forskingsformidling
Kritiserer UiB for formidling om abort: — Problematisk
Det framstår som det er Universitetet i Bergen som kjem med synspunkt i abortdebatten, meiner kjønnsforskar Kjersti Aarstein.
Kommunikasjonsavdelinga ved Universitetet i Bergen (UiB) har ei tid invitert forskarar til å ytre seg om faglege og samfunnsaktuelle spørsmål under emneknaggen #UiBforklart. Det har gått stille og roleg for seg.
Heilt til professor i filosofi, Espen Gamlund, kommenterte abortdebatten.
No går to kjønnsforskarar ut mot både universitetet og filosofiprofessoren.
— Det framstår som at det er UiB som institusjon som kjem med synspunkt på abortdebatten, og det er problematisk, seier førsteamanuensis Kjersti Aarstein ved Senter for kvinne- og kjønnsforsking (SKOK).
I eit debattinnlegg i Khrono kritiserer Aarstein og kollega og leiar ved SKOK, Kari Jegerstedt, UiBs måte å formidle Gamlunds innlegg på.
«Spalta «UiB forklart» gir (...) uklare rammer for Gamlunds bidrag, siden den kan gi inntrykk av at det er Universitetet i Bergen som uttaler seg om abortspørsmålet», skriv dei innlegget.
—Universitetet i Bergen som institusjon bør ikkje vere avsendar. Det gjeld ikkje berre Gamlunds bidrag. Slik det er no, blir det uklart om det er UiB som forklarar eller om det er forskaren, seier Aarstein.
Ho synest derfor universitetet bør revurdere denne måten å drive forskingsformidling på.
— Kan ikkje vere avsendar
Bakteppet for Gamlunds bidrag er KrFU-leiar Ingrid Olina Hovlands omdiskuterte utsegner om at kvinner bør bere fram barn etter valdtekt.
Gamlund tar opp etiske, juridiske og moralfilosofiske sider ved abortspørsmålet — og forsvarar ytringsfridomen til KrFU-leiaren. Ho står for «et legitimt synspunkt som bør diskuteres på linje med andre synspunkter», skriv Gamlund mellom anna.
Aarstein seier det ikkje er noko gale i seg sjølv med at Gamlund ytrar seg om abortspørsmålet, tvert imot.
— Men i formatet «UiB forklart» får innlegget status som ei nøytral framlegging av premissane for debatten, medan det eigentleg er ein påstand om kva spørsmål som er sentrale og legitime. Det gjeld for eksempel spørsmålet om korleis unnfanginga gjekk føre seg. Gamlund har rett til å påstå, men UiB har ikkje ein forskingsredaksjon, og kan ikkje vere avsendar av ein slik påstand.
Gamlunds kommentar er samstundes mangelfull i seg sjølv, ifølgje Aarstein.
— Fordi dette er ei sak som ikkje berre knyter seg til moralfilosofi, men også politiske maktforhold.
I debattinnlegget i Khrono skriv Aarstein og Jegerstedt: «Gamlunds «forklaring» av abortdebatten fra et moralfilosofisk ståsted ser bort fra de historiske og politiske aspektene ved abortspørsmålet».
På Facebook-tråden til #uibforklart har Aarstein karakterisert bidraget frå Gamlund som et «utrolig pinlig utspill».
UiB: — Ein vesentleg del
UiBs kommunikasjonsdirektør Anne Line Grepne svarar på kritikken i e-post til Khrono.
Ho skriv mellom anna at «forskningsformidling og deltagelse i samfunnsdebatten er en vesentlig del av UiBs samfunnsoppdrag» og at dei jobbar gjennom mange kanalar for å få dette til.
Grepne skriv at «det er selvsagt viktig for oss å være tydelig på at spalten ikke er uttrykk for et institusjonelt ståsted og i videre arbeid vil vi legge til rette for at dette ikke kan misforstås».
Vidare skriv kommunikasjonsdirektøren at «I denne saken er avsender tydelig gjennom bruk av bilde, sitattegn og navn og tittel på den som uttaler seg. Vi har også, som hovedregel, kommentarfeltet åpent under disse innleggene. Vi ønsker debatten velkommen!»
— Bør vere audmjuk
Aarstein legg ikkje skjul på at ho synest det ville vere naturleg å innhente fleire faglege perspektiv på abortspørsmålet.
— Når du skal innhente faglege synspunkt på ei så betent sak som abort, er det viktig å vere tydeleg på kva forsking som ligg til grunn for det som blir sagt, seier Aarstein.
— Men etikk, som filosofen tar opp, er vel relevant?
— Absolutt. Og i ei sånn sak er det ikkje minst viktig å tenke gjennom si eiga forskingsformidling som ei moralsk handling. I nokre tilfelle vil det mest moralske vere å tipse om andre som har forska på saka, seier Aarstein.
Espen Gamlund seier UiB må svare for formatet, men han ser ingen grunn til at han ikkje skulle uttale seg om abort.
— Har forelest i 10 år
— Eg har forelest om abort i ti år og kjenner den etiske forskingslitteraturen svært godt. At eg som moralfilosof ikkje skulle uttale meg om dei etiske sidene ved abort, fall meg ikkje inn som ei problemstilling, seier Gamlund.
Han seier han fekk spørsmål om å komme med ein kommentar i lys av KrFU-leiaren sine utsegner om abort etter valdtekt, og at han valde å fokusere på nokre sentrale etiske spørsmål i abortdebatten, som korleis vege retten til eigen kropp opp mot omsynet til fosteret.
— Eg prøvde å plassere KrFU-leiaren sitt standpunkt i den etiske diskusjonen og få fram kva som står på spel innanfor dei rammene eg var gitt. Det er klart at med 400—500 ord til disposisjon må du gjere eit utval, seier Gamlund.
