havforskingsinstituttet
Mot ny runde med sluttpakkar for havforskarane
Havforskingsinstituttet er ikkje i rute med nedbemanning. Fagforeining fryktar tap av uerstatteleg fagkompetanse.
Havforskingsinstituttet vil vurdere ein ny runde med tilbod om sluttpakkar. Det stadfestar kommunikasjonsdirektør Marie Hauge til Khrono.
Nyleg avslutta instituttet tilbodet om sluttavtalar som vart lyst ut hausten 2024. Av 26 søkarar har 15 no signert avtale om sluttvederlag. Sluttpakkane gir opptil eit års etterlønn, alt etter ansiennitet.
Korleis Havforskingsinstituttet skal kome i mål med den vidare nedbemanninga, og om oppseiingar blir ein del av dette, er ikkje avklart.
— Vi er ikkje i mål med nedbemanninga som ligg til grunn for langtidsbudsjettet, seier kommunikasjonsdirektør Marie Hauge til Khrono.
— Så langt som råd skal reduksjonen takast med stillingsstopp og auka satsing på intern mobilitet. Vi ser for oss at vi naturleg kan få ein netto nedgang på cirka 15 årsverk i 2025, og at vi truleg må tilby sluttvederlag i tillegg for å kome ned på det kostnadsnivået vi skal vere på.
Uavklart om oppseiingar
Det har lenge vore klart at Havforskingsinstituttet må gjennom kraftige innstrammingar, etter at dei statlege løyvingane er blitt kutta ned. Blant tiltaka er å redusere talet på tilsette.
Det er tidlegare blitt meldt i fleire media at arbeidsstokken må reduserast med 100 færre for å få balanse i langtidsbudsjetta. I utgangspunktet må dermed 85 fleire stillingar bort, men dette er eit usikkert tal, ifølgje kommunikasjonsdirektøren.
— Det kjem an på rammene våre etter revidert statsbudsjett og budsjett i 2026, og
kor stor inntekt vi kan klare å få frå andre eksterne kjelder.
Det er per i dag tilsettingsstopp ved Havforskingsinstituttet.
Frå før har Rederidivisjonen vore gjennom nedbemanning som vart avslutta i 2023.
Som Khrono har omtalt, må Havforskingingsinstituttet parallelt med nedbemanninga handtere ei krevjande varslingssak mot ein av direktørane.
Fryktar tap av kompetanse
Nestleiar i Forskarforbundet ved Havforskingsinstituttet, Terje van der Meeren, seier det er uro blant dei tilsette, som enno ikkje veit om arbeidsplassane deira står i fare eller ikkje.
— Vi har ikkje fått nokon konkrete signal om at oppseiingar står for tur. Vi går utifrå at nedbemanning vil skje i form av naturleg avgang og sluttpakkar, men aktiv nedbemanning med oppseiingar kan ikkje utelukkast. Utanom mindre justeringar er det heller ikkje avklart kva område som må redusere innsatsen, seier han.
van der Meeren fryktar at Havforskingsinstituttet ikkje vil vere i stand til å halde det faglege nivået, og dermed dei pålagde rådgivings- og forvaltningsoppgåvene sine oppe.
— Med stillingsstopp og nedbemanning, med etterfølgande fare for tap av nøkkelkompetanse det vert vanskeleg å erstatte, er det generelt ei bekymring for den faglege utviklinga ved instituttet, seier han.
Endringslogg, 3.3.2025 kl. 13.45:
I saka stod det opphavleg at det vart gjennomført oppseiingav ved Rederidivisjonen, avslutta i 2023. Dette er ikkje rett, då nedbemanninga løyste seg utan oppseiingar med hjelp av naturleg avgang, interne omrokeringar og fem innvilga sluttpakkar.

Nylige artikler
– Det er en borgerplikt å dele kunnskapen
Universitetene skal ikke bli beredskapsmotorer — men de må heller ikke stå på sidelinjen
På tide å lette på trykket, mener UiS-ansatte
Federica Mogherini sier opp som rektor etter korrupsjonsanklagene
Hva venter vi på?
Mest leste artikler
Direktør med uheldig «klaps» på direktesendt TV
På pulten til historieprofessoren låg ein lapp med beskjed om å rydda
Føler seg avskiltet etter søknad om merittering
Slutt på at ansatte kan bruke Airbnb og Booking.com på jobbreiser
Rektor Mogherini arrestert etter korrupsjonsanklager