politikk

Kvinnene mest aktive på Stortingets talarstol

Kari-Anne Jønnes frå Høgre er den frå utdannings- og forskingskomiteen som har mest taletid på Stortinget. På dei neste plassane er det òg kvinner.

Eg ser på det som ei plikt å bruka stemma mi, seier Kari-Anne Jønnes. Her stiller høgrepolitikaren eitt av fleire spørsmål for forskings- og høgare utdannignsminister Ola Borten Moe i Stortinget.

— Det er veldig lenge!

Kari-Anne Jønnes (H) humrar.

Khrono har telt opp kor mange minutt stortingsrepresentantane i utdannings- og forskingskomiteen har snakka i stortingssalen. Jønnes er på topp, med 202 minutt frå oktober i fjor til og med juni i år. På botn finn vi Øystein Mathisen frå Arbiederpartiet med 26 minutt.

Opposisjonspolitikeren frå Høgre, Kari-Anne Jønnes, har altså snakka i over tre timar totalt sett, og ho har vore på talarstolen kvar einaste månad, syner oversikten frå Stortinget.

— Det tok ikkje så lang tid frå eg vart vald inn på Stortinget til eg skjøna at stemma mi betyr noko for mange. Eg er den einaste frå Høgre frå Oppland valkrins, seier ho.

Løfta barnehagesak

April var den månaden der Jønnes var aller mest aktiv.

— Då hadde eg ein interpellasjon om barnehage. Eg er så heldig at eg har ansvar både for dei minste og dei største, seier høgrepolitikaren.

Ho seier at ein interpellasjon er ein måte ho, som sit i opposisjon, kan eiga ein debatt om store saker på.

— Eg har òg hatt lange innlegg i ei sak om Iran, om studentopprør der, og eg har snakka om regjeringa sin nordnorgepolitikk — eller mangel på den. Eg rekk ikkje å vera i stortingssalen i alle møte, men prioriterer å vera der i større samfunnsdebattar eller når ein diskuterer saker som òg er viktige for mitt felt.

Prøver å svara alle

På dei neste plassane kjem Grete Wold frå SV, Hege Bae Nyholt frå Raudt og Margret Hagerup frå Høgre. Først på femteplass kjem første mann; Abid Raja.

I opposisjon ha rein fleire verktøy, seier Grete Wold frå SV. Ho er godt nøgd med at det er kvinnene frå utdannings- og forskingskomiteen som tek ordet oftast.

— Eg er SV sin einaste representant i komiteen, og har sakseigarskap i alle saker, seier Wold.

Ho har berre site i utdannings- og forskingskomiteen sidan i vår, men òg forgjengar Freddy André Øvstegaard var aktiv. 79 minutt har han i taletid frå oktober i fjor, mest i desember og januar då han framleis sat i utannings- og forskingskomiteen.

— Det er viktig å vera aktiv når ein skal gå inn i eit nytt fagfelt— Og Stortinget har landets viktigaste talarstol, seier Wold.

— Kor viktig er det for deg å vera synleg?

— Det er heilt avgjerande. Som politikar må ein ha tillit, og den tilliten må ein fortena. Eg lyttar til alle innspel og har som mål å svara på alle sms, e-postar og telefonar som kjem.

Jobbar på ein annan måte

Ser ein på spørsmål stilt til statsråden, er det Jønnes som er på topp her òg, med 12 spørsmål frå 2021-22 og ti frå 2022 og fram til første halvår i år. Med i denne oversikta er både interpellasjonar, spørsmål i spørjetimen, munnlege og skriftlege spørsmål.

Jønnes seier at som opposisjonspolitikar brukar ho spørsmål til fleire ting. Av og til lurer ho på noko, andre gongar treng ho informasjon for å kunne jobba vidare med ei sak.

— Det er i forskingskomiteenr ein har høve til det, og eg kan stilla spørsmål som er av interesse for mange, seier Jønnes.

Lise Selnes og Per Vidar Kjølmoen frå Arbeiderpartiet utanfor Stortinget. Selnes sit i utdanning- og forskingskomtieen, Kjølmoen i næringskomiteen. - Det er viktig å vera synleg, og for meg er ein god relasjon til Khrono noko av det viktigaste. I tillegg er eg mykje ute og møter folk, seier Selnes.

Lise Selnes tek ein telefon eller sender ein e-post dersom ho lurer på noko. Regjeringspartia sine representantar i komiteen er mindre aktive på talarstolen enn dei i opposisjon.

— Dersom du ser på førre periode vil eg tru du vil sjå motsette tal. Me som representerer regjeringspartia har som oppgåve å forsvara politikken, seier Selnes.

Ho rosar Jønnes for at høgrepolitikaren er aktiv og stiller mange spørsmål.

— Eg stiller òg mange spørsmål, men ikkje frå talarstolen.

Selnes seier at ho jobbar på ein annan måte når ho sit i posisjon. Ho er oppteken av å vera mykje ute og treffa folk, og seier ja så ofte ho kan til å delta i panelsamtalar og anna.

— Eg er sektoren sin talsperson inn mot eige parti, seier Selnes.

Før ho vart vald inn på Stortinget var ho ordførar i ti år.

— Eg har alltid teke telefonen når nokon ringjer, men som ordførar var eg ikkje proaktiv med å få ut saker. No er det å vera synleg svært viktig, både gjennom å skriva debattinnlegg og stilla opp til intervju, seier Arbeiderparti-politikaren.

Powered by Labrador CMS