studentstøtte
Må ut med sju hundre tusen kroner til studentar som vil til Levanger
Levanger kommune har lova å gi pengar til studentar som melder flytting til trønderbyen i tide.
Fristen var 1. juli, og det er kome inn 113 søknader, melder Trønder-Avisa. 77 av søknadene er alt innvilga.
— Responsen har vore god, seier næringssjef i Levanger kommune, Håkon Okkenhaug, til avisa.
Kommunestyret vedtok tidlegare i år at studentar som oppfyller visse kriterium og melder flytting innan 1. juli skulle få 7000 kroner kvar i flyttestøtte.
Truleg må kommunen ut med kring 700.000 kroner samla til innflytta studentar, anslår Trønder-Avisa
Nabokrangel
Tiltaket fall ikkje i like god jord hos alle, og det var tilløp til nabokrangel etter vedtaket om flyttestøtte i vår.
Nabokommunane retta sterk kritikk mot Levanger fordi dei meinte ordninga gjekk utover deira kommunar, dersom studentar derifrå melder flytting. Det kunne igjen føre til tap av innbyggartilskot frå staten.
Levanger er langt ifrå den einaste kommunen som lokkar studentar med pengar.
I fjor gjorde Drammen kommune eit liknande vedtak som det i Levanger: 7000 til alle som flyttar og innfrir krava. Men der var føresetnaden for å få støtte at studentane hadde minst eitt år bak seg som fulltidsstudent.
I 2023 kunngjorde Bergen at dei ville gi gåvekort på 2000 kroner til studentar som melde flytting til byen. Også den gongen kom det til strid med kommunar utanfor Bergen. «Utidig» var karakteristikken frå ordførar i Sunnfjord kommune, Jenny Følling (Sp).
Buss- og gåvekort
I 2018 vekte det harme i nabokommunane då Kristiansand delte ut gratis busskort i bytte mot å bli borgar i byen. Kristiansand gir framleis studentar busskort for å flytte til kommunen.
Også fleire andre studiebyar, mellom andre Molde og Ålesund, har følgt etter Kristiansand og tilbydd studentane gratis buss, eller andre gode, i bytte mot flytting.
I Volda fekk studentar frå andre stader gåvekort på 5000 kroner for å bli «volding». Ordninga blei avvikla frå og med 2025.

Nylige artikler
Nesten halvparten av de private fagskolene gikk i minus
Partene må bli hørt om ny finansiering av universitetsbygg
Rapport: Dårligere økonomi gir mindre forskning ved universiteter og høgskoler
Forskere krevde betalt for fagfellevurdering. Tapte i retten
Ny redaktør på plass i Khrono: — Helt fantastisk!
Mest leste artikler
Stenger ute alle søkere fra Iran, Russland, Kina og Nord-Korea
Det renner inn med KI-genererte søknader. — Som en flodbølge av KI-skvip
Student ble utestengt i to år etter tre tvilsmeldinger
Berg-Hansen og jeg
Sensitive teknologier: Slik er Norges forskningssamarbeid med «risikoland». Samarbeider mest med Kina om KI