Debatt ● Sigmund Sunnanå

Lærarrekruttering — ei historie om fortida for framtida

I vårt land har lærarutdanninga for grunnskulen på om lag 70 år gått frå å vera eit av dei mest populære studia til å bli eit av dei minst populære. I dette innlegget vil eg peika på nokre av årsakene til dette.

Sigmund Sunnanå var sekretariatsleiar i Lærarutdanningsrådet frå 1968 til 1973. Då var interessa for lærarutdanning stor. — Eit par gonger blei eg intervjua på Dagsrevyen om kor mange som hadde søkt, kor mange som ikkje hadde fått studieplass og kva dei som ikkje hadde fått studieplass, kunne gjera for å stå sterkare i konkurransen neste år.
Publisert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Eg var sekretariatsleiar i Lærarutdanningsrådet frå 1968 til 1973. Rådet hadde mellom anna ansvaret for den faglege utviklinga av lærarutdanninga og stod for opptaket til denne utdanninga. Det var då om lag 6000 søkjarar til 2000 studieplassar. Det var mest like vanskeleg å koma inn på lærarstudiet som medisinstudiet. Konkurransen var hard, ein måtte ha toppkarakterar frå examen artium pluss tilleggspoeng for å få plass på dei mest populære lærarskulane. Lærarutdanning blei sett på som ei god utdanning for eit viktig yrke.

Som leiar av sekretariatet fekk eg ofte besøk av folk, til og med stortingsrepresentantar og toppfolk i nærings- og kulturliv, som hadde barn, barnebarn eller venner med barn som var sterkt motiverte og hadde spesielle talent for å bli lærarar, men som dessverre ikkje hadde dei karakterane frå gymnaset som det var krav om. Spørsmålet var om eg kunne hjelpa til slik at dei fekk studieplass.

Dei fleste skjøna at det var uråd å gjera unntak frå opptaksreglane. Dette kunne føra til oppslag i Dagbladet! I staden fekk dei informasjon om kva ein kunne gjera for å ha betre sjanse til å kunne bli oppteken neste år, til dømes ved å få tilleggspoeng ved å ta eit års vikariat som lærar, få betre karakterar ved å ta opp att fag som privatist til examen artium eller eit grunnfag ved eit universitet. Faktisk var opptaket av så pass stor nasjonal interesse at eg eit par gonger blei intervjua på Dagsrevyen om kor mange som hadde søkt, kor mange som ikkje hadde fått studieplass og kva dei som ikkje hadde fått studieplass, kunne gjera for å stå sterkare i konkurransen neste år!

Den gode søkjartilgangen heldt seg utover på 1970- og 1980-talet, men gjekk noko ned på slutten av 1990-talet. Dette hadde mellom anna samanheng med at det blei konkurranse med distriktshøgskolane om søkjarane, og dessutan at talet på godt betalte stillingar i oljeverksemda auka. Kring hundreårsskiftet tok ein opp nesten alle som søkte, og ved lærarutdanningsinstitusjonane merka ein at ikkje alle studentar var like godt fagleg kvalifiserte som tidlegare.

Eg hugsar at det var flinke lærarar i Rogaland som sa at med desse krava hadde dei ikkje kunna blitt lærarar.

Sigmund Sunnanå

Då «Pisa-sjokket» kom i desember 2001, blei det viktig for regjeringa med Kristin Clemet som statsråd å styrkja det faglege nivået på alle område i utdanningssystemet. I 2005 bestemte regjeringa at det skulle stillast krav om karakteren 3 i norsk og matematikk frå vidaregåande opplæring for å kunna bli oppteken til allmennlærarutdanninga. Eg hugsar at det var flinke lærarar i Rogaland som sa at med desse krava hadde dei ikkje kunna blitt lærarar. Krava blei endå meir skjerpa då det blei bestemt at i matematikk skulle kravet vera 4. Dette påverka i høg grad talet på studentar i lærarutdanninga, og mange studieplassar blei ståande tomme.

Så vidt eg veit, er det ikkje påvist nokon samanheng mellom karakterar i vidaregåande opplæring og lærardugleik. Det bør vera lærarutdanningsinstitusjonane som tek standpunkt til om lærarstudentar — gjerne undervegs i studiet — har dei fagleg og personlege kvalifikasjonane som trengst for å bli godkjende som lærarar. Det er vanskeleg å forstå at skiftande regjeringar ikkje har gjort noko med opptakskrava. Sidan det var mangel på lærar i grunnskulen, ville det vore meir fornuftig og fylt opp studieplassane med studentar endå om dei ikkje oppfylte krava i norsk og matematikk. Ein kunne i alle fall gjort forsøk med ulike krav til opptak for å kunne vurdera om det var krav som var meir nødvendige enn andre for å kunne utdanna gode lærarar.

På 1990-talet var det mange utgreiingar om lærarutdanning og nye studieplanar for grunnskulelærarutdanninga. På lærarutdanningsinstitusjonane hadde dei ei stund lærarstudentar som fylgde ulike planar. Planen som statsråd Kristin Clemet fekk laga i 2003, var etter mi meining den beste. Stoltenberg regjeringa bestemte i 2010 at vi skulle ha ei todelt utdanning — ei for barnesteget og ei for ungdomssteget. At ein alt ved søknad om opptak måtte velja mellom ei utdanning for 1.- 7. eller 5. — 10. kunne vera så pass vanskeleg at somme let vera å søkja.

