Debatt ● ada margrethe seim
La oss snakke om studentøkonomien, ikkje om meg
Eg er ikkje eit offer. Eg føler meg ikkje krenka. Eg opplevde ikkje situasjonen som ubehageleg, og dette er ikkje saka, skriv studentleiar Ada Margrethe Seim.

Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Torsdag 27. november deltok eg som studentleiar ved Universitetet i Søraust-Noreg i Dagsnytt 18. Temaet var viktig: Kvifor studentar som bur i studentbustader fell utanfor Noregspris-ordninga. Med meg i studio sat direktøren for Studentsamskipnaden i Søraust-Noreg. Vi hadde ei tydeleg og sakleg meiningsutveksling om eit spørsmål som rører ved tusenvis av studentar.
Etter sendinga har noko heilt anna fått merksemda. På veg ut av studio kan det, i eitt kort augeblikk fanga på kamera, sjå ut som om direktøren er borti meg på ein måte som nokon meiner er uakseptabel. Eit klipp av dette er blitt delt i sosiale medium, og fleire spekulerer no i om eg vart krenka.
Pressa har kontakta meg gjentekne gonger for å få ein kommentar. Der at eg har svara med at «mi oppleving er at Stormoen og eg, på veg ut av studio etter sendinga i Dagsnytt 18, var i ferd med å kollidere, og eg merka eit vennleg klapp på ryggen i den forbindelse. Utover eit vennleg klapp på ryggen, opplevde eg ingen berøring. Eg ynskjer ikkje å kommentere dette ytterlegare.».
Eg vil derfor seie dette éin gong, tydeleg og offentleg: Eg er ikkje eit offer. Eg føler meg ikkje krenka. Eg opplevde ikkje situasjonen som ubehageleg, og dette er ikkje saka.
Dei einaste reelle ofra i denne debatten er studentane som no står i ein svært vanskeleg økonomisk situasjon, og som i tillegg er utelatne frå Noregspris som andre hushald får. Det er dette vi burde snakke om. Det var derfor eg stilte i Dagsnytt 18. Det var dette som var, og framleis er, bodskapen min.
Det er viktig å ta uakseptabel åtferd på alvor, og det er viktig å tru på dei som seier at dei har vore utsette for noko. Difor er det også eit paradoks at eg no, når eg seier at eg ikkje har opplevd noko kritikkverdig, blir møtt med tvil. Vi veit at kvinner ofte må kjempe for å bli trudd når dei seier dei er offer. Eg hadde aldri trudd at eg skulle måtte kjempe for å bli trudd når eg seier at eg ikkje er det.
Denne saka handlar ikkje om ei handrørsle eller eit augeblikk av misforståing fanga på kamera. Den handlar om korleis studentar som allereie lever med landets strammaste privatøkonomi, skal bli behandla som fullverdige borgarar. Den handlar om korleis dei skal få den same støtta som alle andre, eller om dei skal halde fram med å subsidiere ein stat som ikkje prioriterer dei.
Derfor håpar eg pressa, kommentatorar og andre som no diskuterer dette, kan vende tilbake til det som faktisk betyr noko. Ikkje meg, ikkje eit viralt klipp, men økonomien til studentane.
La oss bruke tida og merksemda vår på det. Det skuldar vi studentane og den politiske debatten.