sin kvardag og karriere som forskarar og undervisarar. Me trur valet om å vedta piloten, blei tatt for å auka fullføringsraten til stipendiatar ved HSL-fakultetet på UiT, men me trur ikkje det kjem til å ha den ønska effekten, i alle fall ikkje utan å drastisk redusera kvaliteten på både forskinga og opplæringsdelen av graden.
Mens me trur på at dei som tok valet, gjorde det med beste intensjonar om å hjelpa stipendiatar å komma seg gjennom graden i laupet av tre år, argumenterer me for at dette ikkje er den riktige vegen å gå for å oppnå dette. I dette åpne brevet ønskar me å åpna opp for ein større nasjonal diskusjon om kva prioritetane våre bør vera når det gjeld ph.d.-utdanninga i Norge, særleg når det gjeld karriereprogresjon i norsk akademia. Viss opplæringa av akademikarar, og bidraget til forsking, både på doktorgradsnivå og i framtida, verkeleg er topprioritetane våre, er dette formatet for ph.d.-utdanning eit feilsteg.
Me skriv saman, ein universitetsprofessor med 16 års erfaring som tilsett ved UiT (og som tidlegare har vore fast tilsett ved Oxford University), med 12 suksessfulle ph.d.-studentar under beltet, og ein nyleg tilsett stipendiat ved UiT med ei direkte forståing av behova og utfordringane som møter ho i begynnelsen av reisen hennar i akademia. Her er grunnane for å sterkt motseia implementeringa av 3-årige ph.d.-program for humanistiske fag ved institusjonen vår.
3+1-progresjonsstrukturen har til tider blitt rasjonalisert med ideen om at det er undervisninga som tek mykje tid og sakkar ned stipendiatane progresjonsmessig. Ved HSL er det stipendiatane med 4-årig kontrakt som har større sjanse for å gå utanfor normert tid, og dei stipendiatane seier sjølv det er undervisninga som har tatt meir tid enn forventa.
Erfaringa vår, og erfaringa til fleire som protesterte vedtaket, er at me ikkje ser teikn til at undervisning i seg sjølv forsinkar progresjonen. Tvert imot har det vore ein måte å integrera, stimulera og trena unge forskarar ved institusjonen på. Stipendiatane får positive innslag og tilbakemelding for å ha gjort noko med synlege, handfaste utfall på ein måte som forsking ofte ikkje tilbyr. Undervisning gir struktur i semesteret, og det gir meir positivitet i kvardagen.
Inntrykket frå stipendiatane ved ISK som har 4-årig kontrakt, kor 25 prosent av tida går til undervisning gjennom heile graden, er at det gir ein balanse i kvardagen som gir rom til å reflektera over forskingsprosjektet mens ein utfører andre, relaterte oppgåver på arbeidet. Dette er òg ei viktig erfaring i seg sjølv, og det reflekterer betre korleis arbeidskvardagen kjem til å bli for dei av stipendiatane som skal vidare i andre akademiske stillingar.
Stipendiatar treng erfaring med å ha måtta handtera fleire arbeidsoppgåver om gongen. For å hjelpa stipendiatene som synest det tek lengre tid enn forventa, kunne me godt tenkt oss eit større fokus på pedagogikkopplæring blant stipendiatar.
Vår erfaring og meining er at det er dei studentane som er engasjerte, involverte og som underviser på ein strukturert måte gjennom semesteret, som òg er engasjerte, involverte og som er samvitsfulle i deira eigen ph.d.-progresjon.
Det er når det ikkje er nokon emne å ta eller undervisa at stipendiaten forsvinn i si eiga hule, overtenker og skaper sine eigne intellektuelle krisar. Stipendiatar mislykkast i hovudsak på grunn av (i) mangel på struktur, eller (ii) eit prosjekt som er ugjennomtenkt frå begynnelsen av. Desse problema kjem ikkje til å gå bort ved å ta bort den strukturen dei har i form av pliktarbeid.
Når det gjeld dei positive akademiske effektane ser me at kontinuerleg undervisning og læring, på alle nivå i løpet, er kjerna i den læringa og profesjonaliseringa som gir utslag i intellektuell modenheit og forståing for eins verk, noko som berikar og tilrettegjer ph.d.-prosjektet heller enn å halda stipendiaten tilbake. 3+1-modellen kjem til å fjerna den berikinga, vera meir stressande og straffande og produsera snevrare og mindre risikofylte ph.d.-prosjekt.
Sjølv om det verkar som eit rimeleg mål å hjelpa stipendiatar å fullføra innanfor normert tid, har «normert tid» ofte blitt tolka som innanfor seks år ved departementet, inkludert sjukemeldingar, permisjonar og anna. Til kva grad stipendiatar fullfører innanfor denne normeringa, påverkar tildelinga av framtidige stipendiatstillingar frå departementet.