I 2017 blei grunnskulelærarutdanninga gjort femårig med obligatorisk mastergrad. Å ta ein slik grad bør vera ei frivillig ordning for studentar og vidareutdanning for lærarar. Ein mastergrad kan vera tenleg for dei som ønskjer stillingar i til dømes i dei spesialpedagogiske hjelpetenestene eller for ein karriere innanfor universitet- eller høgskolesystemet. For dei som ønskjer å arbeida med barn og unge i klasserommet, er ein mastergrad ingen garanti for å bli ein god lærar. Ein lærarstudent kan til dømes ha teke mastergrad i eit fag med svært godt resultat, men likevel mislukkast som lærar i faget fordi han/ho manglar dei pedagogiske og personlege føresetnadene for å kunne formidla fagkunnskapen. For mange som skulle velja yrkesutdanning, blei dessutan ei femårig utdanning sett på som ei lang utdanning med usikre arbeidsforhold og låg status og lønn.

For dei som ønskjer å arbeida med barn og unge i klasserommet, er ein mastergrad ingen garanti for å bli ein god lærar.

Sigmund Sunnanå

Lærarane har i dei siste åra generelt vore misnøgde med lønns- og arbeidsvilkåra. Det har vore streikar som ikkje har ført til betre resultat. Dette har skapt frustrasjonar og medieoppslag som har gitt inntrykk av at lønna er låg og arbeidsvilkåra i skulen vanskelege. Oppslag i media om at lærarar er utsette for vald, trakassering, trugsmål og utskjelling av elevar og foreldre har også i høg grad påverka søkjartilgangen. Læraryrket har fått ord på seg for å vera eit tøft og dårleg betalt yrke.

Det årlege Studiebarometeret viser at grunnskulelærarutdanninga igjen er lågast rangert når det gjeld studentane si vurdering av eiga utdanning. Denne rangeringa har vore den same sidan 2013. 

Det er vanskeleg å forstå at departementet, med skiftande statsrådar, ikkje har teke dette signalet meir på alvor. Studentane etterlyser mellom anna meir og betre praksis. Det kunne til dømes blitt gjort forsøk med alternative opplegg og organisering av utdanninga. Slike forsøk kunne gitt lærarutdanninga auka merksemd og såleis hatt positiv innverknad på rekrutteringa.

Det er grunn til å tru at den nåverande grunnskulelærarutdanninga verkar lite tiltrekkjande på søkjarar. I tillegg til pedagogisk teori og praksis er utdanninga sentrert om få teorifag. Ho startar med at studentane må velja ei omfattande studieeining i norsk eller matematikk. Dette er fag studentane har hatt i 13 år i grunnskule og vidaregåande opplæring. Praktiske og estetiske fag som tidlegare var viktige i denne utdanninga, er det lite av.

På eit seminar på Stord 9. november 2023 la eg fram ei skisse til eit forsøksopplegg med ei 4-årig obligatorisk lærarutdanning med høve til frivillig påbygging til master for studentar og vidareutdanning for lærarar.

Det første studieåret skal gi ei innføring i arbeidet til ein lærar i dagens skule. Pedagogisk teori og praksis og lover, regelverk og læreplanar for grunnskulen er sentrale studieemne. Det bør også vera plass til ei studieeining i eit praktisk eller estetisk fag.

Heile det andre studieåret skal studentane vera i ein kommune/ kommunar der dei skal vera i praksis ved ein eller fleire skular. Lærarutdanningsinstitusjonen gjer avtale med ein kommune/kommunar i nærområdet om dette. Studentane kan her få følgja undervisninga til erfarne lærarar, sjølve undervisa på ulike klassesteg og få rettleiing. Saman med lærarar på skulen kan dei få oppleva starten og slutten på eit skuleår, vera med på planleggingsdagar, møte med foreldre og spesialpedagogiske hjelpetenester m.v. Lærarutdanningsinstitusjonen kan gjennom studieåret arrangera faglege og pedagogiske seminar for studentane.

Det tredje og fjerde studieåret skal nyttast til fagstudium. Studentane skal kunna velja einingar på 15, 30 eller 60 poeng og såleis kunne innrette studiet mot undervisning på barnesteget eller ungdomssteget. Ei studieeining i norsk og i eit praktisk eller estetisk fag bør vera obligatorisk. På www.skolehistorie.no er dette forsøksopplegget presentert meir detaljert.

Eg vil legge fram desse forslaga om tiltak:

  • Nåverande lærarutdanning bør erstattast med ei breiare samanhengande fagleg og pedagogisk utdanning som inkluderer praktiske eller estetiske fag og meir praksis.
  • Lærarutdanningsinstitusjonane bør gjera forsøk med profesjonsretta lærarutdanning der praktisk lærararbeid blir styrkt.
  • Dei spesielle krava til karakterar i norsk og matematikk bør falla bort i samband med stortingsmeldinga om opptakssystemet i høgre utdanning.
Powered by Labrador CMS