Me argumenterer ikkje for at stipendiatar skal fortellast at dei kan ta seg så god tid som dei vil - me forstår at det er viktig for stipendiaten og fakultetet at stipendiaten fullfører innan den 3-4-årige finansieringsperioden, særleg for den økonomiske tryggleiken stipendiaten får. Men me meiner presset til å fullføra innan normert tid allereie finst, både i form av rettleiarar, oppfølging frå instituttet og frå stipendiaten sjølv. Med dette perspektivet ser me på 3+1-modellen som unaudsyn straff oppå det presset som allereie finst, og me trur resultatet av dette blir forskingsmål med lågare risiko og mindre fagleg fotspor.
Å komprimera all undervisningstid inn i eitt år, er verre for stipendiaten og resulterer i dårlegare undervisning .
Stipendiaten treng tid til å opparbeida seg undervisningserfaring og modna som formidlar. Viss stipendiaten får moglegheit til å undervisa i laupet av heile det 4-årige programmet, får dei opparbeida seg erfaring på ein meir heilskapleg måte. Dei får moglegheit til å utvikla samarbeidsevna si (fordi dei skal undervisa saman med andre tilsette), og dei utviklar evna til å moderera fagformidlinga si til forskjellege målgrupper.
For stipendiaten er det unaturleg å skulla bli ferdig med sjølve prosjektet, for så å berre fokusera på undervisning det neste året. Viss stipendiaten ikkje er erfaren med å undervisa, kan dette bli overveldande, og stipendiaten får ikkje like godt rom for forbetring i laupet av den totale undervisningsmengda dei skal ta på seg. Fakultetet taper òg på å legga undervisningsarbeid på alumnar med lite til ingen undervisningserfaring — dette resulterer i dårlegare undervisning for studentane.
Me er òg skeptiske til konseptet om å belønna suksessfulle stipendiatar med undervisningsstipend. 3+1-løysinga, kor undervisningserfaringa er ein bonus for å fullføra, betyr at stipendiaten risikerer ikkje å få nokon undervisningsopplæring i laupet av graden. Viss dette ekstra insentivet til å fullføra innan tre år, ikkje er nok, kjem fleire uteksaminerte stipendiatar frå HSL til ikkje å ha undervisningserfaring, som gir dårlegare moglegheiter for tilsetting i faste akademiske stillingar.
Faktisk ser me at, viss me vurderer ph.d.-utdanninga i den breiare konteksten av endrande karrieremønster i akademia, så verkar det for oss som at presset til å tileigna seg kunnskap, overførbare dugleikar og profesjonell handtering av arbeidslivet har auka merkbart over dei siste 20 åra. Unge forskarar kjenner på forventinga om å produsera ny forsking i meir og meir konkurransesterke og raskt utviklande felt. I tillegg ser me at til og med humanistiske fag til større grad ser på digitale og kvantitative dugleikar som eit krav heller enn ein bonus, og det blir òg forventa at stipendiatar skal presentera arbeidet sitt på internasjonale konferansar på høgt nivå og publisera i toppnivå-tidsskrift før avhandlinga dei overhovudet er ferdig. Og dette er i tillegg til å ha ein sterk undervisningsportefølje.
I staden for å flytta til eit format for ph.d.-utdanninga som underbygger ei meir gammaldags 3-årig ramme, som kan ha smertelege konsekvensar, burde universiteta tenka på meir konstruktive måtar å gi studentar på dette nivået tida til å tileigna seg dugleikane dei kjem til å trenga for å bli høgtfungerande akademikarar og engasjerte lærarar.
Dessutan treng me å tenka på heile karriereløpet og ikkje berre snevert på fullføringsraten for stipendiatar. Det var i fjor mykje offentleg diskusjon nyleg om rolla til tilsette i postdoktor-stillingar og faren ved å utnytta unge forskarar i usikre stillingar til uviss tid utan å gi dei ein realistisk karriereveg til stabile akademike karrierar. Eitt eksempel er Ingrid Falkum, som var i midlertidige stillingar i akademia i 14 år før ho fekk fast stilling. Det same gjeld på ph.d.-nivå — dette er formative år kor unge akademikarar tileignar seg ein grunnmur for forsking og undervisning som dei kjem til å bygga på i resten av karrieren sin. 3+1-modellen, som kan samanliknast med ein gulrot-og-pinne-modell, reduserer ph.d.-programmet til ein kortvarig forskingskontrakt tilrettelagt for ein meir etablert forskar eller eit allereie etablert prosjekt.
3+1-modellen kan kanskje fungera for nokre stipendiatar og nokre program, som f.eks. lærarutdanninga eller ph.d.-program kor prosjektettemaet er bestemt i forkant og kor data må samlast inn og analyserast innanfor prosjektfinansieringsperioden. Me ser at problema og utfordringane stipendiatar møter, varierer på tvers av faggruppe, og derfor blir det urimeleg å anta at alle faggrupper kjem til å vinna på denne nye modellen.
I innspelet til og gjennomslaget av 3+1-piloten ved HSL ser me at det er sprikande meiningar om kva formålet er med ph.d.-programmet og kva dugleikar me vil at stipendiatar skal ha når dei er ferdige med graden. Kor går balansen mellom gode fullføringstal og faste rammer, og utviklinga av spennande, nytenkane forskarar som òg er engasjerte formidlarar? Og kva blir konsekvensen av å treffa feil i denne balansen, for akademia og for samfunnet som treng denne akademiske grunnmuren?